Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Gamal engkultur med tillegg
NEG_12_2069, 2070_Bu_Ål
Transkripsjon av filen #NEG_12_2069, 2070_Bu_Ål
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: Bygdi vor (Leveld) ligg i sudleg helding med nokso bratt lende. Gardarne eller gardstuni ligg i rad og rækkje umlag 100 mtr. Upp fraa flatmyrarne. Nedanfor gardstuni er den inngjerda engi helst kalla jole (jordet) og ovanfor husi er det meste av aakeren. Jordene er for det meste inngjerda med gamle steingjerde antil til utmarki ell til granneeigedomar. Desutan har dei fleste gardane tvo, ja sum- me hadde tri, fire heimstølar som var rudt og inngjerda i heimehamni og vorto brukt til slaattemark, men mange av dessen stølarne er no attlagde. Likeso er det mange som har inngjerda stølsvoll i fjellhamni. 1: Ordet eng har nok vanleg vorte brukt her um all innmark baade heime og paa stølarne, der det var bra med gras. Men heime vart den mest kalla jole (jordet) «ne paa jole», ell teig «ne paa teigi». Teig er no helst nemning paa eit vist engstykke t.d. «trimaalteigen», søre ell nordre teigen o.s.b. I gamal tid daa dei ofto slo meling var det \[s. 2\] vanleg nemningar ein markateig ell ein dalarsteig. Vart ein aaker attlagd til gras- mark ei tid, so kalla dei det «eikre» ell att- legje. Ein stad uppi heimehamni der det har vori braate aaker i gamal tid kallar dei enno «uppaa eikro». Naar dei la att ein aaker ell del av aaker eit aar, so «kvilde» dei aak- eren og kalla det stykke «kjaalve» (kjaalveleg- ning). Der det var mykje og feit gras kalla dei «tjukeng» t.d. tett nedanfor fjøset, ja det meste av jordet, og foret derifraa var hev- defor, aa dei hadde det i ein sers stal ell i eit sers rom, for det skulde gjøymast til ut paa veteren naar kyrni kalva. Likeso var det med foret av kjaalverne (kjaalvefor), og foret av stølsvollarne i fjellet (fjellforet). Uvandare for samnamna «skrapfor», so som fintopfor og starrfor. Utslaattar vart kalla all slaatt i ham- mehagar, myrar og etter bakkjer og gjel i skogen, stutt sagt alt som ikkje var inn- gjerda. 2: Rydning. Noko stor ryddang i ut- slaattarne har vist ikkje vori. Naar det vart slegi kvart aar, so vart all skogsrune nedslegin, og vart det like- vel eindel vier og rabb, so hogde dei ell riste dei um hausten aa kjøyrde det heim til ris aat kyrni ell til ved. Paa engi og innmark sovel som paa støls- vollar har det nok i gamal tid også vorti arbeidt mykje med aa bryta upp stein, det visar alle dei røisar og steingjerder som er uppsette. Men det vart vel helst stein som var i overflaten og som dei \[s. 3\] orka med, med dei jordbruksreidskap dei daa hadde. Det var vist uhorveleg mykje stein i jordi her i gamal tid. Som døme kan nemnast at min beste- far Asle Strand, som kom her i 1835 tok straks til aa arbeide vekk mykje stein. Dei tok store grøftir baade paa jordet og nede paa myrene aa søkte ned stein. Min far fekk braate vel so tri maal stein- full mark, og fraa eg tok ved garden i 1893 til 1930 hadde me braate upp minest sundt og kjøyrd vekk ikring 8000 lass stein, men no kan med ogso bruke slaamaskina paa heile jordet. Det er berre vel 30 maal stort. 3: Mosevaksen eng Nei nokon raad mot mose hadde me ikkje, anna ell aa bryta upp marki. Slikt som kjøpt grasfrø bruktes ikkje her fyr etter 1900, og det kom ikkje mykje ibruk fyr i 1920 aari. Naar dei hadde eit liti nybrot, som dei vilde skulde «grasbinde» seg, so sopte dei ofto saman «høimaa» paa løugolvet aa saadde ut over stykket. 4: Myr og vatssjuk eng. Vatning. Det er eindel store myrar nederst paa eigedomarne her i bygdi. Dei vart uttappa og for det meste grøfta og uppdyrka fyr eg minnes, altso fyr 1880. Det vert for- talt, at det var min bestefar, som fekk folk til aa tappa ut myrarne truleg i 1850-60 aari. Desutan var det vist han som fekk teki eindel grøfter (veitar) lenger \[s. 4\] uppe paa jordet, so det er truleg, at det var eindel grøfting og nybrotsarbeid her i midten av fyre hundreaaret. Nokon vatning av eng veit eg ikkje har vori brukt. 5: Gjødsling Ja. Engi (jordet) vart gjødsla kvar haust, og det har vist vori brukt fraa gamal tid aa brukast enno. Sosnart kyrni hadde beit haai (haan, haarne) um hausten, so kjøyrde dei ut all den møki, som laag att under fjøset etter fyre veter. Den hadde daa leggi aa «brunne» noko, so den smud- rast upp, naar dei spreidde den utover engi. Kor mykje dei skulde gjødsle er ikkje godt aa segja, hadde dei mykji møk, spreidde dei tjukt, men hadde dei lite, som laut dei spreida tunnare. Sauemøki (tallen) hadde dei helst paa myrarne dei som hadde slike, ellest so spreidde dei den paa grasmarki. Tallen laut gravast smaa især naar den vart spreid paa engmarki. No har dei oftast ei gamal treskemaskin aa let tallen gaa gjønom, daa vert den fin. 6: Noko anna namn paa slikt før ell «hevdefor», har eg ikkje høyrt. 7: Nokon sers tanki um det, trur eg ikkje dei hadde, men sjølvsagt laut det no være engmark ell jord som kunna arbeidast til eng nedanfor fjøset der dei hadde «landtrakket» fraa gjødseldynga. Dei la nok ofto aakrarne i bakkar ell paa haugar, men det var vist helst fordi at dei trudde det var sikrare til korn der. \[s. 5\] 8: Helst um hausten. Dersom dei hadde talle (sauemøk) aa ha utover var det um vaaren. Det var umlag dei sama reidskap til eng og aakergjødsling. Møkasleen var og er umlag som ein vanleg sle, men lidt mindre, med ei tverrfjøl fremst og ei bak. So var det tett bott med ei fjøl (flasme) paa kvar side fest til slea- remmen med tvo vidjer. Desse flasmar- ne slo dei upp naar dei læste paa lasset. No seinare har me noko breidare fjølar som me set paa kant, ei paa kvar side. So var dei helst tvo til aa kjøyra ut møki. Dei hadde da kvar sin trereku som dei læste paa lasset med aa spreida den so utover engi. Det kalla dei aa «møkabreie». Det var tungvint og trevalegt aa arbeide med slike trereku, men kva tid dei fekk spader veit eg ikkje so sikkert, truleg i 1870-80 aari. Min morbror Torstein Lappegard, som var smed laga jernskodning paa rekurne «jødnskoreku». Dei laga daa ei lett reku av bjørk. So tok han eit jernstykke aa smiddee det tunt i den eine kant, i den andre kant høgde han eit skar i, der reku vart sett i, og so ein tangi som gjekk uppover paa sidorne og festa med spiker. Desse rekurne var sjølvsagt betre ell trereku. Eg hugsar me hadde ei slik her ikring 1880 som nok var ibruk andaa. Men so vart det greip, eit møkagreip. Slike fekk me her so i 1890 aari, aa daa vart det umlag slutt baade med reku og spade til møkakøyring. \[s. 6\] Dette var det hugsar og har høyrt um reidskaperne. Arbeidsmaaten med møka- køyring og spreiding er umlag den same no som i gamal tid med gjødsling av naturleg eng. Var det lang møkakøyring so raakte det, at dei køyrde ut eindel møk um veteren aa la den i store haugar ell velte lassi av enkeltvis aa spreidde den utover marki sosnart snøen reiste um vaaren. Etterkvart som snøen minka burt um vaaren laut dei passe aa raka rundt møki fyr den vart turr og hard. Dei hadde daa ei vanleg rive aa raka og trød- de sundt møki. Hadde den vorte turr og hard laut dei ha med møkalampar (ein) aa slaa den sundt. Møkalampar var ein bjørke- stav med ein liten krok i enden. Eg skreiv ifjor ei liti utgreiding til Nils Lid um møkalampar og bruken av den. Ikring 1920 aari fekk me kjøpt møkaharv (moseharv) so no er det dei fleste som køyrer sundt møki med harven, so det vert lite raking. 9: Ja, Mor fortalde at i 1850-60 aari brukte dei ofto aa sleppe kyrne ned paa jordet eit bel fyr dugurden, dei «løyste dugurn», som dei sa. Dette var tidleg paa vaaren, naar det vart lite for, «forløyse», og hamni i heimahagarne var daarleg. Men solenge eg hugsar, har ingen slept kyrne paa jordet um vaaren. Sauerne derimot fekk beite paa jordet til aakeren tok til aa «renne» (gro, spire) aa det var mat i heimehamni. \[s. 7\] Aarsak til at dei i gamal tid beitte um vaaren var vel helst at det jamnast vart lite for «forløyse», so dei laut berga krytiri fram paa den maaten. Det var nok sume som hadde den trui at engi vart tjukkare ved det at krytiri beitte um vaaren. Men ved det at det vart beitt, so kom slaatten mykje seinare, og det vart jamt lite hamn (etterslaatt) 10: Det vart vist heilt slutt med at kyrni fekk beite det inngjerda jordet um vaa- ren i 1870 aari og i 1930 aari vart ogso sauen utestengd fraa innmarki um vaaren. Um hausten derimot, naar alt var innhausta let dei alle krytir beite jordet like til snøen kom. No i dei sidste aari, etter at det har vorte so mykje tils- ådd eng (kunsteng) er det nok mest slutt med haustbeiting ogso. Stølsvollarne baade heimstølar og fjell- stølar, har aldri vorte beitt um vaaren, men sosnart dei hadde slegi og faatt inn foret, so slepte dei krytiri inn paa vollen. Utslaattarne vart nok vanleg beitt, men fraa heimstølhamni reiste alle krytir til fjells so ved jonsok bel og so slo dei der sidst paa sumaren. I fjellhamnirne var det nok sume myrar ell gjel t.d. etter ein bækk som dei laut gjæte so det ikkje vart beitt mykje fyr det var slegi. I dei sidste 20-30 aar er det meir slutt med utslaatt i hamnerne. Sjaa meir um dette i utgreidingi mi um staarrslaatt. \[s. 8\] 11: Ja, især paa stølarne. Dei sidste dagarne fyr dei buførte heim, maatte dei fara over vollen aa slaa rundt og spreide ut- over alle møkaræporne baade paa vollen og i kveen. Det var no oftast gjeltleguten som hadde det arbeidet. Han hadde daa ein møkalampar til aa slaa med. Det var som fyr sagt ein bjørkelurk ell stav med ein liten krok ell bøyg i enden. Den møki som var ved fjøset vart ogso køyrd ut um hausten og spreidd over vollen. 12-13) Som fyr sagt hadde dei fleste gardar her fleire heimstølar, og bytte daa paa soleids, at dei var paa den eine um vaaren og ein annan um hausten. Dette var for aa faa hevda (gjødsla) paa fleire stader. Fjøs hadde dei nok som oftast i alfall paa ein av stølarne, men det var oftast smaae og uvande fjøs, so um hau- sten let dei helst kyrni ligge ute paa vollen og um vaaren hadde dei kveen dei hadde kyrni inn i, sauerne hadde dei i høye. Meir um dette seinare. Grunnen til at dei i gamle dagar rudde og gjerda inn so mange stølsvollar i heime- hamni var vel for aa skaffe seg meir slaatt- emark, men ettersom folkehjaalpi minka og arbeidslønerne steig, so syntest dei vel at det ikkje lønte seg aa halde hus og gjerde paa so mange stader, helder ikkje aa leiga slaattefolk paa slik skrapslaat. Stølvoll kallast ogso «gjele» kanskje det er gamlaste namnet «eit inngjele». \[s. 9\] Kor lenge det er sida stølar «inngjele» vart rudt og inngjerda er ikkje godt aa segja, men mange er visst svert gamle. Ein heimstøl vor heiter Gunarstølen. Det gaar segn um at i 1560 aari var det ein her som heite Gun- ar og at det er etter honom stølen har namn. Men dei fleste heimstølar trur eg vart rudt og bygt ikring 1700 og utover. Eg ser i eit delings- dokument millom Leveld og Vats av 1699. Der staar det i kjennelsen: Nysetlidi skal høyre til Leveld, dog saa at Haghjem og Espegaard, som er de øvste garder beholdes deres hidtil havte og opprødte seterstøler i Nysetliern, hvorimod de ei bør formene de andre Leveldinger at opprødde sig sæter til deres gaardes «nødtørft». No er det ikring 20 stølar der, og alle rudt aa inngjerda fyri mine dagar. Mange av heimstølarne er no dei sidste 20-30 aari attlagde «lagt i febeite» og dei gamle husi raatna ned ell vert rivne og burtkøyrde, berre dei gamle steingjer- der ligg att, som eit minne um vore fedres slit og kamp for tilvære. Som sagt har no dei fleste gardarne berre ein heimstøl i bruk, men der har dei vanleg gode hus baade stølsbu og fjøs. Mange har pløgt og arbeidt stølsvollen, so dei no fer meir for av den eine vollen ell dei fekk av tri, fire av dei gamle stølarne. Ja, dette vart nok ein heil del utanum spyr- gjelista, men eg tenkte kanskji det hadde interesse aa vita korleids stølsdrifti har utviklast ned gjønom tidi. \[s. 10\] 14: Grindgang og kveing I gamal tid, brukte dei jamt kveen paa stølarne, som dei hadde storkrytiri inn i um vaaren. «Fenan», fena er sam- namn for sau og gjeit, hadde dei i «høye». Um hausten laag kyrne ute paa stølsvollerne naar det var godt ver. Fenan maatte dei nok mange stader «høye», d.v.s. ha i høye um hausten ogso. Naar dei skulde buføre paa stølen um vaaren, laut kararne fylgja med aa setja upp kveen og høye. Kveni sette dei upp i ein utkant paa vollen, helst so det vart lett framkomst til fjøset. Kveni kun- na væra stor ell liten etter kor mykje krytir dei hadde gjerne ½ ell 1 maal etter som lende var. Dei sette upp staurlag aa sette sveg paa av vierkvistar aa la rader upp der tvo ell tri høgder. So maatte det væra eit le i stølsgjerde der krytiri kom inn og ut og so eit paa eit paa den kanten fjøset var. «Høya» som vart aat «fenar» (fena er samnamn paa sau og gjeit) sette dei upp i ein ut- kant av kvei, ell ein annan stad paa vollen, der dei gjerne vilde faa uppgjødsla. Høya vart uppsett av høyegrindar og laut flytjast kvar dag ell annankvar dag etter kor stor høya var, og kor mykje fena dei hadde. Dei laut flytja naar den vart for «lortut». Høyegrindarne var gjort slik: Dei tok tvo firkantar, umlag 3 x 3 tommer trek, hogde fem hol i kvar. So felte dei grindespøli i holi i stolpo, bora hol gjønom stolpen aa slog pinnar i. Paa midten av grindi la dei ei spildre paa kvar side aa slog spiker igjønom. \[s. 11\] Grindespølarne var smale fine bord, helst av gran. Dei hadde vanleg fem spøli i kvar grind og grindi var umlag 3 ½ mtr lang. So vridde dei herkar av vier ell brisk aa hadde paa stolparne til aa hal- da saman høya, ei hork uppaa og ei under. Ei passeleg stor høye var fem grindar som dei sette i ein ring, fleire ogso um dei hadde mykje fena. Naar dei skulda ha fenan inn ell ut av høya, maatte dei ta upp ei hork aa lata upp ei grind. Eg har nok sett at sume hadde laga «skutlegrind», men slike var det nok ikkje mange som hadde. Dei var laga slik at dei kunna skutle (skuve) fram og attende tvo spøler, den andre og tredie nedantil, aa so smatt fenan ut og inn der (sjaa ridset) I kven og høya, sto og laag krytiri um neterne og naar dei kvilde eit bel um dagen. Var det uver, so laut dei no ha inn i fjøset kyr og gjeiter, ja ofto mjølka dei ogso i fjøset. Naar dei reiste til fjells ved jonsok bel, so rudde dei kveni og høyorne, det vil segja dei spreidde utover og raka møki. Var det for mykje so la dei en del i haugar aa spreidde den utover att um hausten. Det vart jamt mykje gras der kvene og høyorne hadde vori især andre og tredie aaret. Dei veksla derfor so dei ikkje var paa same staden kvart aar. Langstølarne her ligg i fjellet, der me har alle krytir um sumaren. Dei fleste ligg i sud for Reineskarvet og Blaabergi og er fraa ½ mil til 1 mils veg fraa bygdi. Me kalla det i heim- fjelli, ell «heima bræudn» \[s. 12\] Men eindel stølar ligg nordanfor desse fjelli, og dei er ein 2-3 mil fraa bygdi, aa me kallar det «burta bræudn». Dei fleste av stølarne i heimfjelli har inn- hegna slaattevollar ell «gjelu». Alle desse stølar har vist hatt fjøs i lange tider, men likevel hadde dei kveen og høye aat krytiri like til 1908-10 aari, daa det vart meir slutt med gjeting. Sauerne gaar no for det meste frit i fjellet og kyr og gjeiter kjem til stølen att, naar dei skal mjølkast aa dei har dei daa inn i fjøset um netarne. Den tidi dei kvea kyrn og høya fenan, var det sama gjerdi som paa heimstø- larne, dei kjøyrde ut den møki som vart um sumaren spreidde den utover vollen aa slo sundt den møki som laag att etter krytiri. Um vaaren maatte dei burt paa stølarne sosnart snøen reiste aa raka sundt møki. Det er nok sama gjerdi no, anna ell det, at dei no brukar møkahorv. Det vert myke møk paa stølarne um sumaren, so dei som har smaae gjelur fer ikkje nytte ut all møki paa vollen. Det er daa sume som legg «møka- kjaalve». Dei kjøyrer mykje møk paa eit strykke der det er lite gras, so marki vert heilt dekt av møk. So let dei det liggja slik over ein sumar. Amdre sumaren vert det bra med gras der. Dette brukast til dels enno. I langfjelli «burta breudn» var det berre ein tvo tri stølar der dei brukte aa slaa. Det var ikkje inngjerda \[s. 13\] vollar, men dei hadde tvo vollar eit stykke fraa kvarandre, og so bytte dei um stølen kvart aar soleids at dei sat paa ein støl og slo den andre. Men det var mykje arbeid med dette, fyrst laut daa gjetleborni passe so ikkje krytiri beitte paa den vollen dei skulde slaa, aa so laut dei halde hus paa tvo vollar. No er det over 20 aar sidan dei slutta med slaatten der burti. Men det var bra med det, at dei fekk nytte ein del av all den gjødsel som vert um sumaren. I langfjelli har dei aldri brukt kveen ell høye men krytiri fekk gaa frit, men so laut dei væra ute baade dag og not, fjøs var det nok ikkje mange som hadde der fyr i 1900 aari. Me fekk fjøs paa langstøle i 1911. I heimfjelli vart det slutt paa kvening og høying daa dei slutta med gjeting, so i 1910-20 aari, men i heimehamni og paa heimstølarne, var det nok i bruk med kven og høye like til 1925 og vel det. 15-16) Nei noko slikt som nemnt her har eg ikkje hørt um. Det er nok ymse segnir fraa «skrubbetide» t.d at dei hadde upp stor varme utpaa vollen um kveldarne. 17: Gjetleborni fekk jamt med seg ein matbete som niste i langøykti (etter dugurd) og naar dei kom paa stølen att om kvelden aa hadde faatt inn krytiri so fekk dei vanleg stølsmat i stølsbudi. 18: Nei, noko slikt har eg ikkje høyrt um. \[s. 14\] 19: Som fyr nemnt er namnet det sama som sæter. Ordet trade ”træe” er brukt mykje her, som namn paa eit mindre inngjerda stykke. For ikring 20 aar sidan hadde dei eit lite inngjerda stykke ved kvar gard, som dei kalla «kalvetræe». Det var til aa ha kalvane i um vaaren til dei reiste til fjels. Arbeida dei upp eit stykke aa sette gjerde ikring, so var det træe, likeso um dei gjerda inn eit stykke til stølen, so var det stølstræe, men sjølve stølsvollen er ikkje træe, det er «gjele», «stølsgjela» Namne hage (hagji ein) vert mykje brukt her ikkje berre paa kjøkenhage ved stuguveggen for slike har me ikkje hatt her fyr no dei sidste aari, men hamnehagar. Um dei har vorte uppdyrka, so kallast dei likevel hage. «Ni hago» ell «upp i hago». Mange smaabruk kallast Hagen, og dette er vel ut- hagar som er uppdyrka. 20: Dete spursmaalet er svara paa so godt eg kan i sp 13-14. Som fyr sagt, so vart den inngjerda slaattemarki i heimstølhamni ell i fjellhamni kallast støl, stølsvoll, støls- gjele. Dei fleste stølarne er svert gamle. I det fyr nemnde dokument av 1715 er inntat eit skøyte paa stølen Reine fraa 1644: 21: Nei slik gjødsel har me ikkje her. Ja dette var den utgreidingi som eg kan gje paa dette emne. Det er daa især um korleids det har vori brukt i gamle dager. No er det nok stor skilnad med vekselbruk og maskindrift. \[s. 15\] \[Figur: Tegning av skutlegrind\] \[s. 16\] Tillegg til spørsmål nr 5 Vannbæring: Nei Tegning av vannbæring på lang stang Tilleggspørsmål til nr 12: Nei Har ein bruka kumøkk til brensel? Ja, i langfjelli der det var lite med ved brende dei nok mykje kumøk i gamle dagar. Hadde det vori turt ver ei tid naar med buførde til fjels so maatte me ikring aa snu møkareparne etter fjor- sumaren. Me spreidde dei med ein stav ell ein fjølastubb aa la dei gjerne uppaaa steinar so dei turkast fort. Me kasta dei daa «skjena» aa dei brann som turr ved. Daa dei i 1880 aari tok til med torv, vart det meir slutt med skjena. Det vart sagt at naar dei raka møki paa stølarna i heimfjelli og ho var for turr, so raka dei den saman aa brende den.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste