Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ting til legedom og vern mot sykdom
NEG_43_9220_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_43_9220_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
"\[\_Ting til legedom og vern mot sykdom\]." Det er lite eg veit om desse ting. I vår grend var det få som trudde på slikt. A.) Ringar. 1: Eg har høyrt at folk gjekk med rin- gar til vern mot sjukdom. Det var mot gikt. Men også andre sjukdomar. 2:. Det var anten gullringar, eller tam- baksringar. Eg meiner dei var glatte. Tambaksringar var brukt til gifteringar av fatigfolk som ikkje hadde råd til å kosta seg gullringar, ikring hundreårsskiftet. I eldre tid gjekk dei heller utan ringar. Tambak likna sylv, men var mørkare, utan glans. Slike ringar og gullringar gjekk sume med til vern. E.) Øyreringar. 14: Nei, det har eg ikkje høyrt. 15:a) Dei eg har sett, var runde ringar, noko granne. Eller det var massive dobbar, (kalla "øyrnadoltar"). Dei hadde ikkje noko ut- siringar eller steinar. "Ho gjekk med øyrnadollta". \[s. 2\] b) Både ringane og dobbane (doltane) var av gull. c) Ringane gjekk gjennom eit hol i øyre- flippen. Ein kunne sjå dei svinga rundet i det. Nei, eg veit ikkje kven som stakk holet. Doltane hadde ein grann gulltråd dei var feste i og denne tråden gjekk gjennom øyreflippen. Når den som bar dei risste på hovudet, dansa doltane som bjølleklavar. 16: Dei hadde ringar, -og doltar -, i båe øyro. Det var ikkje bondekvinnor eg såg hadde det. Men kvinner av "dei kondisjonerte" på Vossevangen, eller andre stader frå. 17: Eg hugsar serleg ei kvinna som me lika godt, og undrast på at ho kunne bry seg om slik stas. Då vart det svara, at det var for helsebot (lyv) ho bar dei. Då me spurde: Kva slag? Vart det svara: For høyrsla. Men eg har òg høyrt at dei har brukt øyreringar, eller doltar, òg for andre sjuk- domar. For synet, eller indre sjukdomar, og for hovudverk. 19: Ja. Eg har ikkje berre ein, men fleire gonger høyrt at det vart gjeve til grunn. 20:d) Eit stykke rå potet i lomma, eller innsydd i kleda på den sida verken sat, har eg høyrt dei har brukt mot gikt. Dei har påstått at dei har vorte fri gikta av det. 22: Eg har berre høyrt dei har sagt: "Han (ho) brukte da til lyv". Eller: om øyreringar (doltar): "Ho bar dei fy lyv".
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste