Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ting til legedom og vern mot sykdom
NEG_43_10694_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_43_10694_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A. Ringer. \[\_1\] Eg hev høyrt at dei har brukt ringar på fingrane til legedom mot ringorm. \[\_2\]. Dei kunde vere glatte som gifteringar. b. dei var av messing eller koppar og tinn dei eg hev sett. \[\_C.\] Det kunde og vera to slags metall som koppar og tinn. \[\_D.\] Det kunde stå nokre kryssedyllar inni desse ringane og me kalla dei giktringar eller elektriske ringar. \[\_3.\] A. Det var gjerne kramkarar som hadde slike ringa å selja, eller det kunde vera reisande folk, som baud dei ut for eit måltid mat, sengklær eller liknande. \[\_b.\] Sume tider blev de da betalt med penger; men ofte lånte en hjå en ven slike ringar \[\_4.\] Eg har høyrt tale om elektriske ringar men korleis dei vart gjorne elektriske det har eg inga greie på. \[\_5.\] Det var mangeslags modellar på desse ringane. Dei kunde vera tvunne saman av metaltrådar – 2 eller 3 trådar. Sume brukte elektriske belte rundt livet. Det skulde hjelpe for gikt. Det kunde vera messing koppar og tinn i desse belti – Og dei gjekk å fekk elektrisk strøm på dei. \[s. 2\] \[\_6\] \[\_B\] Armbånd. Det var enkelte som brukte armbånd mot gikt. Desse var satt saman av koppar og sink dei eg hev sett. 7: Eg kjenner til eit armbånd som soleis er mykje gamalt. Det var 3 cm. breidt og fult av snirklar og krokar – Det var eit arvestykkje – men berre så lenge ein hadde tillit til dette var det i bruk. \[\_8.\] ja det var ofte med symbol i slike smykker, og 7 tallet, samt 8te tallet og 12 tallet kunde ein finna i desse truessmykki, elles også sol og måne -. \[\_c.\] Hengesmykki var mykje heimelaga og kunde ha mange og ymse former. \[\_9.\] I eldre tid var det nok dei som trudde det hjelpte mot gikt å bera bly og sink i ei snor rundt halsen – men no er det heilt slut med det. \[\_b.\] Min mann fik gikt og han fekk då eit slikt belte. Det var av berre koppar – men eg hev sett koppar og sink saman Dei eg hev sett har bore vridd inni- einannan og så filtlag i millum. Det har nok og vore slike belte som har vore berre banka hol i platene, so har dei sydd dei saman som eit anna brurabelte -. \[\_c.\] ja ein kunde finna dei som stjernor og i korsform. D. Dei sydde helst i kors om det læt seg gjera – men var det uråd so tok dei rette sting. \[\_10.\] ja her har vore brukt slike belter og dei var helst brukt mot gikt. \[\_11.\] Slike belter kalla me : «Elektriske belte eller giktbelte». \[s. 3\] \[\_12.\] Eg hev sett slike giktbelte av koppar og sink. Om lag 3 cm. breide men det er dei som har havt dei breidare og so var dei bundne saman med koppartråd frå hull til hull. Tråden låg inkje i kors, so var det filt innanfyre og imillum. \[\_13.\] Dei gjorde vel det for å rensa dei, trur eg. Elles trudde mange at eddik hadde ein serleg god virkning på kroppen. E. Øreringer. \[\_14.\] Eg har sett ein enaste mann med ørering – og han var gift med ei som gjekk til presten sman med meg. Han var vist 20 år eldre enn kona so om han hadde levt no skulde han ha vore 90 år. Han er den siste eg veit om som brukte øreringar her på Voss. \[\_15.\] Denne mannen sine øreringa var på fasong som ein giftering men lit større ingen stein i den. B. Den var av sølv \[\_C.\] Og han hadde hol i øyra. Det hòlet hadde ein kvaksalvar laga, og so hadde ein sylvsmed burti ein gard smeist ringen i saman etterpå. Kvinnone hadde sume hol i øyra, andre skrua det til som dei gjere no om tidi \[\_16.\] Denne mannen hadde ringar i begge øyrone. Men eg hev høyrt at det var, dei som hadde ring berre i eit øyre 17: Eg høyrde etter denne mannen at han bar dei for dei skulde bringa lukka. om lag på same måten som dei bruka «maskott» no. \[\_19.\] Kvinnone bar dei vel helst for å sjå fine og formene ut. Sume hadde den tanken der og at dei skulde bringa lukke. \[s. 4\] \[\_F.\] Forsjellige ting. \[\_20.\] Folk har havt tru på mange ting, soleis eit ravhalsbånd skulde vara ein mot sjukdom og bringa lukka. Eg hev fenge eit slikt av Anna Austlid No fru Vik. Ho var i Italien og gjekk på strandi og såg på perlefiskarane. Der kjøpte ho dette til meg med ordi: «Eg vonar dette vil bringa deg lukke og ei god framtid.» Min mann har alltid eit stykke rav i lommen. \[\_b.\] ja det var nok dei som hadde tru på hestekastanjer og bar dei i løse lomma. \[\_c.\] sjønøtter var det ikkje lett å få tak i på Voss så det veit eg ikkje om. Men råe poteter å bera i lomma det er no ennå i bruk no og på Voss. Det skal fria frå gikt det. Lækjesblad som veks mest kring kvart hus er mykje brukt mot sjukdom Likeins kjerringrokk er og eit lækjemiddel mot fleire ting. Ein trekkje det som the. Elles bjørkeris trekt som the skal og vera brukt som lækjemiddel. Karvethe er og serleg godt å drikke for eldre menn. 1 liter kjerringrokthe for dagen skal hjelpa om urinen stoppa op sa gamle frk Hansten Ho døydde i haust 96 år gammel. Det hadde hjelpt hennar bror prost Hansten. Tjæresmurning var mykje brukt i eldre tid. Mi mor kogte slik medisin. Det var feitt ein del dobbelt med tjæra og so ein klump med reven alun oppi. det var så godt å gro av det. Skutevikskonens urter brukte dei for tannbyld. Det har hjelpt meg. 22 – Eit felles namn har me. No kallar me alt dette for kjerringråder – fyrr kallar dei det «Hekseri».
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste