Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_1050_Ak_Setskog
Transkripsjon av filen #NEG_2_1050_Ak_Setskog
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Dei bruka mykje å slå i utmarka, på myrar og i fjellet da dei var mindre. Kalla det "skrabbeslått" 2: Dei bar mykje høyet til stakken Til det bruka dei "meis". Den var laga av to "jorer" med tverband i kross av vidjer \[Figur. Tegning av "meis"\] i den eine gjorda var det ein ring. Når dei bar, hadde dei ein stokk dei sette gjennem ringen. Enden av stokken sette dei under øvre buen av andre gjorda og bar med stonga over eine skuldra. Elles kunne dei bruke "børsvolk" som var laga av vidjer. Den hadde ei lykke i eine enden. Dei la høyet bare oppå børsvolken, smøygde enden av vidja gjennom lykka og \[s. 2\] bar børa med vidjerenden over eine skuldra. Var børa tung, hjelpte ein til med å lyfta i bak. Dei har aldri høyrt om at nokon brukar bårer, sekker eller anna til å bære høy i. 3: Dei kjørte høyet heim om vinteren på "slaen" Bruka før "treskoningar" til høyet heime også, men det vart det slut med stort sett då dei vaks opp. 4: Skrapa alt med seg. Dei festa lasset med ei "lessestong" som vart sett fast i ei "grime" framme og festa deretter i ein krok bak. Hadde og har "grindar" på "høyslaen" som nå har hjul med forstilling som og har hjul. 5 Ikkje fellesslått
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste