Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ting til legedom og vern mot sykdom
NEG_43_16794_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_43_16794_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ja. Vistnok all sjukdom. Men sæleg vert gigt nemnd. 2: Ringane vart kalla: Tambakringar. Dei var av ei metalblanding. 3: Kjenskap gjekk frå mann til mann. Kvar dei opprinnelege vart laga, har eg ikkje høyrt gjeti. Men i sylvsmidjene ikring vart laga etterlikningar. (Der var sylvsmidja t.d. på Leidal. - Der laga dei ringar og sylgjer med rubinsteinar i. Dei steinane skulde gjeva bæraren lukke i kjærleik. - ( Eg eig ei slik sylgje der - ifrå den smidja). 4: Nei. 5,6,7 og 8, Ukjent for meg. 9: Ukjent for meg med hengesmykker i den form. Men medaljongar var mykji bruka her, då med hårlokk eller bilete i. Kjærleismagi så vidt eg har skyna. I radt gamal tid bruka dei hengesmykker kring halsen på små- born. Vern mot vette og dei overnaturlege. \[s. 2\] 10: Ja elektriske belte var i bruk. Dei eg har høyrt gjete, var av skinn og metall. Dei var borne på berre kropp, og var \[?\] mot gigt. 11: Elektrisk belte. 12: Eg har høyrt gjete eit belte av skinn og metall. Dette vart skrive til England etter for ca 50 år sidan. - Så skal her vera ein Knut Ringheim, som enno eig eit elektrisk belte. Eit - amtstidne aver- terte slike belter år 1780. 13: Ukjent for meg. 14: Ja. Eg har høyrt at ymse eldre menn her bruka det før. - Den siste dei nå hugser bruka det var muraren Lundgren. Han var svenske. Enkja etter han lever enno, og bur i Movang, Haugamoen, Voss. 15: Desse øyreringane, var av storleik som ein tiøring, sume hadde slike av sylv andre av massing. - Dei var opne ringar, sette i hol i øyro. 16: I båe øyro. 17: Ja, det vert tilmed sagt i vår tid at ringar og klips i øyro skjerpar synet. 19: Kjenner ikkje til at kvinner (bortsett frå sigøy- \[s. 3\] narar) brukar øyreringar før. No derimot. Og ein kan enno høyra eldre folk sei: " Det hjelper på synet". 20: Eg kjenner for lite til dette. 21: Det einaste eg kjenner til, er at folk såg under gifteringen eir-rand om dei var særleg sjuke. - Har høyrt at sjømenn førde kors heim frå Jerusalem, kors som skulde varna mot vondt. 22: Ukjent for meg.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste