Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_8089_Bu_Hemsedal
Transkripsjon av filen #NEG_36_8089_Bu_Hemsedal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_Måtar å refsa folk på.\] \[\_Tradisjonsbundne\] måtar å refsa folk på kan eg ikkje minnast. Det må ha vore lite i bruk så seint som i min oppvekst. Derimot kunne det vel henda at folk sa si meining - anten ved åtferd eller tiltale (og omtale) - ved einskilde høve, når det fall seg slik. Men det var som oftast at frå ein inspirasjon i aunge- blinken. Døme: Ein snikkar som ei tid budde i ei stove som høyrde min bestefar til, gjekk forbi ei timbre der folk sto og arbeidde. Han sto og såg på dei lite grann, og så sa han: "De timre nordté" (nordover) d.v.s. skakt. Og så gjekk han. Det var ei finsleg refsing. - Ei gjente som meinte seg forsmådd av ein mann, sende han - just som han var trulova med ei onnor - ein dusk med "forglemmigei". Det var nok ei refsing som stakk og mindre finsleg. - Når \[s. 2\] me ungane ikkje sopte golvet skikkeleg refsa dei vaksne oss med å seia: "Då (når dei ikkje sopar finare) får du ei skurvut kjering". Det som er nemnt i spørjelista er ukjent så vidt eg veit i mi heimbygd (frå gamalt av). Folk trong inga påminning om slåttonn og skur, det var i deira eige interesse å passa tida. Kan heller ikkje minnast at folk let det skure med slikt. At folk vart ille omtala elles fekk utnamn om dei forsømde det som var vanleg skikk og sed, det hende nok. Men eg kan ikkje nett minnast nokon \[\_tradisjon\] i samband med såvore - Ein mann i grannebygda som under eit slagsmål fekk bite av seg noko av eine nasevingen, vart heitande "muse-flekken" all sin dag. (Det såg ut som musa hadde vore på han). Ein mann i bygda kalla dei "Grauten" - kva grunnen var har eg aldri høyrt. No er det ei vanleg vending å seia til folk: "De må ta grauten mè han è varm", når dei skal til bords. "Grauten" hadde arbeidsfolk ein dag, og då han bad dei til bords, snudde han lite på det og sa: "De får ta heiten mè han è varm!" 17-8-53. Ola Rudvin
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste