Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_7642_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_36_7642_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Folk uttrykkjer ja med ein nikk på Ho- vudet. Eller òg, etter det første nikk, fleire, liksom til stadfesting. Små born som var tillærde å nikka, gjorde det ofte mange gonger på rad. Nei, ved å rissta på hovudet. 2: Både i Vossebygdene, og i alle dei byg- der eg har butt, t.d. Kvam i Hardanger, Askøy, Volda på Sunnmøre, Nesherad i Tele- mark, Gloppen i Nordfjord, har det vore skikk å helsa på alle ein møtte anten ein kjen- de dei eller ikkje. Ja, i Sverige og Danmark har det òg vore skikk. I Jylland var skikken levande då eg var der i 1921 og 1932. Eg møtte aldri eit eldre menneske utan dei sa: "Goddow". På ein stasjon i Midtre Sverige der eg gjekk ein liten tur medan toget stod, kom ein gut i konfirmasjonsalderen ut or skogen med to fulle bytter tytling. Han sette ned byttene og bukka djupt for meg, utan noko sagt frå mi side. På Voss har skikken halde seg ute i bygda til no. (Men ikkje på Vangen.) Eldre folk brukar skikken no og, men \[s. 2\] ikkje dei unge til vanleg. Dei helsar berre når dei går i lag med eldre som gjer det. 3: Eg veit ingen regel om det. Men vaks- ne helsa vanleg fyrst når dei møtte eit barn. 4: På Voss sa ein i eldre tid: "Goddagen". Seinare gjerne avstytt til: "Goddag". Om morgonen: "God morgon". Om kvelden: "God kvelden". I nyaste tid: "God kveld". Det var likt for menn, kvinner og born. Mennene lyfte ikkje på hatten når dei møtte nokon av sine jamlikar. 5: Det var ikkje vanleg at bygdefolk tok av seg hatten eller huva når dei møt- test ute. Møtte dei presten, eller stor- folk, lyfte dei på hatten. Om dei stansa og snakka med einkvan av storfolket, lyf- te dei på hatten og tok han under handa eller i neven, til teikn på vyrdnad. Men dei kunde og setja han på att, medan dei stod og snakka. 6: Eg veit ikkje om anna enn at det tydde på vyrdnad. 7: Nei, det veit eg ikkje av. 8: Folk brukte mykje å handhelsa. Møtte du eit menneske som ikkje var frå di eiga grend, stogga og spurde kor dei levde, handhelsa du gjerne fyrst. Den som stog- ga den andre, skulle fli handa fyrst. Ved kyrkja eller på Vangen handhelsa ein på vener og kjeningar. Og når ein ynskte "gledeleg høgtid", handhelsa ein. Når ein kom på vitjing, handhelsa ein på alle, også dei minste borna. Leike eins \[s. 3\] i likveitla og i bryllaup. 9: Ja. Dei gjorde ofte det, serleg til uttrykk for venskap, eller velvilje. Oftast menn med menn, kvinner med kvinner. Men det kunne også vera ulikt kjøn. 10: Ja. Mannen tok hatten i handa - eller mellom båe hendene om dei var ledige - stod andaktsfull og lydde på kyrkje- klokkene. Kvinnene bøygde berre hovudet. 11: Ved likkfylgje. Dei stansa straks. Men- nene tok hatten i handa, kvinnene stod still, og såleis vart dei vyrdamt stå- ande som dei helsa den døde, og stod til likfylgjet var fare eit godt stykke forbi. Ved bryllaup stogga folk og stirde på brura og fylgjet, men då var det min- dre høgtidsamt, dei kunne prata smått seg imellom. 12: Dyr, serleg hestar og hundar, kunne dei helsa på med å snakka til. Det var vel meir på skjemt. Av ting veit eg berre det var visse steinar ein skulle kasta ein småstein bortpå når ein gjekk framom. Eller ein kvist. 13: På Voss sa dei aldri "morn" eller "god middag". Ikkje "godaftan" heller, an- na enn på spøk. "God morgon": Frå grytidleg til ikring kl. 9. Sidan: "Goddagen" til i skyminga, 5 - 6 tida. Seinare: "Godkvelden" (godkveld). "Godnatt" da dei når dei skildest om kvelden seint. Eller når dei skulde gå og leggja seg. 14: Ja, det var halde for usømeleg å seia "gomorn" andre tider enn om mor- \[s. 4\] gonen. 15: Ja. Ein svara den som sa "gomorn" med t.d. " Go`moren midt på dag!" Eller: "Morgonen var lenge for deg!" 16: I dag har mange av dei unge teke etter det moderne bruk av "morn". Og har òg teke til å seia "god middag". Dei eldre reagerar ofte mot det. 17: Ja. Alle desse uttrykka har vore brukte i mitt minne. "Signe kvilet" når einkvar sat attmed vegen, eller tok ei kvilestund i arbeidet. 18: Ja. Det fanst fleire. "Signe stuket" har eg høyrt. Og "Signe deg", eller " Gud signe deg". Ein skulle vara "Takk". 19: Dei sa oftast når dei kom inn ilag med verten (eller einkvan annan): " God- dagen her". Eller: "Goddagen i stova" (i huset). Anten det var nokon inne eller ikkje. Det kunne dei òg seia om dei kom åleine inn. "Goddagen òg" var svar på tiltalen: "God- dagen". Sume gamle brukte det i mitt minne. 20: Anten gav ein han berre eit vink med handa. Eller ein sa: "Eg skulde snakt nokre ord med deg". 21: Det var ikkje brukt i grenda i fyrstninga av dette hundraåret. Sume harka og hosta litt før dei let opp døra. Andre gjekk berre beint inn og sa: "Eg spring inn eg." Og fekk til svar: "Ja, her skulde no vera inngjengt." Kom ein lenger bort, banka\[-r\] sume på, sume ikkje. Seinare tok dei til "å kakka på". \[s. 5\] No er det vanleg skikk. 22: Eg har alt skrive det vanlegste svaret Dei kunne òg svara: "Ja, kom du". Han som kom inn skulle bera seg høvisk åt. Gutar og vaksne karar skulle helst ta huva av når dei kom inn. 23: Ja. 24: Helst straks han kom inn, om han ikkje stod på spranget ut att. Eller i vissa når dei ba han setja seg. 25: "Du må sjå til å få sitja". Eller: "Du får finna deg ein sess". Det siste helst til ein god kjenning eller granne. Til ein slik kunne dei og seia: "Er du so fremmande, at du ikkje torer finna deg sess?" Eller: "-torer hengja deg nedpå?" Og han svarar: "Nei, eg er kje so fram- mande." 26: Ja. Ein var meir høfleg mot lang- framande og skyldfolk frå andre grender. Fann sess åt dei og sa: "Du får sjå til å få sitja." 27: Heilt framande frå andre bygder, helsa ein som skyldfolk frå andre grender, men kanskje med færre ord. Ein kunne seia: "Velkomen her". Eller: "Velkomen til gards". 28: Nei. Det var ikkje større skilnad. 29: Ein handhelsa og sa: "Velkomen" eller "Velkomen her". Og så nokre ord om årsveksten, ver og vind eller anna. 30: Dei sa vanleg "Farvel". Eller: "Du (de) får fara vel". Ein svara: "Farvel", eller "Farvel òg". Og "Lev vel", eller "Lev so vel du òg." 31: Ein helsa med same ord som ved kvar- \[s. 6\] dagslege hendingar (vitjingar), men meir høgtidsamt og stogga til dei var ute or syne. Dei gav då gjerne eit vink tilbake. Dette galdt både for ei lang tid, og truleg for siste gong. I siste tilfelle sa dei gjerne: "Ja, no får du leva vel, og koma oss i hug". Eller: "Lat oss møtast på ein betre stad". 32: Nei. Ikkje i andres påsyn. 33: Det kunne einast vera vaksne som kysste eit lite barn. Gjerne på kinnet, stundom på munnen. 34: Nei, eg veit ikkje av det. Ikkje an- na enn det svivyrdelege: "Sleikja på einannan". Eller: "Sleikja på". "Eg ve´kje at nokkun ska sleikja på mine born", sa ei mor. 35: Ja. Men ikkje villt framande. 36: Det var helst for å syne takksemd for ei gåve. Dei kysste på si eiga høgre hand og gav den til den dei tak- ka. Eller tok handa til den andre og førde innsida opp til munnen sin. 37: Det veit eg ikkje. 38: "Byta munn". 39: Ja. Anten sette ein berre nasen bort- åt, eller ein gnidde dei mot einannan. Det kallast "å byta nos:" 40: Alle vaksne kunne gjera det. Også større born. 41: Ja. Dei kneip nosa mellom desse to fingrane og heldt handa attom seg. Og sa: "No tok eg nosæ di". Eller: "No stal eg nosæ di". Dei små vart gjerne redde og kjende etter om dei \[s. 7\] hadde nos. Noko sers namn på det veit eg ikkje. 42: Ja, dei brukte stundom det. Eg har berre høyrt dei seia til born: "Ve du væ´go´mæ meg." 43: Helst ein vaksen med eit barn, både andre og foreldra. Men vaksne kunne og gjera det seg imellom, fort og helst litt brydd. 44: "Til lukka" eller: "Til lukku med" brukte ein ved ymse høve. Når folk var trulova, eller vigde. Var det visse dagar, som årmålsdag, konfirmasjon, eller eitkvartslag jubileum, sa ein: "Til lukku med dagen". 45: Ved høgtidsdagane, jol, påske og pinse, sa ein før alltid: "Gledeleg høg- tid". Har inntrykk av at "gledeleg jol" var av nyare dato. Men dagane føre jol, brukte dei å seia: "De får ha ei god jol tilstundande", når dei skildest. "God påske" er mykje nyare. "God pinse" like eins. Men ved nyåret sa dei, an- ten: "Godt år", eller "Godt nytt år". "Og takk for det gamle". Svaret var: "Takk og deg det same. Fyre nyår sa dei òg: "De får ha eit godt år tilstundane". Ved barnefødsel: "Til lukka med sonen (dottera, sonesonen, dottersonen o.s.b.). El- ler berre: "Til lukka med arvingen." Ved brudlaup: "Til lukka (lukku) med bruræ". Eller "dottera, sonen" o.s.b. Eller òg "Til lukka med laget (dagen)". 46: Ved dødsfall brukte folk svært få \[s. 8\] ord, og ikkje i så faste ordelag som elles. Dei tok traust i hand og sa kanskje: "Jaja, no er han (ho) flytt ifrå deko". Eller: "No har han (ho) stritt ut". Eller liknadne. Ved gravferd helsa dei berre, og sa aldri "Kondolera" eller noko slikt. Ved motgang brukte dei og få ord. "Eg har tenkt so på deko", t.d. 47: Ein trykte handa og sa sterkt: "Takk". Eller: "Stor takk", "Mangfoldege takk". "Tusen takk" er mykje nyare. 48: Eg har høyrt dei har sagt at dei "takka ut liket". Det var i stova før dei bar liket ut ved gravferd. Men eg har forstått det slik at det var sjølve talen til "talsmannen" dei meinte. Kan- skje han sa nokre ord om den avlidne, at han vart saknande. Mange ord sa dei ikkje om slikt. - dei tagde helst med det. 49: Ved å setja trut på munnen. Ved å setja båe henden ut frå nosa - "pei- ka fingrar" - mot den vanvyrde. Ved å kyssa på si eiga hand og slå seg i reva. "Kyss meg i røva!" Eller: Kyss meg adle - starne", var uttrykket dei då brukte. 50: Alle folk i grenda (og på Voss i det heile) sa \[\_du) til einannan, utan undantak. \[\_De\] var berre fleirtalsform. Det er såleis no òg. Til presten og sume "kondisjonerte" sa sume "De", men slett ikkje alle. Dei sa \[\_du\] som elles og tykte ikkje det var uhøfleg. 51: Nei. Det har ikkje vore brukt i mi tid. \[s. 9\] Ein gamal mann som hadde vegen sin framom Veiseteigen brukte å seia når han trefte nokon: "Gu´dagen, han er fint ver, han er lý, han er still, han er litt nuskregn, farvèl." Og så gjekk han heile tida. Eller andre ordelag i anna ver.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste