Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_9074_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_36_9074_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: \[\_Ja\] vert uttrykt med ein nikk med hovudet \[\_Nei\] med å rista på hovudet. 2: Heime på Bordalen der eg er oppvaksen, var det i min ungdom vanleg å helsa på alle ein møtte anten ein kjende dei eller ikkje. Her eg no bur, i Reppen, er ferdsla så stor. Det fer så mykje ukjent folk etter vegen at ein her har vant seg av med å helsa på ukjende. Eg har inntrykk av at det går i den lei på Bordalen og etter kvart som ferdsla aukar. Det er nok helst berre dei gamle som helser på alle dei møter. 3: Den framande som kom til gards, skulle helsa fyrst. Den som kom til ein arbeidsplass, skulle helsa fyrst. Den som kom til ein kvilestad der det sat nokon før, skulle helsa fyrst. Elles var regelen at born og ungdom skulle helsa fyrst. 4: Dei vanlege helsingane var: \[\_Gomårn\], (godmorgon), godag, gudajen, gokveld, gokvelden. Svara var vanleg med same ordet, eller ofte svara bestemor mi \[\_gudajen og\], \[\_gukvelden og\]. Når ein kom til ein plass der folk arbeidde, helsa \[s. 2\] ein fyrst med vanleg helsing. Etter ein hadde fått svar, helsa ein: \[\_Signe arbeidet\]! Svaret på dette var vanleg: \[\_Jau, takk\]. Eller ein drog stundom på det og svara: Ja, eg veit mesto ikkje om da æ signande. \[\_Signe arbeidet\] er vanleg enno. Kom ein til ein kvilestad der det var nokon før, skulle ein etter vanleg helsing, helsa: \[\_Signe kvilo\]. Svaret var då: Takk, å velkomen te. \[\_Signe laje\], helsa ein når ein kom i eit lag. Var ein velkomen, var svaret: Takk, å velkomen te. \[\_Signe maten\] var vanleg og er det enno. Svar: Takk. Desse helsingane var bruka av alle. Elles tykte nok folk det var ikkje naudsynleg at born signa arbeidet, kvila eller laget. Det vart vel helst rekna for veslevakse om dei bruka det. 5: Ein bruka ikkje å ta av huva eller hatten for bygdefolk. Men for presten og andre embetsmenn letta ein på hatten eller huva. 7: Eg veit ikkje om det var kleda som gjorde det, men når kjenningar møttest med kyrkja 8: eller dei kom i lag til gilde, helsa ein alltid "oppi håndæ". (handhelsa) Til kvardags bruka ein ikkje handhelsing. Ein helste gjerne på dei minste borna og når ein kom på vitjing. Det hende endå at ein berre helsa vanleg helsing på dei andre, men ein gjekk bort og tok veslebarnet i vogga i handa. 9: ja, det kunne nok henda dei klappa ein annan på aksla, men ein rekna det nok helst for å vera litt for mykje. Ein skulle helst ikkje syna sine kjensler i den grad. \[s. 3\] 10: Kan ikkje hugsa noko om det. Me budde elles so langt frå kyrkja at me ikkje høyrde kyrkjeklokkene til vanleg. 11: Dei stogga til fylgjet var fare framom. Eg trur eg hugsar eldre karar tok av seg hovudplagget. 12: Kan ikkje hugsa om det. 13: \[\_Gomårn\] kunne ein ikkje helsa etter klokka 9. Så var det \[\_godag\] til det tok til å mørkna eller om sumaren tik arbeidstida var slutt. Sidan var det \[\_god kveld\] og når ein skildest, \[\_god natt\]. 14: Ein såg det usømeleg å nytta ei helsing som ikkje var rett. 15: Eg minnest bestemor mi. Brita O. Rokne, fødd 1844, svara ein som helsa \[\_gomårn\] klokka 10 eller kanskje vel det: \[\_Gomårn midt på dajen.\] 16: \[\_Morn\] til alle tider på døgret held på å koma utover bygdene og. Men mange eldre held enno på dei gamle helsingane. 17: Signe arbeidet, signe strevet, signe kvila, signe laget, signe maten var vanleg og er enno i bruk. 18: \[\_Signe\] var det vanlege. Om svaret sjå spm. 4. 19: Etter gjesten har helsa ute, helsa han når han kom inn i stova: \[\_Goddag her\], eller \[*gudajen i stovene\]. 20: Etter ein hadde snakka med dei som var tilstades, sa ein: Eg skulde ha snakt eit or med deg \[*(Andres)\] (fornamnet) \[s. 4\] Kom ein bort i eit framant hus, banka ein helst på døra. Elles kunne det nok henda sume gløymde det. No er det vanleg å banka på. 22: \[\_Kom inn!\] eller om det ikkje passa med same, var svaret: Venta elte! (\[\_Elte\] er truleg forkorting av ørlite eller vossamål: \[\_errlite.\]) Når det passa, let ein opp døra og bad den som banka, inn. Han som kom inn, måtte helst lata att døra før han helsa. 23: Han skulle verta ståande til dei bad han setja seg. 24: Det var nok vanleg å ha huva eller hatten på til ein sette seg. Mange hadde hovudplagget på til dei vart bedne til bords. 25: "Du får setja deg nedpå." - "Du får sjå å finna deg ein sess (krakk)" - "Du får sjå du får sitja". 26: Fantar og tiggarar bad ein ikkje sitja. 27: Ein spurde kvar dei var frå før ein bad dei inn og før ein baud dei sitja. 29: Dei vart handhelsa og bedne velkomne og synte inn i stova. 30: \[\_Farvel.\] Svaret var og \[\_farvel\] 31: a. "Du må leva så vel då". - "Ja, no må du leva vel då." Ein kunne då halda einannan lenger i hændene. b. Ja, no vert det vel siste gongen me møtest. Men no må du leva so vel. 32: Nei. 39: "Skal me byta nos?" var vanleg spursmål når vaksne var komne i kontakt med små born som dei leika med og kanskje apast med. \[s. 5\] 40: Det kunne vera foreldra, eldre syskin eller andre. 41: Ville ein erta eit barn, kunne eit \[\_ta nosæ\] åt det. Ein knip henne millom peike- og langfingern, sette tumalfingeren fram millom dei to fingrane og synte fram \[\_nasen\] til barnet. Etterpå kasta ein nasen bort. Men som trøyst hende det ein fekk tak i nasen att og sette han på att. 42:Ein kunne be småborn om å få \[\_god kjeke\] hjå dei. 43: Millom born og vaksne eller millom born. Ikkje millom vaksne. 44: Ved gledelege hendingar og høve 45: \[\_God jol!\] - \[\_Gledeleg jol!\] Godt nyttår! Godt år! - God påske! God pinse! God kvitsnhelg! Til lukke med vetlabadnet! - Tillukke med guten din - (gjenta di). Tillukka med forlovelsen! I brudlaup: Tillukke med kona - Tillukke med skautet. Tillukke med pakta. 46: Ikkje noko fast helsing - eit handtrykk - nokre ord til trøyst - eller nokre minneord om den avlidne. No brukar mange: \[\_Signe sorga\] - \[*Signe minnet.\] 48: Ein brukar ikkje å takka offisielt. 50: Ein sa før du til alle utan presten og embetsfolk - og andre \[*"finare folk") Dei sa ein \[\_De\] til. 51: Nei.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste