Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_7493_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_36_7493_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Oftast med ei lita rørsle med hovud, eit nikk. 2:. Det var sjeldan ein helsa på framand i tun eller på veg i gamal tid. Det var den framande som høyrde til å helse. 3:. Nei. Men det har òg vore sagt at dei unge skulle helse først. 4: Go’da’jen! Go’ kvell. 5: Bygdefolket tok aldri av seg hatt eller huve når dei møttest. Det var einast når dei møtte presten, lensmannen, eller når dei kom på tinget og helsa på skrivaren og futen. 8: Dei handhelsa på einannan på kyrkjeveg, i sælabud og bryllaup. Iminsto måtte ein handhelsa \[s. 2\] på kjømeisteren. I huset, eller på dørahella. Det var meir noko ymse når det galdt borna i det huset ein kom åt. Ein nikka berre åt dei. 11:. Ennå kan ein sjå folk stå ute i tunet når likfylgje fer framme, og då berrhovda. Ein ser på det som ei siste helsing åt den avlidne. Og i Øvre Suldal tok liksyngjarane av seg hatten og helsar når dei fer or tunet med kista – når dei syng siste lina av «velfars- verset». Og likeeins når dei går gjennom kyrkjegardsgrinda – liksyngjarane altså. 13: – 1) Go’mårn: Morgon til dugurd. Go’da’jen frå dugurd til i kveldinga – i 15–16-tide. 16:) Nei, i dag er ein kje nøye på det. 17: Signe arbeidet, signe strevet, signe kvila, signe maten – alt dette kan ein høyre den dag i dag. Og til «signe arbeidet» svarar ein: «Velkomen te». \[s. 3\] Til «Signe maten» seier dei òg: «Takk, og velkomen te». Til «Signe laget», seier dei dei, Takk, og velkomen i laget. 21: Ein bankar på døra, nå òg. Då visst folk som ikkje er så tittgjengde i huset. 22: Er det stovedøra dei bankar på, så svarar dei som inne er: «Kom inn. Og bankar det på utedøra, så går husbond eller husmor ut og let opp. Og når ein kjem inn i stova, så skal ein stå nede ved døra, til dei seier: «Du får sjå å finna deg sæte». Eller «Set innar». 24: Ein skulle ta hatt eller huve og seg i døra. 28: Ja, ein ser ennå gamle folk gjere det. 30: Helst «Farvel.» 31: Lukkeleg reis, sa dei som skulle vere att heime 38:. «Gje meg ein klem». 39: «Byta nase», er ennå vanleg. Du får byte nase med meg, seier ein til småborn. \[s. 4\] 43: Born og foreldre. 44:. Når ein hadde gått til alters, sa ein til kvarandre: «Lukke til salighet». (Nå og). 45: Gledeleg jul. Nå meir God jul. Velkomen ifrå kyrkjo, seier ein ennå – når folk har vore til kyrkje. Og så ynskte ein til lukke når ein brure- par kom frå kyrkje. Først kjømesteren, så foreldra og syskina. Og så dei andre i bryllups- garden. Tok dei i handa – og letta på hatt eller huve. 46: Ved dødsfall kune ein høyre t.d.: Eg høyrer far din har fått slutta. Ja, me får tru han fekk det godt. Men det var kje visa å ta ein i handa då – som nå ein gjer ved kondolanse. 48:. Kjømeisteren «takka på gravo», som ein sa. 50: Det gamle var at ein skulle seie De til far og mor og beste- foreldra. Og det kan \[s. 5\] ein stundom høyre ennå. Og så skulle ein jamt seie De til presten, og til prost og bisp. Og elles til alle som høyrde til «øvrigheto».
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste