Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_1054_Øs_Skjeberg
Transkripsjon av filen #NEG_2_1054_Øs_Skjeberg
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Har slått i utmarka på myrar og "bekkerenar" og "utjorder". Det var bare på mindre bruk. Nå er det slutt, trur det slutta kring 1900: Men ennå er der dei som skjærer "seva" ved sjøen og strendene og gir til kua den som hakkelse. Det var skilnad på korleis ein fekk høyet ihus på store og små gardar. På småbruk bar dei ofte høyet inn. Hadde "benne" av 2 "granklavar" som var bundne ihop med vidjer. Tok heile "såta" i den. \[Figur. Tegning av benne\] Bøydde ihop endane og hadde eit tau i som dei så bar over eine skuldra. \[Figur. Tegning av mann med benne med høy\] \[s. 2\] Hadde "treskoning" med "grinnar" på. Tok 1 1/2 skippund høy. Hadde ikkje hjul. Gjekk på bakken. Sume hadde også bare 2 hjul og lessa på som ein vanleg 2-hjulsvogn. Men det var bare på småsteller dei hadde slike. Nokre bar i tau. Legg det dubbelt og har begge endane over eine skuldra. Ein lyfta i bak, om det trengst hjelp. Kvinnfolk ber ofte høy i laken eller eit tøy. Tar i strytene over eine aksla. Ikkje brukt å bære høy på bårer. eller trillebår. Hadde "stakkar" i utmarka. Hadde i stong i midten av den. \[?"Kjemma"\] stakken. Bar høyet bort til stakken med "benna". 3: Kjørte høyet frå utmarka heim om vinteren. Ein hadde ein slått og å \[?ku\[-y\]/kyr\] på ei øy. Hadde ein flåte han tok hesten over med om våren når han harva. Men grøa og høyet låg der til isen kom. Kjørte også opp nokre møkkalass over isen. Kjørte med slae på føre fra stakken. 4 "Treskoningen" var litt mindre enn ein "langslae" og hadde skjekar som på ein slae. Hadde "grinnar" på treskoningen og dei var høgare \[s. 3\] enn dei grinnane som nå er i bruk. Segjer "høyvogn" her, men det slumpar at sume seier "høyslae". Nå har den forstilling med ein tapp som vogna vert tredd på. Har "lessestong" på lasset. Det er ein lenk i den og ein krok framme og bak til "karane". "legge på stanga" (brukar både "stang" og "stong") Det var ikkje bestemt forhold mellom stakk og lass. Stakken hadde eit golv så den ikkje kom nedi bakken, 2 meter i botn i diameter. \[-Måtte ha noko å stå på og kaste høygare opp.\] Ikkje nokre skikkar om stor og lite lass o.s.v. 5: Ikkje fellesslått. - Måtte \[-sjelden\] brøyte opp til stakkane 6: Det slumpa ein bruka ein liten plog til det.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste