Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_642_Ho_Evanger
Transkripsjon av filen #NEG_2_642_Ho_Evanger
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Framgangsmåten under onning er eins både på store og små bruk. Det er vanleg å slå i utmarka, og utmark- slåttene er godt utnytta også i dag, dette gjeld såvel store som små bruk. Den mann som ingen hest har ber høyet sitt på tog, men som oftast får han låna hest hjå naboen hvis denne ikkje brukar den sjøl. Når ein fraktar gras til hes eller turkeplass, der det er steinut og bratt lende legg ein det på bendel. Er det slett bakke og graset ligg ovanfor turkeplassen legg ein det på sloe. Turrhøy som skal til løda eller stakk legg ein på tog og ber fram, - eller sloar det hvis terenget tillet det. Når ein ber gras på bendel, kallast det å bera på bendel. Brukst det sloe heiter det å sloa. Ein mann klarer draga eit hest- lass på sloe. Når det skal lagast ein stor stø sloe, må det leggjast tvo greine rike unge bjørker på marki. Desse ungbjørkene (slobuskene) bør helst bøya upp ved rot enden, som ein \[s. 2\] sledemei. Fyrst legg ein ei stor fengje, framme på tvers av slobuskene, og bakenfor den, ei dobbel rad med fenjer heilt ut mot toppane Uppå den dobbelte radi legg ein so ei en- kelt rad, slik at fenjerne vert bunde i saman, sloen kan då ikkje dela seg under transporten. På den måten legg ein rad etter rad med fengjer, inntil sloen har den storleik ein ynskjer. Ein god sloe skal alltid vera lagd høgare framme enn bak. Ein bendel lagast av tvo mju- ke bjørketoppar. Topparne knyter ein saman. Når byrda er lagd snører ein ben- delen rundt, inntil tjukkendane av bend- elen møtast Ein held so endane saman med eine handi, stemmer ryggen mot byrda og reiser seg. Etter at ein har rei- st seg er det ikkje nødvendig å halda i den ende av bendelen som stikk opp millom byrda og ryggen, men berre i den som ligg over byrda. Ei byrda lagast på same måten anten den vert lagde på tog eller bendel. Dei aller fleste held toget over oksli under høy bering, men hvis byrda sig ned og kviler på baken hjelper det å halda toget over hovudet, ein kann då vippa byrda upp litegrand. Den som skal reisa seg med tung høybør må stundom ha hjelp. hjelpesmannen stend då bak og lettar i byrda. Høybering er mann- folk arbeid, men kvinnfolka er med når det røyner på. Barna er også med, dei vil gjerne syne vaksne folket at dei kann bera dei med. \[s. 3\] Rodde og kipa har ikkje vori i bruk til gras eller høytransport her i dalen. Løypestreng brukast av mange. Det kan vel vera sirka femti år sida den fyrste løypestreng vart tekjen i bruk her oppe i dalen. Trillebør eller hjulbåra (ei) til grastrans- port har vori i bruk til nyleg. Konstruks- jonen på hjulbåra var forsjellig, sume hadde tvo hjul andre berre eitt. Hjul og oksling var av tred og hjuli stod fast på akslingen båra var laga av tvo 2,5 m lange bjørkelekter, til dess vart tverrbretti og hjulakslingen feste. Ein bjørkesvolk bøyd i ein halvsirkel var sett med bogen upp bakanfor hjuli og endene feste til dei langs gåande lekter. Denne bøygde bjørkesvolk, gjorde tenest som sjerm brett so at ikkje graset la seg på hjula. Høyet frå utmarka vert køyrt heim på vinter føre. Til høykøyring sumars dag brukast tvo slags køyrereiskap. grinda- slede og tremeiaslede. Tremeiasleden vert til vanleg kalla tremeiing (ein). Grinda- sleden er ein tvohjulsslede med fire grindar Vanleg storleik på grindasleden er. lengde 2,5 m. breidd 1,30 m. Det brukast berre ein hest for desse køyrereidskap. Tremeiasleden. (tremeiingen.) kallast slik av di den ingen skoning har. Sleden som brukast til vinter køyring har stålskoning, den er lengere og smal, ikkje så breid som tremeiasleden. sirka 70 cm brei og 2.30 m lang. Den har fleire navn. Gjernskoning. skoningslede og langslede. \[s. 4\] Når ein lesser på tremeiing, legg ein fenjer og gyrder dei fast med høytong Vanleg lass på ein tremeiaslede er fjorten fenjer, der er same høy- mengde som i tvo sumarbyrdor. Når lasset er ferdig vert det gyrdt fast med høytong. Toget ein gyrder med kallast gyrda- tog. Når lasset skal gyrdast kallast det å gyrda lasset. Det er ingen forsjell på hovolda til byrda tog og gyrda tog. I ein høystakk der det er 20 sumarbyrder får ein 10 vetra byrdor. Ein får den dobbelte høy- mengde på byrdatoget når høyet har ligget pressa i løda eller stakk. I eitt vettra lass køyrer ein tvo vettra byrdor, tillsvarande fire sumarbyrdor. Ved felleslått er det skikk og bruk at dei som har slåtten i lag onnar på same tid og er i lag under transporten heim um vinteren Høyet vert då delt i byrder. Den bestemmer høydagen som fyrste slepp upp for marka høy. Høy frå stakk eller lødor som stend høgt uppe i bratte lider der det ikkje går an å koma til med hest, må leggjast i byrder og sloast fram. Då er det som oftast tre mann um arbeidet. Arbeidet vert ordna såleis. Ein mann riv laust høy frå stakken, den andre laga fenjer og den tredje lagar byrda. Når byrda er ferdig lagd må den gyrdast sers grundigt, for ellers \[s. 5\] vil den gå sund under transporten Tvo mann gyrder av alle krefter, og ein hoppar og trampar på byrda. Deretter vert tvo og tvo byrder bundne i saman til ein sloe, og dei vert so sloa ned etter lidi. Er det passe bratt kann ein mann draga både tvo og tri sloar som er saman bundne, men er det svært bratt må det festast ei togline i sloen, lina vert so slengd rundt ein staur eller stubbe og ein man set til å bremsa sloen. Me segjer ikkje i dette høve, å bremsa sloen, men å streka sloen. Stauren som toglina er slengd rundt kallast for strek. Ein slik høydag går arbeidet med ein viss fart for stakken skal i hus til kvelden kjem. det hjelper ikkje um stakken er aldrig så stor. og um vegen er bratt og kronglut. stakken må og skal i hus Slike høydagar kann stundom vera svert trøyttande, men til gjenjeld so vert no høykarane trakterte med reine gjestebodskosten. \[s. 6\] \[Figur: Teiking av Hjulbåra til grastransport\] \[Figur: Teikning av Høytong som ein gyrder lasset med\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste