Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_1049_Øs_Rømskog
Transkripsjon av filen #NEG_2_1049_Øs_Rømskog
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Dei slo høy på myrar og i fjella. Kalla det "skrabbeslått". På myrane slo dei "stør" og på turre stader "finskjegg" Mannfolka slo og kvindfolka raka. I eldre tid hadde "høyslaen" bare meiar. Det hadde den då han var smågutt. Dei bruka lenge "treskoning". Den hadde "meiar" av tre og høge "grinnar" På Engen hadde dei ein høyslae på 2 hjul og meiar i framenden. Hjula stod omlag på midten. Den sleden hadde også grinnar. Har sjølv kjørt med den. \[Figur. Tegning av høyslede med to hjul\] (omtrentleg teikning.) Der \[-var\] dei ikkje kjørte kunne dei bæra med "laubond". Dei var av store kjerr dei la om høyet og bar på ryggen. \[s. 2\] Det var 2 \[-greiner\] \[?svager\] som kvar hadde to greiner. Den eine svaga hadde sers sterk stamme Dei tredde den eine kløfta inni den andre, knepte dei 4 mjuke endane saman og bar i dei over eine skuldra. \[Figur. Tegning av to kløfter på "laubond" der den ene er tredd inn i den andre\] \[Figur. Tegning av sammenknepte ender på "laubond"\] Elles "skov" dei bork til krettura. Dei sveltefora dyra før og slapp dei alt for tidleg ut. Det hendte at folk gjekk med "skryne" etter veien og plukka opp hestelort som dei sidan ga til kyrne. Dei var så fegne då dei såg korleis "kveka" vaks. Dei bar kveke i "bører" frå Sverige og hakka den opp og sådde i jorda. Nå angra dei det.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste