Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gamal engkultur med tillegg
NEG_12_2677_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_12_2677_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_1.\] Ein delte "engi" innanfor bøgarden i eng, halveng og smågras. Ordet eng bruka dei om likaste bøjane, som hadde vore dyrka. halveng om den som var ein mellomting mellom eng og smågras. Smågras kalla ein det som voks på udyrka mark. "Ekre" bruka ein om finaste bøen. Det var eng som voks der det eingong hadde vore åker. Namnet kom truleg til då ein tok til å minka korndyrkingi og auka feholdet, eller frå fyrste tidi under skiftebruk. Atterle'e kjenner ein ikkje. Tjukkeng var bruka. Vanleg bruka ein det som samnamn på beste engi. Tadeng er ukjent. Småeng var noko bruka, men mest kalla ein det smågraset, og det namnet brukast både om teigen, og om graset ein haustar der. Ordet halveng er nemnt ovanfor. Høyet delte dei opp i tóhøy, hestahøy og småhøy (turka smågras). Tohøy vart turka til kyrne, hestahøyet til hestane og småhøyet til smalen. Hestahøyet var hausta av halvengi og det vart serleg lagt vinn på \[s. 2\] å få det godt innberga. Det beste gøymde dei til vårvinna, "vinnehøyet". Ein brukte ordet utslåtte. Dei var inngjerde dersom dei ikkje låg i tø )x det feet )x ufsar ikkje kunne koma til. Ein brukte og orda langorvslått og stuttorvslått, og det fanns båe delene både i utslåttene og på smågraset. \[\_2\]. Dei rudde både eng og smågras om våren. Det vanlege var å samla kvist og fjorgamalt lauv saman med rive i dungar som dei kalla "runnadynja". Arbeidet kalla dei rydjing. Det var også vanleg å hogga vekk skog, men det var ikkje nokon regel at dette vart gjort i samband med lauving. Det som vart hogt kunne òg brukast til ved. Dei brende "runnadynjene" når det ikkje var fåre for at varmen breidde seg, men ikkje alltid. Om oska vart breidd, kjenner ein ikkje. Dei mest dugande bøndene la steiner opp i røysar. Det var vanleg på eng, men forekom òg på smågraset og i utslåttene. \[\_3\]. Mosen i engi kjenner ein lite til om dei hadde råd mot. Det er fortalt av gamle folk at dei breidde sand på mosevaksne myrar, men det vart lite brukt. Ein kjenner til at dei samla opp høyfrø på låvegolvet under høybergingi. Det nytta dei til å leggja att åkerlappar med. Dette grasfrøet var best, for det hadde ikkje tapt spireenva av varmen i "høykabben". \[\_4.\] Grøfting i myrar og eng er gamal, det galt også smågraset. Kva tid ein tok til med grøfting er noko uvisst, men det er sikkert at dei var tekne til med det for ca 120 år sidan. Dei gamle grøftene \[s. 3\] II er lagde slik at dei munnar i turre bakkar så dei tente til vatning òg. Fleire stader vatna dei. Dei leidde vatnet or små elvar og grøver i opne veiter. Det finns òg døme på at dei vatna samtidig med at dei bar land (urin) på engi. Då slapp dei blanda landet med vatn som dei eller ofte gjorde. \[\_5.\] Dei gjødsla på engi så langt gjødsli rokk til, men fyrste skulle åkeren ha sitt. Ein veit ikkje kva tid dei tok til med enggjødsling, men gamle folk som minnest 70 år attenede, fortel at dei gjødsla engi frå før den tid. Utslåttene vart ikkje gjødsla, heller ikkje smågraset. Til enggjødsling bruka dei mest "smalagarane" (sauegjødsel). Kor sterkt dei gjødsla og om dei brukte visse lassetal på kvart stykke, kjenner ein ikkje til. Truleg var det svak gjødsling etter vår meining. \[\_6.\] Ein kjenner namnet "tjukkeng" for den engi som vart gjødsla. Dei andre ordi det er spurt etter, kjenner ein ikkje no. Ein kjenner ordet "tòhøy" på høy frå gjødsla eng, men om det har samanheng med ordet "tobødn", kjenner ein ikkje til på desse kantar. \[\_7.\] Etter det innbyrdes laget til dei likaste engstykki og tunet å døma, finn ein ikkje nokon fast samanheng her. Mange stader hadde dei beste bøen nedanfor husi, men det er ikkje nokon regel. Siget or tunet, eller or "mottingadammen" (gjødselplassen), kalla dei "hevadasiget". \[s. 4\] Hevdasiget vart elles rekna for skadeleg på åkeren (legde). Om dei veita hevdasiget utover kenner ein ikkje til. Dei andre ordi det er spurt etter, er i alle høve no ukjende. Heller ikkje veit ein om åkrane vart lagde ovanfor dei beste engstykki. Det er elles ikkje truleg, for dei gamle åkrane låg på den beste jordi utan omsyn til laget åt engi omkring. \[\_8.\] Dei gjødsla om våren. Frå gamalt av brukte dei "mokslede" (møkslede). For omlag 60 år sidan vart kjerra og bruka, men bruken av mokslede har halde seg til no. Dei fyrste kjerrene var skral reiskap. Moksleden var laga med tremeiar. Draget var festa til sleden med ei vidjehempe. I vidjehempå var innskøytt ein snu, slik at lasset kunne kvelvast or sleden lettvindt. Dei leste myki med "mykastyng". Det var ein reiskap på skap som ei lang, smal skuffe med ei open spalte bakover i bladet. Skaftet var 70 - 80 cm langt. Framme på "styngen" var sett på jarnbeslag. \[Figur: teikning av Møkastyng\] "Møkastyng" Gjødsli spreidde dei med "mykareka". Eit meir vulgært namn på denne var "lortareka". Ho var utan jarnbeslag og har vore nytta fram til no, men no til anna arbeid. Reke (av jarn) med jarnplate kom i bruk for ca. \[s. 5\] III 60 år sidan. Då nytta ein den både til lessing og spreiding. I nyare tid kom greipen i bruk. \[Figur: Teikning av Lortareke\] "Lortareke." Smuldringi av gjødsli vart gjort med rive og vart kalla "rivling". Rivene var like dei ein no nyttar til høyraking, men var noko grøvare. Beste rivene var laga av osp. Seinare tok ein til å bruka "rissloe" til å rivla myki med. Ein veit ikkje sikkert kva tid. Sloen var laga av stivt bjørkeris og var skapa som ein lang flat riskost, ca 2 m lang og 1,5 m brei. Oppå den sat køyrekaren medan hesten drog han. Han vert nytta av mange endå. No brukar ein òg, lekkharv av jarn (trefotharv). \[\_9.\] Kyrne sleppte dei ikkje på engbeite om våren utan i forknipe. Det var elles ei skam. Sauene vart sleppte på engi ei tid om våren. Haustbeiting var vanleg. Dei tok heim dyri og beitte på håi, og det vart rekna for skade å beita for snautt. Gjerde fanns ikkje, og all eng låg for fefot. I utslåttene og på stølstrædi, beita ein ikkje. Beitingi om hausten skulle tene til å spara det innhausta høyet. \[\_10.\] No beiter dei vanleg ikkje på all engi. Vanleg beiter ein ikkje 1. års eng og lite på kunstig eng i det heile. Dette brigdet har kome litt etter kvart etter at folk hadde fenge gardane utskifte, \[s. 6\] og dei tok til å få opp merkesgjerde. Det har og vorte minder beita på engi ettersom ein såg skaden av det. Dette synet har brigda seg noko att etter ein fekk nøgdi av kunstgjødsel. \[\_11.\] Dette er ukjent. \[\_12.\] Kyrne vart sette inn når dei gjekk på håbeite. På vårstølane brukte dei "vår- floren" medan kyrne beitte i utmarki. Vårfloren låg anten attmed bøgarden eller attmed eit stølstræde. Det var nokså vanleg å gjødsla stølstrædi, men ein kjenner og til at gjødsli kunne køyrast heim på vinterføret. På sumarstølane sette ein òg inn kyrne. Kvart bruk hadde altså to sumarfjøs. \[\_13.\] Ein kjenner til at sauene vart stengde inne i innhegningar om natti for at lambi ikkje skulle få mjølk, og denne sauemjølki vart brukt. Kyrne vart aldri innstengde i innhegningar i beitetidi. Inn- hegningane kalla ein "træde" og det er no vanleg stadnamn. \[\_14.\] For omlag 100 år attende, kjenner ein døme på grindgang. Det var sauene som vart stende inne i grinder (om natti) frå lambi om natti for mjølki si skuld. Grindene vart sette på turre haugar og flytte kvar kveld. Det vart rekna for god gjødsling. Kva nemningar dei hadde på dette veit ein ikkje no. Fleire eldre folk er grindgang ukjent for, så det må ha kome or bruk før 70 - 80 år sidan. \[\_15.\] \[\_16.\] \[\_17.\] og \[\_18.\] er ukjent. \[\_19.\] Ordet trød er kjennt. Det vart truleg nytta i samband med grindgang, men sikkert er det ikkje. No stadnamn. Ordet støl er nytta om sæter og berre det ordet i denne tydingi. \[s. 7\] IV \[\_20.\] Stølstræde hadde dei der det var mogeleg i minsto på vinterføret, å køyra heim høyet. Sumarstølar som ligg høgt til fjells, har ikkje træde. Træde er det vanleg namnet. Det er gamalt med stølstræde her. Stølsslått har halde seg bra, men det finns døme å at han har vorte nedlagd. Dette kjem til å verta meir vanleg no då arbeidshjelpi er dyr og ofte ikkje råd å få. At støls- slåtten har halde seg såpas til denne tid, kjem av at stølshøyet er godt fjellgras, og av at stølstrædet vert gjødsla med myk frå buskapen. Det er mange døme på at folk heller let noko av smågraset stå uslege, og slår stålstrædet. Stølstrædet vart gjødsla, og på same måten som engi heime. \[\_21.\] Ukjent. --- \[\_A.\] Noko av det som her er fortalt er attgjeve etter det eg har høyrt gamle folk som no er død, har fortalt. Mykje av det har eg fått sanna av folk som lever enno. Det er ikkje mykje eg har røynt sjølv. av dette, men mange gamle nemningar har halde seg, gamle veiter til vatning, gamle grøfter på smågraset og opplagde røysar, syner enno, og då eg har fått vita kven som har utført arbeidet med desse, har ein rekna seg til alderen. \[\_B.\] Det meste er avskrive etter forteljing av Nils M. Dolve, 74 år, småbrukar og handelsmann, fødd og oppvaksen på Giljarhus, Voss.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste