Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_10607_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_36_10607_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: "Ja" - ein eller fleire nikk med hov. "Nei" - ristn på hovudet. 2: Det var vanleg at ein helste på alle ein møtte anten ein kjende dei eller ikkji. I det siste har det nok brigda seg noko. Folk har vandt seg av med å helsa på ukjende då dei kanskje har vorte møtte med ein flir av dei framande. Men enno er det vanleg at alle bygdefolk helsar når dei møtest. 3: Dei yngste skulle helsa først anten det var kar eller kvende. 4: Det eg kan hugsa var det vanlege for alle: Go`-morn - gudag eller gudajen. - gokveld - gokvelden. Elles hugsar eg såvidt einskilde høve - eldre folk helsa: Signe møtet.) 5: Når ein møtte presten eller skrivaren, å ja - for det meste, tenkjer eg - lensmannen, tok ein av seg hatten eller huva. Elles var ikkje det vanleg. 6: Kan ikkje hugsa nokon har helsa slik. 7: Var ein helgekledd og stogga med einannan, var det vanleg med handhelsing. \[s. 2\] 8: Elles handhelste ein når ein kom i gjestebod og høgtidlege ærend. Ein handhelste ogso på borna, gjerne med nokre ekstra ord til dei når ein kom på vitjing. 9: Det var ikkje vanleg. Ein tok det for storlæte og at vedkomande som gjorde det, ville gjera seg til, vera storkar og likna på presten eller andre storfolk som gjorde slik. 10: Kan ikkje hugsa det, men har høyrt om det. 11: Dei stod stille til likfylgjet var fare framom. Kom der brurfylgje, stelte dei seg gjerne på ein stad der dei såg vel, ein haug ell. likn. og stod der til "brudråæ" var faren framom. 12: Kan ikkje hugsa om det. 13: "Gomorn" eller "morn" til 8 - 9 etter årstida. "Goddag" 8-9 til 17=18. Sidan "Go kveld." "Farvel" utetter dagen, og "god natt etter kl. 17 - 18. 14: Ein såg det før som usømeleg å helsa "godmorn" når det leid fram mot middag t.d. 15: Bestemor kunne svar om nokon t.d. kom og helsa "godmorn" kl 10. "Godmorn midt på dagen." Enno finst det folk som demonstrativt svarar "Farvel" når det vert helsa "morn" eller "mårn" til avskil 16: "Morn" eller "mårn" har i det siste avsløyst mykji godt alle gode gamle helsingar. Ein høyrer også berre "hei" eller "hallo"! millom ungdomen. Men eldre folk held enno stort sett på det gamle. 17: "Signe arbeidet", "signe maten", "signe strevet", "signe laget", "signe kvila", er enno i bruk millom eldre folk. \[s. 3\] 18: Svar på "signe" helsingar. "Takk". "Takk, og velkomen til." Om eit arbeid som ein ikkje har stor tru på svarar ein stundom (humoristisk meint): Eg veit ikkje skikkeleg om det er signande. Utan skal du ha takk. 19: Ein tok oppatt helsinga inne med "goddag i stovene (det) eller "Goddag i huset". 20: Ei spør: Var det råd å få nokre ord med deg. 21: I gamal tid var det nok ymse. Det vart nok av mange i gamal tid rekna som tilgjerdsla. No er det vanleg. 22: "Kom inn!" Den som kom, måtte \[-2\] 23. helsa og verta ståande ved døra til han vart beden plass. 24: Det eg kan hugsa, var det visst ikkje vanleg ein skulle ta av huva eller hatten før ein sette seg. Men både mor mi og bestemor f. 1844 var nøgne med at me skulle ta av huva med same me kom inn. Dei rekna det for udana og usømeleg når nokon kom inn og sette seg med huva på. Men det hende at folk gjorde det. 25: "Du må finna deg ein sess!" - Du må setja deg nedpå!" - Den som kom, måtte helst vera blyg eller noko tråbeden og svara: "Takk, Eg er no ikkje vansoten", eller: "Eg treng ikkje sitja. " Eg har ikkje so langt ærende". "Eg skal straks gå att" ell. likn. 26: Ein fann gjerne ein betre stol til framande 27: "Er det framandfolk ute og fer?" Var det ukjende, spurde ein: Kvar er du (de) i frå?" (Til bygdefolk nytta ein \[\_du\]). \[s. 4\] Ein bad kjenningar finna seg sitjeplass (sess). For framande sette ein fram stol eller krakk. Ein turka gjerne av stolen for framande. 29\. Ein gjekk ut og sa: "No får de vera velkomne." 30\. Eg kan ikkje hugsa noko fast anna dei vanlege helsingar. 31\. a. "Du må leva så vel, og så må du vera velkomen att!" - "Du må stå deg godt, no då!" "Du må fara så vel no då" b. Ein takka for det ein har hatt i lag. "Du må fara vel. Gud hjelpa oss å møtast att." 32\. Nei, det ville vorte rekna for ei skam. 33 - 34- 35 - 36 - 37. Ein bruka ikkje å kyssa så folk såg det i minsto. 38\. T.d. "Kan du gje moster ein \[\_suss\]?" Då eg vaks opp, var det ikkje bruka. 39: Ja, det var vanleg leik med små born: Ein kalla det "å byta nos". 40: Helst foreldra, men andre kunne og gjera det. 41: Me hadde ein kårmann på garden. Han var lei til å ta nasen min (ta nosæ") då eg var liten. Han tok nasen millom peike- og langfingeren, sette "\[\_tumlungen\]" millom dei to fingrane, synte han fram og kasta så nasen langt bort. Når eg så tok til å gråta for nasen min, tok han han att i lufta, og sette han på att. 42: Far og mor ville ha "god kjeke". Me la kjaken inn åt deira. No er det bruka at andre vaksne og får "god kjeke" \[s. 5\] 44: "Til lukka med dagen" (årmålsdagen, brudlaupsdagen konfirm.d., dåpsdagen o.s.b.) "Til lukka med handelen" (gard, hest ku o.a.) (Gratulerer er og noko nytta) 45: "God jol" - "gledeleg jol". "signe jolæ", - "godt år!" "signe året". Ved barnefødsel, truloving og brudlaup ynskte ein tillukke. 46: Eg har mest minner om at det vart sagt svært lite. Ein gav handa til eit handtrykk. Det vart oftast det heile. - Ved motgang hende det nok ofte ein lova hjelp. Men faste vendingar var det ikkje, det eg hugsar. 47: Ein takka oftast teiande. 48: Oftast vart og vert det heller ikkje takka på vegne av den avlidne. Men det hende ein og annan gjer det ved bordet etter gravferda. 49: Herma etter vedkomande. 50: Seier, \[\_du\] til alle bygdefolk, helst også til andre. 51: Har visst aldri vore i bruk her.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste