Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_12156_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_36_12156_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A Grannane var ofte i håret på ein annan. Dersom grannen ikkje gjorde godt gjerde kunde hans nabo finna på å kalla han ein «klork». Soleis hugsar eg om ein bonde som skulde gifta seg, og han måtte då ha nyt tak på stova si til brudlaupe. Om nettene for han då til naboane og flekte næver av deira største bjørker – på denne måten fekk han nævertak, på stova si, til brudlaupsdagen. Men kjærasten hans var ei mykje sparsam kvinna, ho etla berre sild mens dette arbeide stod på – Men dette måtte hevnast. Ungdomen laga æresport for dei, som heile brudlaupsfylgje reid gjennom til kyrkje, og i bogen øvst oppe på æresporten hang ei sild og ein utstoppa trebjørn (ekkorn) \[-utstoppa\]. 1 Når dei slo karane, so dela dei teigane inn i dalarsteigar, og slike teigar skulde dei greia på 3 dagar om dei var dugane. Likeins med skurden. Det dela dei op i «salsau» som dei kalla. Flinke folk greidde sjæra «1 salsau» på 2 dagar – Men då gjekk det gjetord om desse folk. \[s. 2\] 1 Dei derimot som somla fekk ymse utnem- ne soleis kan eg hugsa ein dei kalla «Råta- Lars». Smågrasteigane var uppmelte. Likeeins «salsau» i åkeren. 2: Det var ein gamal skik her, at sjærtorsdags natti kunde gutane koma inn å gjeva gjentene ris. Dersom dei greidde å koma seg inn då, og gjentene låg – Det var bjørkeris dei bruka til dette. Dersom ein ung mann var hjå kjærasten desse nettene, sjærtorsdag og langfredag, helt dei gjerne bjølleleik her på Voss, eller strødde dei bilavegen med «saga- må» - No er dette forbode med lov -. 3: Dei hadde ymse gamle tradesjonar her og. Soleis kan eg hugsa at nabokona som var frå Myrkdalen, hadde tru på hulder og nissa m.m. Min eldste bror som no er 76 år var nede hjå henne ein jule- kveld, så sa ho: I kvell ska me sjå om me får sjå kjærasten din, og eg vil sjå om eg får sjå fyrste mannen min. Ho smurde kvar sin leiv med brød med rjome på, så skulde dei springa rundt stovebygna- den med dette å sjå om desse kjære kom å beit i leiven. Bror min såg ingen, sa han; men denne kona ho sa: « Jamen såg eg fyrstemannen min:» 4: Første joledag skulde folk halde seg heime. Kom dei denne dagen sa ein gjerna: Det kjem ein \[?«bålslått.»\] (= Ein som tigga) 5: Dei som ikkje fekk noko nyt til jol var reine «armingar», sa ein gjerne. 6: Ei husmor som ikkje fyllte sin plass kalla ein gjerne ei «kjauka». Ei som er lite med. Og mannen: «Ein nasadott» om han ikkje helt mål med tradesjonen som var.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste