Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_7979_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_36_7979_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_Måtar å refse folk på.\] A. Eg veit lite om dette emnet. Visseleg kunne dei ved ymse teikn og oppsetjing av figurar eller anna, syna ein granne eller eit byg- demenneske vanvyrdnad eller refsing. T.d. ved å hengja eit plagg utfor døra hans. "Skammaskot" ved bryllaup er vel kjent, det var 2 skot i staden for 3. Dei kunne og byggja opp hindrin- gar i vegen for eit bryllaupstog - eller anna lag - slik at dei laut vika ut or vegen. Det gjorde dei for bryllaups- toget på Kløve, heimi Grauagardane, då ei gamal enkja på Kløve gifte seg med ein berrande ung mann. Det var ei form for refsing. Bjølleleik var den vanlege form for å refsa kjærastefolk som ikkje ville at ålmenta skulle vita om forholdet. \[s. 2\] Seinare strådde dei med sagmug (sagflis) frå dør til dør i slike høve. Dei "busste" for dei. Det var ei stor skam "å verta busst" for. 3: Dei gjorde "jolasprilù". Men i detalj å forklara korleis dette var, kan eg ikkje her og no er. Heime på Voss kunne ein røkja etter. B. Ved å setja namn på folk. Dei var stygge til å gjeva einannan "utnemme" som det heitte. Det var mange slag av dei. Sume kunne gå på ein skavank som den- ne personen hadde, t.d. "Krylen", "Haltepinken" o.a. Men sume vart sette på fordi denne personen ikkje greidde sitt arbeid som andre, t.d. "Durrle-Nils", "Seina-Serro" (kvinna). Eller fordi dei var toskne "Kvitna - Ritlo" (kvinna). 4: Det var utanom skikken å gå til nokon på joledag. Men eg har ikkje høyrt noko serskilt namn på den som gjorde det. 5: Dei som ikkje fekk eit nytt plagg jolaftan var tilsidesette, det vart rekna som ei refsing og hende sjeldan. Eg har òg inntrykk av at dei meinte det drog etter seg ulukka. 6: Den som ville prøva fiskelukka og ingen ting fekk, vart kalla "vassfis". Det var eit svivyrdings namn: "Vart du vassfis i dag!" "Fis" var i det heile svivyrdande. "Boe-slòtt" var namn på den som gjekk i bryllaup eller gjestebod ubeden. "Glankar" var eitt.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste