Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_12155_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_36_12155_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Når folk sa «ja» her kunde det segjast på fleire måtar – Med eit kort bestemt «ja» og eit lite nikk, eller med eit langtrukken «tja» og inga nikking. Det var eit uvisst «ja». Dei kunde og koma rettande fram med handi som teikn på at dette ja dei sa var å stola på – eller slå lit ut med begge hænder -. Soleis ogso med «nei» Eit kort bestemt «nei» gjerne med lit skaking i heile kroppen. eller berre med risting på hovudet – Så kunde det koma eit ubestemt «nei» som «nai» ubestemt, langsamt og med mindre fakter og rørsler. 2: I eldre tider bruka dei her i bygda å helsa på dei som dei møtte etter bygdeveger. Dei stogga gjerne og slo av ein prat med same. Soleis hadde far ein hest som var so van med det at far helsa og stog- ga når han møtte nokon på vegen frå Vangen og heim at eigong me skulde køyra til bestafar heile huslyden, helt me på å ikkje koma fram på dagen, då hesten \[?stanna\] trekte i taumane. Det vart då som eit lite nikk for kvart menneskje me møtte-. \[s. 2\] 2: Vår mor lo og sa no ser me kor hesten har lært å helsa på alle folk – Me kjem vel kje fram i dag – Reisi var mest 2 mil for oss. 3: Med rette skulde mennene helsa fyrst om dei møtte ei kvinne – men denne regel vart ofte broten. Den som hadde det kvikkaste gemytte helsa ofta fyrst. 4: Gamalt so sa ein «Gudagjen». her, eller Gudag. Det var frå morgon til kvell. Om morgon tidleg var det «gomorn» og om kvellen Gukveld. Sume sa og Gud signe deg. Det var helst Haugianara eller be- kjennande truande som sa so. 5: Når ein helsa på presten tok mennene lit i hatten, likeins med embetsmenn. Dei letta på hatten for dei, derimot slekt og kjennsfolk nævehelsa dei eller berre sa fram ei av desse helsingane eg hev skreve. Dei letta inkje på hatten for desse folk – Storbonder eller brukseigara var det vel knapt på Voss – Men bra aristokratiske bønder hadde mr og dei kunde og vise dei vyrnad med å berre ta oppi hatten når dei helsa på desse. 6: Berre i Vossakyrkja har eg sett at menn hev halde hatten med begge hender, helde den op for andlete med bøen. Dei har på denne måten helde si bøn for Guds- tenesta som skulde byrja. Likeins gjorde dei menn som hadde huva og inkje hatt på hovudet-. Var ein mann kledd i høgtidsklær so helsa han vyrdsleg på embetsmenn og prest, gjerne med å letta på hatten. Eit lite bukk fylgde ogso med helsingi. Elles helsa inkje alle menn på same vis. \[s. 3\] 8: Etter gudstenesta ved kyrkja var det mykje handhelsing på slekt og vener. Ein handhelsa på borni ogso. Ellers når ein kom på besøk helsa dei i handi. Likeins på folk som det var sjeldan ein traff, og som ein var glad i. 9: Det kunde hende at dei fekk ein klapp på oksli eller på kinne av ein slekt- ning eller god ven som det var lenge sidan sist dei såg einannan. 10: Det var dei som tok av seg hatten når dei høyrde klokkeringingi om helgedagsmorgonen. Dersom dei var på åkeren og kyrkjeklokkone ringde – det var då helst for ei gravferd, so stogga dei gjerne heilt op med arbeide ei liti tid og kom i hug den burtfarne om det var ein kjenning, ven eller slektning. ja endå om dei mest inga kjennskap hadde til den døde, so tok dei tid å lyttta. Kvinnone stogga ogso ofte op med sit ar- beid og fekk liksom eit andeleg preg yver seg. Dei sa gjerne som so: «Gud gjev han sæla!» eller «Gud tak du mot sjæli åt den døde». 11: Dersom dei møtte likferd, stogga dei al- tid op, tok gjerne hatten av og bøyde seg lit framover, Men var det brurafyl- gje, var det gjerne ein sving på hatten ut i lufta og eit glad ansikt suma sa: Lat meg no sjau, de held tau kvarande no dau! 12: Joledag gjekk kona i heimen i fjøsen og helsa på kua, sauen og dei andre dyra Ho hadde ein deigbete eller eitkvart godt til mest kvar av dyri og sa «God jol!» \[s. 4\] 12: Dei kunde ogso helsa på vævreiden sin, og mannen på hoggestabben eller på hesten sin. 13: Gomorn sa ein frå kl 5 til 8 – 9. Gudag frå 9 – 17. «Og daur» . frå kl 12 – 14. Gokveld frå 5 = 17 – 22 – God natt frå 21 til 24 Med borni sa ein God nat frå kl 19 – 21. 14: I eldre tid var det inkje bra å segje Gomorn når det leid på dagen – anleis er det no. Dei segjer gjerne Morn heilt til yver middag. 15: ja den som svara segjer gjerne Gudag til Gomorn, om han tykkjer tidi høver 16: No tek ikkje folk det so nøgje meir – «morn» og hei, hei, eller hei på deg – kan dei bruka heile dagen mest. 17: Ja eg hugsa godt folk sa: «Guds fred!» «Signe arbeidet», «signe strevet», «signe kvila», «signe laget», «signe maten» og «Gud signe livsfrukten!» om dei kom inn i ein heim eit lite barn var født. 18: Dei kunde segja signe huset, signe kona signe mannen, signe heimen. Ein svar då berre Takk! eller Takk sku du ha! 19: Dersom mannen i huset tek ein gjest med seg inn i stova tek den framande opatt helsingi. Han sa «Gudag» inne og. No er dei slutta med å segja «gudag» Det er berre reint oldinga som brukar det. Ein segjer berre «Dag» eller «morn» eller «kveld» - undarleg og folk har lite tid -. 20 Dersom dei ville tala med husbonden bad den framande gjerne om samtalen. Dei reiste då gjerne i fjøset eller stallen – eller inn i eit kammers og hadde samtalen der. \[s. 5\] 21: I eldre tid bruka dei mest inkje å banka på. Soleis kan eg hugsa at min far banka på døri hjå naboen kl . 20 om kvellen. Den gamle kona i heimen fortalde meg dette. Ho sa: han er storkar far din, han banka på og han – men eg ropa «kom inn eg» endå eg stod berre i hosne. Han vart vist flau trur eg, sa ho. No derimot banka alle på fyrr dei kjem inn. Aa banka på byrja dei med for om lag 50 – 60 år sidan ute i bygdi. 21: Dei svare inne: Kom inn! Den som kom inne måtte no stå ved døri til dei baud han å setja seg. Dei sette fram ein krakk til han då. 23: ja han kunde inkje finna på å ta seg tilrettes sjølv, med å finna seg plass. 24: Sume tok hatten av straks dei kom inn. andre hadde den på til dei baud deim setja seg ned. 25: Folk som venta ved døri, sa ein gjerne som so: Du må kje vera framande set deg ned. 26 ja det var mykje skilnad kvenn det var. 27: Heilt framande som kom til gards vart helst spurde, kvar dei kom frå, kva dei heitte og kvenn faren var. Var det då kjennskap millom dei eldre eller ogso slekt kan hende, so sa dei. Du er verkeleg velkomen her du. 28: Mot den reint framande var ein veldig varsam. til ein såg kor han tok seg ut. Ein tala gjerne lite og var lit mistenksam, då Voss var mykje isolert i eldre tid. \[s. 6\] 29: Innbedne gjester møtte ein helst ut på tunet med eit glad ansikt og handi utretta mot dei til eit:»Velkomen ska du væ. Da va godt å «sjau deg atto!» 30: Til kvardags om dei hadde vore på besøk sa dei berre: «Farvel og takk for meg, so mau de leva so væl dau!» Dei svara: «Farvel du og sjølv takk og deg det sama». 31: Dei som tok verkeleg farvel for lengre tid. Bad innerleg Farvel: « Eg ser deg vel kje meir att her på jordi, men me møtast att i Himlen.» kunde dei segja So var det «Farvel! Takk for alt! Lev so væl! Me mau beda for einannan! eller me møtast att på ein bere plass eigong!» Slike helsinga var individuelle helst. 32 Til farvel var det berre mor og barn som bruka å kyssa einannan på bygda – ja kjæraste folk gjorde vel det og; men det var meir i løynd -. 33: Mann og kona ved eit lengre fravær, og forældre og barn. Dette var på bygda. 34: Uttrykk for kjærleik ytra seg på ymis vis Ein la kinn mot kinn, eller tok einannan om halsen og gjerne kyste på kjæken og. 35: Det var sjeldan ein kyste på handa – men det fyrekom meir millum dei konsjonerte. 36: Dei som kyste på handa var for å syna vyrdnad 37: Det kunde henda at sume kyste si eigi hand ved ei overraskande gleda 38: Til småborni segjer ein gjerne: «Vil du vera god mot bestemor, eller mot mor». No segjer dei: «Du må gje meg ein klem!» Eller: «eg må få ein klem hjå deg!» Dette segjer dei til borni no. \[s. 7\] 39: Vaksne likte gjerne å kjæla med småbarn Soleis gnidde dei gjerne nasa mot nasa. Dette kalla dei å byta nasa. 40: Mora og faren fann gjerne på dette, ogso andre gode kjenningar eller vener, som var glad i barnet. 41 Vaksne brukte gjerne å byta nasa på den måten, at dei kneip i nasa, so sette dei tommelfingeren millom peikefingeren og langfingeren, Tommelen såg då ut som ei litti nasa. Dette kalla ein Aa byta nasa. Barne såg då på tom- melen og undra seg; for den likna nasa. 42: Folk brukte gjerne å leggja kjake mot kjake, dettte kalla dei å «kjakast». Det var eit kjærteikn 43: Sovore kunde fyrekoma millom foreldre og barn og millom vaksne og-. 474: Til lukke brukte dei å segja ved dåp konfirmasjon og brurevigsla. Dei hadde og andre måta på segja det på som Gud signe dagen, Signe framtidi eller som sume sa til brudlaupsfolk: «Lukke og signing fylgje Dykk båe to!» 45: Til jol bruka dei å segja: «Gledeleg høgtid!» Seinare vart det: «God jol!» Til nyår bruka dei å segja: « Godt nytår!» eller: «Gud signe det nye åre!» Til Påske og pintse det same: «Gledeleg høgtid eller: «God høgtid!» eller : «God påske!» og: «God pintse!» Ved barnefødsel bruka dei å segja: «Gud signe livsfrukta!» eller: «tillukke med nykomingen!» Ved trulo- ving var det ymse uttryk som: «Eg mau gratulera Dykk eller \[\_Deko\]!» «Eg vil ynskja deko tillukke med forlovelsen!» \[s. 8\] 45: Ved brudlaup var det det same. Det var fleire måtar å segja det på som: «No vil eg verkeleg ynskja deko tilluka med brudlaupsdagjen!» eller: «Me mau no gratulera deko med dagjen!» Eller: «Gud signe dagjen og framtida for deko beggje to!» 45: Ved dødsfall sa dei gjerne var det eit eldre mennesje: «Gud signe minne åt deko!» Var det eit barn eller ein ung som var faren burt vart det gjerne sakt: «Må Herren styrkja deko i sorgi. Ved mot- gang bruka dei ofte å segja: «Eg er med deg i sorgi! Eller: Som dagen er skal din styrkje vera:» Dei bruka bibelord. 47: Når ein takka, sa ein gjerne : »Mange takk! eller «hjarteleg takk må du ha!» eller berre «Takk!» 48: ja dei bruka å takka for den burtfarne. Dette vart helst gjort i heimen, eller den staden der dei tala over kista. I samlingshus eller hjå ein bonde, som hadde større stova enn den avlednes. Eg trur dei kalla det å tala ut liket. 49: Vanvyrdnad kunde ein visa på fleire måta. Inkje retta ut handa til helsing. Lata att døra for nasa på dei om dei tenkte seg inn i stova – ja det kunde gå så vidt, at dei snudde seg å klappa seg på røva, åt ein dei var harm på og tykte lite om. 50: På Voss brukar ein mest å segja du til alle. Me unadantak: Prest og embetsmenn då sa dei gjere De eller I. 51: Det kan fyrekoma, at ein segjer: «han» eller «ho» i staden for «du» og «De» men det er lite i bruk her, berre undantak.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste