Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_1046_Øs_Aremark
Transkripsjon av filen #NEG_2_1046_Øs_Aremark
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Det var omtrent det same på store og små gårdar. Slo på fjellet og myrane. Har ikkje slått på fjellet på lange tider, men ikkring 1860-70 var det full kraft på fjellslåtten, deretter gjekk\[-et\] det fort av bruk. Ingen slår nå på myran. Store gårdar slo aldri på fjellet. Det var "småbøndar" som slo på fjellet. Leigde hest om han ikkje hadde. 2: Sette "stakkar" i skauen. Det var \[?stør\] ein slo. Det var tynt og nokså høgtvakse. For over store strekninger for å få "ei såte". \[-Den\] Stakken var "ei grime" i botten som tok av for væta. "Var av tre." Stakstong" var "grov som låret mitt" Var gravt ned i hol i bakken, så den stod. Trødde ner og fekk stakken som ein sukkertopp. Ikkje greiner inni stakken til \[s. 2\] å halde. "Raka tå og trødde ne, trødde ne". Hadde ei lita rund "fjøl" 5 tomme i omkrets. Den slo ein fast med ein spiker i toppen av stonga. Når stakken skulle opp var det 3 som var med. Ein til å bære, ein til å lyfte opp og rake ne og ein til å trø ned. Når ein skulle bære høyet inn til stakken bruka dei "benner" eller "høybenner" som sume kallar det. Det var ikkje tau, for då vilde høyet "dette tu" Det var to bjørke- kløfter som vart bundne ihop med endane. \[Figur. Tegning av bjerkekløfter som er sammenbundet\] Dette la ein på marka og la høyet oppå. Så tredde ein eine kløfta gjennom den andre \[Figur. Tegning av bjerkekløft, tredd gjennom annen kløft, og høy\] og bar i ein enden som då låg over eine skuldra. \[Figur. Tegning av mann som bærer høy over skulder\] \[s. 3\] Slik kunne ein også gjere det heime på små husmannsplasser Tok ikkje så store børar at ein trong hjelp. Heime på jordene var det større \[-gar\] børar og då trong ein hjelp til å reise seg. Den som "tok i" stod bak og løfta så han fekk børa på aksla. Lyfte i børa med båe hendene Har ikkje drage høy på \[?bjørken\] Andre har heime nokre andre slags "høybend\[-elar\]er" ("ein høybendel") Dei var laga av "tølja" langde fine tre Dei var tølja så det var bare halvtjukke så dei kunne bøyast og korstilla spiler i. Hang ihop med to tau i enden. \[Figur. Tegning av høybendel\] \[Figur. Tegning av mann med tom høybendel med tekst: her er ikkje tekna i det som skal berast\] Serleg var desse bennelane gode til å bære inn korn med. Når ein slo på myrane, var det "kallen" som slo, kvindfolka slo aldri, dei ragte. Ungar \[s. 4\] måtte være med og lære seg te frå 7-8 års alderen. Sjølv tok han til å slå då han var 10 år på myrane. Sume kunne selge høy til andre som ikkje hadde, men helst bruka dei det heime på gården. Berekna kor mye kretter dei skulle ha om høsten etter det høyet dei hadde avla, for det var ikkje lett å få kjøpt høy. Har ikkje brukt høysekk, og heller ikkje bårer og ikke løypestreng eller kipe. Har trillebårar men \[-bare\] ikkje til høykjøring. 3: Kjørte heim om vinteren så fort som det var "frøse" på kjennane. "Dei va så glae når det var frøse før det ble jup snø" \[-Kjørt\] Det gjorde ingen ting om det var bart, for dei hadde "treskoning" 4: "Treskoning" hadde breide meiar, breide som handa. Var gjort som ein "slae" Gran var det beste. Sleper over stubbar og steinar og alt så lett så lett. Sleden var smal, bare 22 tommer. Var 4 alen lang. Vart skoningen utsliten, "fora" dei under ny sole og den kunne dei kjøre på \[s. 5\] i lange tider. Der var 3 "fjetter" på kvar side. Ei bak, ei i midten og ei frammi "rese" Med sida av fjetterne var "harben" som gjekk gjennom "remen" I reset var "draluka" for "drotten" På denne sleden sette ein "grinnar", ofte dei same som ein hadde på "høyvogna". "Forstilling" hadde eit par hjul framme som var ganske låge, bare ei halv alen, dei bakre hjula var ei alen omtrent. Det kalla ein "høyvogn". Nå har dei høg stolpe framme og bak, ikkje "høygrinnar" Førr i tida var det to grinnar, ei på kvar sida. Nå er grinnane 70 cm. Før var grinnane mykje høgare, gjekk oppunder haka (er sjølv ca 187 høg) Høygrinna var så høg at ein kunne ikkje "skreve" oppi, så grinna var mykje over meteren høg. Har ikkje sett sledar med bakdelen av treskoningen i marka og hjul framme. Svenskane kjørte på 3 hjul, men ikkje brukt her. På ei vanleg høyvogn går 2 skippund. Nå går det vel 4 skippund, for nå er vognene mye lengre. Treskoningen tok \[s. 6\] like mykje som høyvogna på slette bakken. Det fekk gå som det kunde med siste lasset. Skrapte med seg alt. "Hvert evige grann var det om å gjøre å få med seg". \[-Br\] Festa lasset med "ei stong" Feste den i fremre grindenden og feste i bak etterpå. Endestengene ein feste "lessestonga" i kalla dei "karrane" ("bakre karren" og frammare karren") Har eit tau med krok i og hekta i "den bakare" Heiter "å jure på" eller "jure fast" Stakken var så stor at det gjekk meir enn eitt lass i den, men ikkje bestemt forhold. Vinterlassa var mindre enn sommarlassa, for det var meir ulendt. Det \[-hende der\] var "helspann" med 2 hestar. Det var støtt det i bruk heime på jorda på større gårdar. Det var nytta 2 hester framfor "tre- skoningen". 5 Ingen samslått i Aremark. 6 Måtte "måke" der det var slemt med snø". Gjorde det med "treskuffer" (Der var ingen jernskuffer då)
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste