Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ting til legedom og vern mot sykdom
NEG_43_11924_MR_Volda
Transkripsjon av filen #NEG_43_11924_MR_Volda
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A. Ringen 1: Folk burka å bere ring for gjikt. Ei gamal kona veit eg brukte ein. Og det var ofte prat um slike ringa. Derfor var det giktring ein kalte den. 2: a. Desse ringar var glatte som gifte- ringar. b. Ringarne var helst av kop- par og tin. d. Trur ikkje at det var rissa noke i desse ringar. Dei unge gutar kunne ofte ha morro av slike ringar. Rettsom det var høyrde em, at no var den forlova og den forlova. Aa, det vart spending i bygda ei stund. Men når det kom til oppklaring so var det berre ein giktring og spendinga slut. 3: a. Det var som det var lett å få tak i slike ringer for dei som brukte dei. Truleg var dei kjøpt og lånt ut til sine folk og bytte etter slik som det trengdes. Prisen på desse var visst ikkje stor. \[s.2\] 4: For 30-40 år sidan var det avertert um elektriske belte i avisene. Eg hugsa berre at elektrisiteten strålte rundt. Det var vel eit slags fabrikkarbeid. 5: Desse elektriske belta skulde ein bere rundt livet. 6:7.8. E. Øreringer 14: Det var ikkje ofte ein såg menn bruke øyreringar. Det er ikkje mange år sidan eg såg ein som brukte dei enndå. Men dei er vel helst ut- døyd dei eldre som brukte dei no. 15 a. Øyreringane var ringar utan stein. b). Metalet som dei var laga av såg ut som gull. c) Øyreringer vart fest gjenom eit hol i øyreflippen. 16: Ringane vart brukt i begge øyrer. 17: Øyreringar vart brukt, for menn mot gikt. 19: Det var berre menn som brukte øyreringar mot gikt. Kvinnfolka brukte øyreringar for utsjånaden 20:a. Rav vart brukt til halskjede, men ikkje for sjukdomar som eg veit. Hestekastanjer vart brukt lause i lomma mot gikt. 21-22. Desverre er det lite eg veit um desse ting.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste