Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_880_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_2_880_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Transport av høy Ivar E. Øvsthus Reimegrend. Hordaland Voss Øvsthus 141: 1 SVAR 1:) Frå gamal tid var det brukt å slå høy i utslåttor, både av gardbrukar og husmenn. På desse kantar tok det til å minka med den slåtten i 1880 åri, og tok heilt slutt i års- skifte 1800 - 1900. Det er hermt etter Eilev I. Øvsthus, som var fødd 1827 at i Kleivane var det 8 ungkarar som alle hadde fora til kvar sin unghest, og alt fore var samla i utmarki. Gardbrukarane køyrde oftast høyet heim på vinterføre, men kunde og draga det heim på skareføre. Men sume husmenner slo på slike plassar, at dei laut bera høyet heim. (Skiplesbakken) og det vart ofte gjort i "melsdagane" (millom jol og nyår) Og då helt dei dugne. I det dugne var det oftaste ungkarane som var, noko brennevin hadde dei med og noko \[s. 2\] fekk dei hjå husmennene. 2:) I utslåttone hadde dei småe løor, å ja, det kunde treffa det var heldra som var so store at dei hadde høy under dei. Dei bar høyet på tog til løa, men det hende at dei bar høy på "sveg" (ei bjørkesvega) og, vis det var kort stykkje til løa. Sume plassar måtte graset berast rått til turkeplass ved løa. Då bar dei til "vadla" eller breidsle, sa dei. Når det vart bore høy på tog (býratog) og det var ein- kvan med til å hjelpa upp med byra, stod dei altid attum og tok i toge under "(håvold)" Toget hadde dei yver aksli. På garden Hegg her i grendi vart det brukt ei "rodda" i eldre til, til å frakta høyet ned or noko bergslåttor. "Rodda" var laga av vridne bjørkevidjor umlag so ei reidslekjessa men noko større. Løypestreng har vore brukt noko i frå 1900 århundra. Det trefte at høyet vart stekt og i utstlåtta, men ikkje so svært mykje brukt. 3:) Høyet i utslåttone kjøyrt heim um vitren. 4:) I eldre tid brukte dei tre meia- slede (ein vanleg slede utan \[s. 3\] jernskoning) til å kjøyra høyet inn um sumaren (på heimebøen) og det er 3 bønder her som brukar det endå (1947) På vår gard vart fyrste høyvogni kjøpt i 1895, og var den fyrste her i grendi Høyvogni vert like ofte kalla for hjulslede. Vogni har eit hjulpar, men ikkje meiar framme. Vis, vogni er godt trakka med turt høy tek ho 200 kg. i lasset. Dei eldste høysledane ( som dei brukte um sumaren) hadde ikkje grin- dar, men det var ei ekstra stong på kvar sida, utum dei vanlege remane, slik at sleden vart breidare. Dei heitte "flasmo" So var det å fengja høyet og leggja det på sleden, når det var gjort sett dei langgjyringen med høytong på. Etter at sume hadde fenge høyvogn, var det man- ge som laga seg grindar på tremeia- sledane. Um vintrane vart det brukt jernskodd slede, med umlag same skap som på tremeiasle- den. Hadde ikkje grindar. Då var det til å fengja høyet på sleden, når det var gjort sette dei fyrst på langgjyringen som var festa i høytongi. Dette toget kallas for "tangbande". So var det tvo tverr- gjyringar, med tvo bjørkesvegor under på kvar sida, so lange \[s. 4\] som lasset. Dei kallas for "omssten- gor" Um korleis det var med høy- stakkane og høylassi, har eg ikkje høyrt noko sers um. Dei brukte berre ein hest for høysleden og det same for høy- vogni. I den seindre tid har det vore brukt grindar på sledane um vintren. 5: Her har ikkje vore fellesslått. Men det kunde henda at husmenner og andre som var til "huse" som det heitte, fekk slå i utslåttor på "lot" som dei kalla det. Var det dårleg slått fekk grunneigaren 1/3 part og slåttefolki 2/3 partar. Og då delte dei som oftast i fengjor. Men det kunde og henda dei delte likt. Høykøyringi um vintren ymsa mykje etter ver og føre. og um dei hadde plass i heima- løa. Dei som hadde høy på same støl eller i slåtta, tok ofte høyet på same tid og gjorde det då slik at dei brøytte fyre kvar sitt stykkje. Det kunde snart vera den eine og snart den andre som ordna med kva tid dei skulde taka iveg. 6: Um brøyting og køyring er for- talt tidlegare det eg veit, men \[s. 5\] det kunde kanskje ha inntressa å taka med, korleis dei brukte det i utslåttor som låg lagt burte? Når dei skulde taka til i utslåtta, var det å nesta seg ut for heile veka. Maten var: spekekjøt, speke- flesk, flatbrød og smør. Det var sjeldan dei kokte mat på turen, og so hadde dei sjølvsagt sur- mjølk med. So hadde dei eit tre- fat og ei skjei til kvar (treskjei eller honnskjei) det var det heile. Dei låg i løa, fyrste natti var det ofte dei låg på noko lauv- byskor, men var det godt ver kun- de det henda det vart turt noko høy so det vart bol i løa. Og sidan var det å liggja i løa kvar natt veka til endes. I sume slåttor var det so mykje skog, at graset måtte hesjas, der hadde dei trehesjar som var båndne um våren. I nåkre slåttor her, var det so ulendt og hamrette (husmannaslåttor) at dei min- ste borni sett dei uppi noko store teinor og batt teina inn til ein bjørkelegg, medan sjølve folki dreiv med onnearbeidet.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste