Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_1051_Øs_Trøgstad
Transkripsjon av filen #NEG_2_1051_Øs_Trøgstad
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Langt tilbake hadde dei "subbe- sledar". Slike hadde dei på Nordare Jørentvedt. Hadde hjul bak og framme var der "meiar" i staden for forstilling. Så var det "skokler" på, slike dei brukar når dei pløyer og harvar. Dei bruka 2 hestar og derfor hadde dei "beiteskoklar" Her på traktene kring Jørentvedt var der ikkje utmark dei kunne slå i. "Raskarslått" var bare det som stod tett med gardar og i \[?kvær\]. 2 Husmennene bar høy. Var høyet smått bar dei det i eit stort klæde. På Åserud bar dei det i eit laken. Tok spissane ihop og to tak i "snyta" og slengte det på ryggen. Gjørde det i Måsan også. Var høyet skikkeleg, bar dei i tau. Tauet låg dubbelt og putta endane i bukta og klemte til. bar det med tauet over skuldra. \[s. 2\] Bar både korn og høy slik. Den som "raka" skudde og lette i bak. ( - Når dei "braut lau" batt dei "kjervane" saman med vidjer. "Bennelen" til laukjervane var laga av 2 kløfta greiner som var sette inn i kvarandre. \[Figur. Tegning av bennel\] Tok dei 4 endene og snurra dei ihop som bennelen på kornet.) Veit ikkje andre måtar å bære høy på ryggen på. Mannfolka "slo" og kvindfolka "raka" og "breidde". Ikkje snorsekk eller løypestreng Det slumpa at folk kjørte høy i trillebører, men det var mest ikkje trillebører i gamle dagar. Har sett dei har båre "tørv" på "bårar" men ikkje høy. 4: Her på garden bruka dei vanleg "høyslae" med "forstilling" slik som nå. (4 hjul). Forstillinga har ein forstillingspigg av jern som "høyslaen" er tredd nedpå. Var noko mindre før. Nå er den 4 meter, førr bare snaut 3 meter. Bredda er omlag lik nå som før, for det er "hjulganga" som avgjer det. Men "grinnane" var mykje høgare førr enn nå. Var omlag 1 meter høge førr, nå bare det halve \[s. 3\] Men "kærane" er mykje høgare nå enn før. Då var "kærane" like høge som grinnane. Kærane er framenden og bakenden I gamle dagar bruka dei bare "lesseriver" til å lyfte høyet oppi \[-grinda\] høyslaen. Hadde ikke gafler. Lesserivene hadde større hovud enn dei vanlege rivane. Det var ein oppi lasset og trødde ned. Småguttar trødde høyet ned. Gjenter og. "Lessestonga" la dei oppå lasset. Framienden på "kæren" var ein bøyle av jern. På bakre kæren var ei jernlenke. Dei kalle det å "tenge"
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste