Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_7931_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_36_7931_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Å nikka ja, å rista på hovudet tydde nei, men slike rørsler med hovudet var ikkje sers vanlege. 2: Etter gardsvegane på Lid brukte ein å helsa på alle ein møtte, men ikkje så nede i postvegen eller på Vangen, der helsa ein til vanleg ikkje på framande. 3: Den som var mest framande på staden ein møttest, hel- sa fyrst. Elles ikkje noko regel for kven som helsa fyrst, korkje for kar eller kvende. 4: Vaksne helsa oftast med God dag, eller God kvelden. Mindre born kunne vera sjenerte og helsa fyrst når dei vart tilsnakte. Dei vaksne kunne seia nok slikt som: Nei, god dag vetle Joans, god dag Vetl-Anna. Eller: Æ da du Joans so æ ute å gaor. 5: Karane tok av seg hatten når dei helsa på presten el- ler skrivaren, men sette straks hatten på plass att. Seg imellom tok dei aldri hatten eller luva av seg når bygdefolk helsa på einannan ute. 6: Eg såg aldri at nokon tok hatten eller luva under ar- men eller vart ståande med hatten mellom nevane. 7: Kledebunanden hadde lite å seia for helsinga. 8: Handhelsing var vanleg. Var slektingar eller kjen- ningar bedne heim, gjekk dei alltid rundt og hand- helsa på alle, også på småborn, og hadde eit godord attåt God dajen. Men om grannen kom innom eit erind, handhelsa han ikkje, sa kanskje \[-eingong God dag\] ikkje eingong God dag, men bar fram erendet sitt. I slike høve var det ikkje skikken å gå inn, men banka på, og få den ein skulle ha tak i ut på troppa. Her kan eg skyta inn at endå stova vår og grannestova, og dei to Bortegarsstovene var mest i same tunet, så gjekk korkje dei vaksne eller vi borna bort til dei andre, d.v.s. inn i huset, utan å ha erende. I min oppvekst kom eg vel berre ein eller berre eit par gonger om året inn i grannestovene, og hos dei fire mennene på Nere Lid praktisk talt aldri. Hadde ein erend, helsa ein på dei ute i utedøra. Ikkje ein gong i jola var det skikk å gå til grannen, det var rett eit hende at ein kunne verta beden i jolelag. Og eg hugsar berre ein gong at Nistoveborna var bedne opp til oss då ein av oss hadde gjebortsdag. Vi hos oss var aldri bedne i slikt lag hos grannane, endå sume av dei var i slekt med oss langt ute. \[s. 2\] Emnenr. 36 (Johannes Lid) 9: Det var ikkje skikk å klappa einannan på skulderen. 10: På Lid kunne ein høra kyrkjeklokkene når vinddraget var lagleg, men ein gjorde ikkje noko sers for det. 11: Folk gjekk godt til sides og køyrde godt ut i vegkan- ten og venta der til likfylgjet eller brudråa var farne forbi, om dei møtte eit slikt fylgje. 12: På Gjerdåk brukte dei å helsa sola når ho kom att ut på vinteren, men eg veit ikkje av at vi gjorde det på Lid., Men vi viste vel at ho kom i tunet hos oss 8. februar, og vi gledde oss til at ho skulle koma. Det var kanskje eit slag helsing når ein kom i grise- huset og sa: Gisse, gisse no ska du fao mat. Eller når ein kom i floren: Korleis æ da mæ deg Fagersi i dag, eller i smalfloren: Å, vetle pérrane mine! 13: Go morn sa ein berre når ein skulle vekkja ein som ikkje høyrde huset til. Folk sa Go dag heilt frå om morgonen og til dess det vart skymt, om kvelden sa dei Go kveld. Oftast heitte det for resten: God dajen og Go kvelden. Det var når dei møtest. Når dei skil- dest sa dei mest jamt Far vell. Det måtte vera sers seint om kvelden om dei skulle seia Go natt, det var reservert til tidspunktet når folk skulle leggja seg. Go middag og Go efta var heilt ukjent. Når det ikkje var brukt å seia Go morn, så kom det seg vel av at folk var vane å risa tidleg opp, og når dei var kom- ne skikkeleg i arbeid, då var det alt "dajen". Det var nok mest for rimet si skuld, at dei kunne seia: Go morn så Boren, Go dajen sa Bulkehajen, Go kvelden sa Skjelden. Boren var han Olav Knutson (1814-1890) som hadde plass på Bjørkeborna. Bulkehagen var plass under Bulko, man- nen heitte Lars. Skjelden var han Olav Skjelde (1827 - 1889: på Himle. Dette rimet høyrde eg av henne godmor. 14: Når ungdomen på Vangen ei tid etter 1900 tok til å seia gomorn eller berre morn også utpå dagen, reager- 15: te bygdefolket med å svara goddag og farvel, som før. I det siste har også adjø kome inn, men bygdefolket held på dei gamle helsingsmåtane, og seier orda hel- ler langsamt, ikkje så abrupt som det no er vanleg. 17: Guds fred høyrde eg ikkje som helsing på Voss. Deri- mot var det heilt vanleg med Signe arbeidet, Signe kvile, Signe maten. Eldre folke, og folk med omtanke sa alltid det når det kunne vera aktuelt; i all fall alltid når dei kom der mat sat og fekk seg mat så da dei Signe maten. (Signe aoto er noko nyare som meir uvørne ungdomar halvt skjemtsamt har lagt seg til å seia.) Desse Signe-helsingane kom alltid i samband med eit føregåande Goddagen, Godkvelden eller anna. 18: Eg meiner ag har høyrt slikt som: Signe deg Brita, du æ no allti so go. 19: Når husbonden tok imot ute og så fylgjde gjesten inn i stova, helsa gjesten på dei som var inne. Var der in- gen, helsa han ikkje oppatt. 20: Skulle ein tala åleine med husfaren, så gjorde ein det ute i døra eller ute i tunet, slik at dei inne skulle veta at at var noko dei ikkje burde kjenna til. Men var ein komen inn, og hadda prata litt att og fram, så kunne ein seia: Da va nokko so eg skulde ha snak- ka me\[-d\] deg Ola om, og så gjekk dei ut i kammerset eller helst heilt ut i tunet eller bort i låven. \[s. 3\] Emnenr. 36. (Johannes Lid) 21: Ja, det var vanleg å banka på døra når ein kom, det gjorde òg næraste grannen, når han kom bort til oss. 22: Kom inn, sa dei inne. Eller dei skunda seg ut, dersom dei hadde noko arbeid for seg så det kunne vera hel- ler uryddig inne, serleg dersom det vart banka på øv- redøra (kjekeninngangen) hos oss. 24: Folk tok alltid av seg hatten eller huva når dei kom inn. 28: Nei, dei turka ikkje av stolen for gjesten, det ville vore skam å ha ein skiten stol. 29: Gjester som var bedne koma, heldt vi utkik etter når dei kom nede ved Storafuru eller under Kolgroveha- gen i Bortegarden, eller over Kyrkjemyra om dei kom Brynavegen. Så var han far ute i tunet og tok i mot dei, og vi gutane tok hesten eller hestane. 32: Kyss vart aldri brukt det eg har sett. 39: Ja, med småborn (2-3 år) kunne ein byta nos. Kanskje kunne mora gjera det, men \[-hesl\] helst var det andre. 44: Ein kunne Ynskja til lukka med gjeburtsdagen, med forloving og brudlaup og sume andre høve, derimot ikkje med nye klæde eller andre bruksting, så sa ein Slit da mæ helsa. 45: Gledeleg jol, godt nyår (men ikkje Go påske eller Go pinse eller Go hels). Ved viktige hendingar som for- loving, brudlaup, barnefødsle, dødsfall hadde dei ik- kje faste formularer, men fann uttrykk i hjarteleg ordleggingar. 49: Det kunne henda at folk med høgre handa peika nasa til folk, men det var ikkje ofte. 50: Dei sa du til alle. Ho mor hadde ei veninne den tida ho gjekk på lærarskulen i Ølve. Der i Kvinnherad sa borna I og ikkje du til foreldra, og då gjenta høyr- de at dei på Voss sa du til alle, spurde ho: Duar du presten òg? Duar du mor di òg? Det siste måtte vera verre enn det fyrste. 51: Nei, dei sa aldri "han" eller "ho" om den ein tala med. Oslo 7. juni 1953. Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste