Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gamal engkultur med tillegg
NEG_12_2676_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_12_2676_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: I Lidagardane var i 1890-åra i nokon mon tekne til med \[\_skiftebruk.\] I kring 1895 la han far att storåkeren og sådde den til med kløver- og engfrø. Det kom no elles av at han hadde fått inn "vidlemustar" (Raphanus sapha - nistrum) med noko såkorn han hadde bytt til seg på Øvre-Fenno, og som ein trudde ein kunne ikkje verta kvitt utan å leggja åkeren att i 20 år. - \[\_Ekra\] var namnet på dei engstykke som var tilsådde med grasfrø (kjøpefrø). Men dette var tydeleg eit nyare namn, \[\_tjukkeng\] var beste enga. \[\_Attulega\] kunne dei og seia, men det galt visst dei fyrste åra. Hjå oss hadde vi Storekro, Haugekro, Geilahaugen, Kyrkjemyso, Træesteigen og Abluo. Dette siste ned ved Sjurehusæ på NereLid, vel ein gamal åker opp- kalla etter ei Ablu som no ingen elles visste noko om. Ei \[\_ekra\] hadde ein gong vore åker, \[\_tjukkeng\] derimot kunne kanskje i sume høve berre vera sterkt opphevda bø som ikkje var heilt slett. Stundom, men sjeldan kunne ein høyra nemninga \[\_tåbødn\] om engjabødn. \[s. 2\] \[\_Smaoeng\] eller kanskje oftare \[\_smaoengjabødn\] var ringare eng, som for lenge sidan var tilsådd med heimeale høyfrø, eller òg åkerslappar etter husmenn, som hadde grott til etter at husmannsplassane var nedlagde. Hjå oss var det slik smaoeng i ei rimsa ved storåkeren, ved Kakkarehaugen, ved Vetlagroaæ, oppe i Tråæ og på Slettingafloten. Høyet på smaoengjæ gjekk i øykjalødo. Stundom kunne dei kalla all slåttemark utanfor sjølve engjabødn for smao- eng, d.v.s. det som vi elles til vanleg kalla \[\_skrapet\] eller \[\_skrapebødn\]. Skrapebødn rekna dei på Voss i dalarsteigar. Dei var oppmerkte (skulle vera 16 gamle mål; eit mål var 7 åttaalnastenger, eller 8 sju- alnastenger i kvar naut). Hjå oss var det smidje- teigen eller nedste halvdalarsteigen, så var det nedste og øpste dalarsteigen, Hamrateigen som var ein halvdalarsteig, og så Nygjerdslo øvst som var rekna for ein dryg dalarsteig. Nygjerdslo var utgjerd or åsen då dei ca 1800 flytte \[?aosagar-\] den opp frå Bordalsvegen på alle fire Øvre Lid gard- ane. Mesteparten av dei nedre dalarsteigane var langorvslått, men på Hamrateigen og i Ny- gjerslo var det mest like mykje stuttorvslått. Dalarsteigslåtten vart oftast leigd. Slåtteka- ren greidde det godt på ei veka, ofte på fem dagar, og det gjekk gitord om dei som skulle ha slege to dalarsteigar på ei veka. Eg tyk- kjest hugsa det frå fyrst av (1890) var 8 kroner for (eller 10 kroner) ein teig, og dertil kosten. Slåttekaren slo fyrst med langorv det som høvde til det, og for så over kring steinar og krakar med stuttorven. Eg hugsar at han far skjente på meg og han Nils bror eing gong vi hadde slege Nygjerslo med berre langorv. \[s. 3\] brann det så det vart varmt, og det la seg dogg oppå. Ein laut vera svært var med å få teke av det øvste våte høyet for kvar gong ein skulle ha nytt høy oppå, for elles vart høyet skjemt og det vart ei svart rand i kabben. Det beste engjahøyet med kløver i hadde vi i ein serskild kabbe for at det ikkje skulle brenna. I engjakabben skar vi skår, om lag 1 meter brei med amerikansk høykniv, det var visst noko som nyleg var kome i bruk. Før nytta dei høykrok, det same som vi gjorde i smaohøykabben og i øykja- løa. Men så var det ikkje så stor skilnad på høyet i desse kabbane før dei tok til med \[\_kunsteng\]. \[Notat: Når vi køyrde høy, laut ein av oss gutane vera i brotet og \[\_rjoa\]. Vart ikkje høyet godt roe, ville det brenna \[-ut\] ujamnt, og kunna verta skjemt. Dessutan ville ikkje høyet siga skikkeleg når det vart liggjande i ballar. Han far brukte å kasta eit par nevar med salt i høykabben for kvart 3-4 lass.\] 2: Rydjinga gjorde vi om våren, og det var helst kvennfolket som hadde dette arbeidet. Dei gjekk med riva og samla i hop kvist og tros og gamalt lauv og la det i rudningsdyngjer. Dei var årvisse og var lagde i ein krakje eller der det var lagt saman steinar. Eit par kvennfolk kunne ha arbeid ei vekes tid med 3 - 4 da- larsteigar. Ved \[\_rydjinga\] kunne òg karane vera med når det galt om å riva vekk krakar eller å ta vekk steinar som låg meinsleg til for slåtten. Men til vanleg vart berre mindre steinar som hadde frose lause eller var komne opp på annan måte, tekne med ved rydjinga. Kvisthaugane rotna, vi brende dei aldri. Men det hende \[s. 4\] at han far samla dei ihop og køyrde dei heim på meiaslede når dei vart store. Det kunne då gå i grisagarden etter at grovaste kvisten var tekne ut til ved. 3: Eg minnest at han far køyrde mykje hjørva i engja ned med Kakkasehaugane for å få vekk mosen. Og så hadde han på dugeleg med myk for å ta resten. 4: Oppe i åsen var \[\_"aoveitane"\] som leida vatnet ovanfor Lid åt Geilagroæ. Men det var vel helst for å få kvednavatn åt dei 8 lidakvednane. På vårt bruk var det elles òg ei aoveit frå øvre Slettungaflåten bort under Urdane og Hamrane og bort til Bortigardogroæ straks nedanfor Fossen. Denne veitæ var nok berre for å minka på vatnet på bøen nedafor, der det eit par gonger hadde vore små \[\_jordfall\], det nedste om lag 1880 berre eit lite stykke ovanfor husa. Bror min har sidan friska oppatt denne aoveita, men då pro- testerte grannen, han hadde nok vatn før. På Jeitahaugen som han far braut opp og la att til ekra, laga han til ei \[\_fljaoveit\] som han sette vatn i med ei renna or Jeilagroa ovafor Kloppa. Det var sand og raumylda i Jeilahaugen, men når vi vatna, så vart det mykje gras likevel. Han far brukte ei stor torva som han flytte ein kvar gongen, og fekk vatnet til å renna utover, for fljaoveita låg langs etter ryggen på haugen. Det er nett \[s. 5\] Emne 12. Blad nr. 4. same framgangsmåten som eg sidan har sett berberfolket nyttar når dei vatnar åkerlappane sine oppe i Atlasfjella. 5: Engjabøen gjødsla vi med nautamyk, og det var nok gamalt der i grendene. Meir enn halvparten av mykja gjekk til engja. Samalagarden vart også brukt på \[\_bødn\], men grisagarden gekk i \[\_aokorn\]. Etter kvart som det vart for fullt i dam- men om vinteren køyrde vi ut store mykje- dyngjer på åkeren, men på bøen køyrde vi til vanleg fyrst ut om våren og la det i små dynjer, eitt lass, eller eit halvt lass i kvar dynja. Dynjene låg i tette rader, det heitte \[\_å rinda mykje.\] Det måtte helst ikkje vera meir enn eit par dagar før (\_mykjæ\] vart \[\_breidd\] og \[\_rivla\]. \[\_Mykjehjørvæ\] var kjøpt. Ho var av støypejarn, sett i hop av triarma stykke med ein pigg på kvar sida i enden av kvar arm, og med ein hjarteforma jernring til å halda kvar 3 og 3 stykke saman. Eg tykkjest hugsa dei sa at desse hjørvene kom i bruk på Voss ikring 1870. Før hadde dei \[\_rishjørver\] laga av tverrtre og med fastbunde bjørkeris imellom. Når vi rivla myk, brukte vi den sida av hjør- va som hadde dei buttaste tindane. Ein kar køyrde hjørva (med hest) og kvennfolk og born gjekk med riva og raka og rivla mykja nedover. Så kom han far køyrande frå hin kanten og let hjørva gå over den ronda som var laga. På denne måten \[s. 6\] gjekk folket att og fram etter \[\_ronda\] nett såleis som dei gjorde når dei slo etter plogen i åkeren. 6: \[\_Tåbødn\] var den gjødsla bøen, (uttala tåbødn). \[\_Tåhøy\] sa både ho mor og ho bestemor. 7:. \[\_Hevdasig\] var det nedafor \[\_mottungja\] 8: Engja vart berre hevda om våren. Om reidskap, sjå under spursmål 5. Dei brukte greip, mykjegreip til å breia med, men til å lessa med i mottingjene brukte dei både greip og reka. Den siste var heime laga. Mykjesleden var den vanlege vossamykje- sleden. Han hadde berre ei flauta med \[-to\] eit par stabb-bein og \[-to\] eit par sneldebein. Framme var det ei tverrfjøl mellom meiane og bak var det ei stor og brei bakfjøl med ei stor vidje, i til å ta i så sleden ikkje skulle slengja for mykje under køyringa. Dei brukte oftast ein staur til å velta lasset av med. Framme var det ei jarnlykkje til å hekta skokekroken i. Dei måtte ha minst to sledar. Ein leste og ein køyrde. Så hadde vi eit pannebrot til å strika lassa opp på ein stor stein i florsmuren: IIII\\ IIII\\ IIII\\ II. Han Edling R..... køyrde myk og kjeringjæ leste. Så var ho \[-frea\] omhende og langt uti, og utpå dagen sa ho: Nei no lyt eg inn og leggja meg. Å du greie vel eitt lass til! Ikring 1860-70 tok dei til med mykjekjer- rer på hjul til å bruka sumarsdagen, og dei gamle mykjesledene gjekk or bruk 1900. \[s. 7\] \[\_Emne nr. 12\] Blad nr. 2. Utslåtter hadde vi ikkje på Lid, når ein då ikkje skulle rekna Helgasetteien, som var ei utslåtta på plasset Helgaset ovan- for Dala, mest ei mils veg frå Lid. Der var vi ein tur kvar sumar og slo høy- et. Vi hadde ikkje særskill løe der, men fekk ha høyet inn i JohansNilsløo der vi stappa det inn oppå høykabben hans Nils. Det var eit vetralass, og han far måtte vera fyrst då og ta sitt. Vi bud- de oss til med mat og greior når vi skulle til Helgaset, og låg gjerne eit par netter i ei av høyløene der. Var det fint ver, turka vi høyet flatt, det var sjeldan vi hesja på Helgaset. I løda heime var \[\_låven\] i midten, og så var det \[\_høybrot\] på eine sida og det heilt til grunns, og \[\_konnebrot\] på hi sida ova- på floren. Slike løebygningar var det hos alle 8 Lidamennene, dei kunne vera bygde i tida frå 1840 - 1875; vår var bygd i 868. I høybrotet utgjorde \[\_engjakabben\] omlag 3/4, resten var \[\_smaohøygjeild\], for det var berre eit tomt djuv så lenge ein var i engjene. Det var på den sida av brotet som snudde mot smalfloren. Øykja- lødo var bygd som ei serskild sval uta\[-n\]for løeveggen, og det var glugg ut til den ved sida av låvegluggen. Det var beste høyet av skrapet som gjekk i øykja- løda, det som det ikkje var orrerynning i, og som var best turka. For øykjahøyet skulle helst ikkje brenna. \[\_Blomhøy\] måtte ein ikkje ha i øykjaløda, heller. \[s. 8\] ikkje det som det var for mykje finn- topp i. Sume stader på Voss hadde dei to slag øykjahøy, dei tok ut det beste til \[\_nistehøy\]. Slik gjorde dei i Tesdalen. Der hadde dei elles fleire slag namn på enga: Punteng der det voks \[\_silkepunt\] (Agrostis tennis) som var det finaste nistehøyet. Men tilbake til Lid. \[\_Halveng\] var om lag det same som småeng. Når høyet var fullt av grove stylker av orrerynning, mjao- urt (Filipendula ulmaria) og andre grove urter, kalla dei det \[\_brukje\] (der voka- len u ligg mellom u og o, (t.d. endevo- kalen i gardsnamnet Bjørku). Slikt høy slo dei for mest oppe i fjell-liane , og slike frodige fjell-lier heiter \[\_Brukjæ\]. Det finst mange bruker på Voss: i Torfinnsdalen, ovafor Ukvitno på Dala- ne, og mange stader i Raundalen: Meringa- brukjæ, Brukjæ på Langedalen, Brukjæ på Fjellsetdalen. Det same namnet kjem vel att i Brukafossen i Valldalen i Rødal og i Brokkegardane i Setesdalen. Om det er same ordet som i brokkvitel på Voss, det veit eg ikkje. - Ho mor fortalde at i gamle dagar slo dei mykje meir i fjellet enn dei gjer no. Ho minnest at dei Bjørgo slo i Storetonæ på Kulset og stekte høyet. Det var så mykje kåpegras der, og det la seg saman til ei\[-t\] framifrå surhå som kyrne var så galne etter når dei kom heime med det om vinteren. - I engjakabben i brotet \[s. 9\] Emne 12. Blad 5. 10: Han far slutta med å beita i engjene ikring 1895, men før, og mange stader også lenge etter, var det skikken å lata kyrne beita bødn både haust og vår. Smalen beitte på skrapet utover til fyrst i juni då vi buførte på stølen med dei. Vi borna gjætte smalen så dei ikkje skulle koma i åker og eng. Om hausten gjekk smalen på engjabøen til snøen kom. Men etter at vi fekk ekrer, vart dei inngjerde så der kom aldri beist. 11:) Veit ikkje noko om det. 12: Når kyrne og smalen beitte på bøen, vart dei sette inn i floren og smalfloren om kvelden, men om hausten gjekk smalen ut om natta òg. I åsagarden var vårflor til kvart bruk på Lid, men i mi tid var det berre ein av Øvrelida- ne og to av Nerelidane som brukte "\[\_florane\]" som var det vanlege namnet på dei. Floren vår og deira Nistova var nedriden føre 1890, så vi kalla det "florstuftæ". Ved \[-Raune\] Storerudn i Bordalsvegen var ei eldre flortuft frå tida før bruk 1 og 3 vart sifte i 1802. Hyrnesteinare låg endå, det må ha vore ein 20-nautsflor. I florane hadde dei kyrne om nettene ein 14- dags tid om våre føre jonsok. Kvenfolka gjekk dit og mjølka. Mykjæ dei samla i vårfloren, hadde dei utover skrapebødn nærmast til, og der rudde dei skog og stein så det vart ein voll. \[-der\]. Når dei slo i Nygjerdslo, drog dei høyet på \[\_sloe\] "\[\_te vadla\]" for der var det meir sol, og slettare til å leggja teigen. Hjå han Johans-Nils (bruk 6) har dei hatt floren heilt til det siste. Hevda hadde dei nok utover om våren. \[s. 10\] 13:. Attmed vårfloren var det eit kalvatræe. Føre utsiftingi mellom bruk 1 og 3 i 1865 hadde bruk 1 eit grisatræe nedafor husa og eit kalvatræe ovafor husa på bruk 3; og dei fortel at ho Torbjørg sidan sørgde all sin dag over det gode grisatræet som ho miste. \[\_Eit træe\] var ei lita inngjerding som dei hadde beist gåande i. Eit \[\_træe i skogen\] eller på stølen var derimot ei inngjerda slåttemark. Når vi 14: brukte nokre grindar, oftast fire, til å ha smalen innpå om kvelden, eller når det skulle vera klypping eller slakting, så heitte det berre \[\_grindane.\] Grindane vart gjerne sette straks utanfor tunet eller inn til løvebygningen. Ei grind var laga av 4-5 remar med ein staur i kvar ende. Dei var laga om lag som ei veg- grind, men berre mykje smekrare. Når dei vart sette opp, la dei ei laus vidje om staurane i kvart hyrne. Sidan 1900 er dei ikkje i bruk. 19:Oppe i Baret, 150 - 200 ovafor husa på bruk 3, \[-var\] er ein flat som heiter \[\_Tråæ\]. Vi veit om at åsagarden har vore flytt oppover fleire gonger, og ein gong for nokre hundre år sidan har nok åsagarden gått oppe på Båret, slik at Tråæ var nett ovafor garden. Her har nok også den gamle ferdslevegen frå Skutle og Vike gått, og vidare ned til Brynabrui over Rinden og Geilabaret og over Brynalunden. Tråe var der som krøtera stod. Det har vore som eit slag halveng der frå gamal\[-t\] tid. Burtafor Tråæ er Rudningsbaret (på bruk 1). Dette namnet viser òg at åsen (d. v.s.) skogen med sambeite) har gått ned her. \[s. 11\] \[\_Emne\] 12 Blad 6. 20: På dei gamle Lidastølane Løkjane og Hao- set hadde dei \[\_træe\] (jfr. spursmål 13). Stølsbolet til bruk 3 i Løkjane har ikkje vore i bruk etter omlag 1850, men i mi tid hugsar eg enno restane etter ei høyløe som stod nede på træet. På Jonstølen i Raundalen, der han far kjøpte støl til bruk 3 i 1907, var det då eit lite træe til kvart stølsbol. Vårt kunne vera eit par mål. Det vart dugeleg hevda så det var \[\_fint\] snilt med gras. Gamle folk fortalde at desse træa ikkje var så gamle. Det var ein av mennene som fyrst hadde laga seg eit lite træe og hadde hatt høyet inn på flors- lemmen. Året etter kom det eit fælt snøkast etter dei var komne på stølen, og då vart alle bølingane berga med "desso høyæ". Sidan laga dei andre seg træe på Jonstø- len. Dette skulle ha hendt tidleg i 1800-talet. Sume hadde ut hevda om hausten, men mest vanleg var det å ha hevda utover om våren. Dei gjorde det gjerne når dei buførde med smalen. Hevding om våren hadde den føre- munen at når dei klinte træet godt til med myk, så gjorde ikkje smalen så mykje skade om dei braut seg innpå. Høyet frå stølstræet køyrde dei heim til bygdar om vinteren. Var det mykje snø, var det ei fæl brøyting, og difor slo dei seg saman og tok køyringa på same tid. Stundom kunne dei vera hel- dige så dei køyrde høyet på skaraføre, men oftast laut dei brøyta. Det var ikkje så lite høy dei fekk heim frå stølen, sume hadde mange lass. - Johannes Lid Oslo 17. desember 1948.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste