Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_7849_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_36_7849_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: A 1: Ukjent 2: – « – 3: Det er kjent at ungdom på skøy tok skoga-sleden, som sto ferdig ute på garden, lyfta han jamhøgt med låve- taket og smetta han ned på ein hesjestolpe. (På utsia av kvar skikkeleg låve var det «hes-stolper» med knaggar og slindar, der dei turka sein lo, helst ruglo, som vart skori sist.) – Han som skulle køyre til skogs, fekk nok eit svare strev før han fekk sleden av stolpen, og det var vel knapt om han kom seg av garde den morgonen. Om dette skulle gjevast ved nokor serskilt-helg, er ikkje kjent. Men det var helst natt etter ein helgedag at slike spel vart gjorde. B. 4: Ukjent nå. 5: – « – « \[s. 2\] Til spørjelista nr 36 kunne eg nemne: Vårå-vått kalla dei eit menneske dei sette i staden sin dei gongane dei helst ville gå fri sjølve. Det var eit klengenamn. Ein mann som i alt han tok seg for, var ei dugløyse, han levde til rundt 40 år sia, kalla dei Kavroten. Eit menneske som var svær til å spørja, kalla dei ei spørsmålskråke. Eit menneske som tok opp att det andre hadde sagt, eller hermde ironisk etter andre, kalla dei eit hermelepaspel. Millom ungar var det ikkje uvanleg at dei nytta ordet, men den som vart skulda for slikt med det, beit frå seg med å kalle motparten ein uppattlepalem.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste