Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_7537_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_36_7537_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Seier ikkje folk ja, som dei vanleg gjer, kan dei i sta’n gjera ein bukk med hovudet. Eller når dei skal seia seg u- einige, kan dei gjera det med «m-h» utan å opne munnen. Gjeld det nei, kan dei riste på hovudet, eller koma med ein lenger tone enn «m-h», mest som ein «n» gjennom nasen. 2: Det var og er vanleg at ein helsar på alle ein møter på ein veg. Ansleis var og er det der fleire var saman. Der helsar ein berre på kjens folk. 3: Ukjent. Men ein kar skal helse fyrst. 4: Når folk møttest på ein veg, sa dei «godt mot», og svara med dei same ord. Det var likt for alle. Viare kunne dei seia: «Er du ute og går?» «Er du ute og fer?» «Er du ute og køyrer?» o.sl. 5: Det var vanleg at menn tok av seg huva, hatten, når dei møtte embetsmenn. Kvinnene neia. Skyldfolk og gode kjenningar handhelsa ein på og sa «God dag og takk for sist.» Det var \[side 2\] vanleg at ein stana og sa nokre ord, om korleis det sto til, noko om veret, eller det dei kunne ha seg i mellom, når det var skyldfolk, kjenningar eller grannar. 6: Ukjent. 7: Det var nok meir ålvor og synleg helsing når det var høgtidsklædde folk som møttest. 8: Det var handhelsing til skyldfolk ein møtte, og likedan med kjenninga rein råka ved kyrkja eller ved andre forsamlingar. På vitjing var det handhelsing til alle, born med. Og når det var lag, bryllaup, gravøl eller andre bedne lag, var det handhelsing til alle anten det var kjent folk eller ei. 9: Det var ikkje vanleg, men det kunne hende. 10: På veg til kyrkja, kunne dei gjera det, elles ukjent. 11: Var dei køyrande, kom dei seg vel til sides og helst ut or vegen, om det var råd, og heldt stilt til fylgjet var framom. Gåande folk prøvde å koma seg godt ut av vegen. Var dei nøydde til å møte fylgjet, helsa karane med å ta til huva. Kvinnene neia. 12: Ukjent anna enn at dei kasta på varp. 13: «Go'morn» trur eg helst er frå nyare tid. Det var visst «goddag» om morgon med og utover dagen. Lei det på eftan, sa dei «god efta», når dei kom, og «godkveld» når dei gjekk, eller «god natt.» Faste klokkeslett for dette kan ein ikkje setja, det var skilnad millom årstidene med, her. \[s. 3\] 14: Det har nok vorte til at mange helsar «gomorn» om det er midt på dagen, når helsing er laus og lettvint. Serleg når folk skilst, seier dei «morn da», gjerne om kvelden med. Men det er ikkje halde for å vera fin skikk, og det er berre ved reint kvardagslege møte. 15: Svar på helsing slik kan vera så ymse. Mest er det bruka å gje svar med same ordelag. 16: Ein må vel seia at folk ikkje er så nøye på dette nå. Det skilst mykje på kven det er, og kva høve det skjer ved. 17: Eg hugsar frå barndomen at somme folk helsa med «Guds fred i huset,» når dei kom inn, serleg eldre kvinner. Og da var svaret: Gu «si’n de.» «Signe arbeidet,» «Signe strevet,» «Signe maten», «Signe laget», «Signe dagen» var og er bruka. 18: Ein svarar: «Takk for det», eller «Jau takk». 19: Gjesten helsa på folk inne på same måte som ute. Han sa: «God dag og takk for sist». Svaret var: «Sjøl takk for sist». 20: Det kunne ordleggjast på fleire måter «Eg skulle havt tålå eit par ord ved deg.» «Det var någå eg skulle ha tålå ved deg um», eller likn. 21: Det har ikkje vore skikk å banke på døra når det var kjenningar. Hjå framande og vissa embetsmenn banka folk på døra. Nå er det vorte meir vanleg millom alle. \[s. 4\] 22, 23, 24, 25. Dei som var inne sa: «Kom inn,» eller helst gjekk dei og lette opp døra for den som banka på. Så sa dei: «Du fæ’ vera så god og gå inn». Når den framande var inne, sa dei: «Du fæ’ gå frampå og sjå du fæ’ sett deg». Og dei sette gjerne fram sæte, heller langt framme på golvet. Den framande tok av seg hovudplagget når han kom inn om døra. Det var mest sømeleg. Men det var ikkje alle som åtte så høvisk framferd. Han vart ståande ved døra til dei bad han gå frampå og setja seg. 26, 27, 28. Var det bygdafolk, gjekk det for seg som nemnt, anten det var kjenning eller ei. Var det villt framande, venta dei inne at den innkomande skulle helse. Gjorde han det, bad dei han gå innover. Nemnde han seg, eller sa fram erendet, bad dei han setja seg. Ein var meir nøye på det med eldre folk enn med unge. Og det var skil- nad på om det var folk ein sjeldan såg og folk som oftare var innom. Det var somme som turka av sætet som var sett fram for den innkomne, men det vart ikkje alltid sett på som høvisk. Var det ute ein møtte heilt framande, og dei helsa, svara ein med same helsing og sa: «Er du ute og går?». Eller: «Er det framandfolk ute og går?» 29: Bedne gjester vart helsa med: «Du må vera velkomen. Sjå du fæ’ sett deg», o. likn. 30: «Takk for i dag.» Svar: «Du har ‘kje takke for.» \[«\]Du fæ sjå innum att.» \[s. 5\] 31: a. Den som skulle reise: «Nå må døkk leva så vel alle saman». Svar: «Takk, og du det same. Og så må du ha det riktig bra på reisa.» 31: b. Ved truleg siste gong, vart det nok sagt mange ord, men dei ville nå tru at dei fekk sjå einannan att. 32: Ukjent 33: « 34: « 35: « 36: « 37: « 38: « 39: Nærmast som ein leik kunne vaksne «byte nåså» med små born. 40: Helst var dette millom huslyden. Framande fann ikkje godt \[om\] på slikt. 41: Dette med kunne vera som ein leik med småborn. Noko namn ukjent. 42, 43. Dette kunne ikkje gå for seg millom andre enn born og vaksne av husens folk, eller ein god kjenning. 44: «Til lykke» kunne nyttast i så mange høve: Ved truloving, giftarmål, barne- fødsel, ny gard, nytt hus, ny øyk, nye andre ting. «Eg vil ynskje du fæ’ lykke med det», var vanleg. 45: «Gledeleg jul.» «Godt nytt år.» «Gledeleg påske.» «Gledeleg høgtid.» Ved barnefødsel: «Gud velsigne bånet.» 46: Serlege uttrykk ved dødsfall eller mot- gang er ukjent. Men folk freista å finne ord som kunne høve. T.d.: \[side 6\] «Det var så stusleg å høyre dette.» «Eg høyrde um - - - - - - - og tykte det var så stusleg.» «Det var så synd at det skulle gå slik.» 47: «Takk for dessa orde.» \[«\]Takk for du kom.» «Det er så tyleg at nokon vil hugse på meg, - oss -.» o. likn. 48: Ukjent. 49: Styggaste vanvyrdnad synte ein ved å snu til og klappe seg på baken. Likedan ved å geipe åt nokon, spytte etter dei. Ei sjalu gjente gjekk ein gong bort og meig rett framanfor den ho meinte låg i vegen for seg. – Ei form for erting, terging, var å rette fram handa og lea sterkt på peikfingeren. Ein kunne da seia: «Er du sint, så trottar du ‘kje detta.» 50, 51. Ein seier «du» til alle. Den nyaste tid har lært folk i visse høve, helst til høgtståande folk, å seia «De». Men det er berre slike som har vore mykje borte og vore i lag med slike som det høver å vera svært høvisk mot. Under spørsmål nr 30 og flgj. gløymde eg noko som kan vera viktig i samanhengen. Når gjest gjekk ut att, skulle dei inne halde seg i ro til han hadde late att døra. Så gjekk nokon, husfar eller husmor, ut etter gjesten. Eg har høyrt sagt at dei da slepte ut vardøgeret etter gjesten, om dei ikkje hadde vorte med han straks. Dette med vardøger var vanleg tru. \[Notat: Avskrift av et brev\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste