Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_8493_Ro_Erfjord
Transkripsjon av filen #NEG_36_8493_Ro_Erfjord
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_Måtar å refse folk på.\] Folk hugsar ikkje at ein slo figurar, ringar eller spiralar i graset til den som somla eller slarva med å slå. Heller ikkje at ein skar ein holme i åkeren eller at ein sette opp halmfigurar til den som var sein med skuren. 2: Ein hugsar ikkje at ein viste pålar og stokkar langs veggen og ved dører til karar som var ute etter midnatt skjærtorsdagen, langfredagen eller andre bestemte netter. 3: Har ikkje høyrt om julskåka her. Heller ikkje at ein for rundt julanatti og riste folk på senga Ein hugsar heller ikkje noko liknande her. B. Det har ikkje vore vanlegt her at ein sette utnemne på folk for på den \[side 2:\] måten å refse dei. 4: Folk sku ikkje gå til andre fyrste jeledag; men ein har ikkje noko utnemne på dei som gjer det. 5: Før sa ein om den som ikkje fekk noko nytt klesplagg julaftå, at han bar verahodne. Men alle sku ha noko nytt julaftå, ingen sko bera verahodne. 6: Ein hugsar ikkje andre utnamn på folk som forsømte noko tradisjonelt påbud eller ikkje oppnådde det han skulde. Det har vore vis her at ein har drege opp båtane til utegutane, serlegt då til rundt om friarar, og til slike som ein tøkjer ber seg usømelegt åt. Det er helst ungdomen som dreg båtane opp på haugar eller på andre sjålege stader. Når so friaren kjem og skal i båten er denne burte, og han lyt då koma seg heim best han kan. båten vart då ståande i syne for alle folk dagen etter. Ein er jamt godt mannskap når ein tek båtane, og stundom kan det vera heller langt ein dreg dei. Er uteguten komen i hus har det hendt at ein har drege eller bore båten opp til huset og sett han frå seg der. Dette kan kanske vera ein måte å refsa på. Denne skikken er gamal og han er i bruk enno.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste