Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ting til legedom og vern mot sykdom
NEG_43_9231_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_43_9231_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A. 1. Ringar er kjent. Dei skulle vera gode mot ikt. 2 Dei var av zink med koparplate på, eller det kunne vera tin istaden for Zink. Noko innrissing ukjent. 3: Ringane var ålment kjent. Skreppe- kræmarar, hadde med seg slike å selja. Stundom kunne dei bli lånt. 4: Det er kjent frå ein gard i bygda her, at dei la ein slik ring i eddik, så han skulle bli elektrisk. 5-7 Ukjent. D 10&11. Elektriske belter var kjent for 30-50 år sia Det var firma i Kristiania som handla med slike og hadde jamleg annonser i blada om slike. Dei var nok kalla iktbelte. eller elektrisk belte. 12: Eg har aldri set eit slikt. 13: Ukjent. E.14. Det er kjent at mannfolk bruka øyreringer Det vart vel slut med det 40-50 år sia. Den siste ein kjenner til, døydde 1913. 15: Dei såg ut som sylvringar, og var laga slik at eine enden var hola innover, den andre enden var kvesst slik at han gjekk inn i holet \[side 2:\] på den andre enden. Desse ringane var fast gjenom eit hol i øyra. Holet var stunge med ei nål eller ein syl, og halde ope med ein bly-tapp til det grodde, så det vart ståande ope. Det var ikkje nokon serleg til å stinge hol på øyra. Det gjekk lettvint. 16: Ja, det var ein ring i kvart øyra 17 Det er sagt at det skulle vera godt for synet, og for hugu-ilske 19: Ukjent. Når kvinner bar ringar, (øyredobber) var det ei motesak, og var som stas. F. 20-22. Det er kjent at folk har havt muskus i pengepungen og på pengesetlar. Det skulle vera mot smitte. Elles kjenner ein her ikkje til at folk har bore på ting til slikt vern.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste