Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Helsing, fakter og åtferd
NEG_36_7446_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_36_7446_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 2:Folk helste på alle dei møtte,anten dei hadde sett dei før eller ikkje. 3:Nei,men det var ei fornærming ikkje helse eller ikkje helse att. 5:‘’Fine,kondisjonerte folk’’ som prest,skrivar osv.tok ein nok helst av seg huva for. Det vart vistnok alltid gjort når ein kom inn i ein embettsmannsheim. 8:Folk handhelste på kvarandre i lag (bryllyp,gravferd,barnsøl,gjeste- bod.)Ein handhelste vistnok og på borna. 10:Folk tok alltid av seg huva når dei gjekk inn i kjørkja,når dei stod ved ei grav,ved ei likkiste og når dei åt.(‘’Den som åt oppi luva vart aldri mett’’) 11:Dei tok av seg luva og stod stille. 12:nei. 13:‘’Gomorn’’ eller berre ‘’morn’’ sa dei tidleg om morgonen før dugurd kl.10 ?),‘’goddag’’ frå dugudsleite til ved middagstider (kl.15), ‘’godefta’’ frå midd\[-e\]agstider til bortmot kveldvord (kl.8 (20) ), ‘’godkveld’’ frå kveldvord utover til sengetid, ‘’godnatt’’ ved sengetid. Grensene var nok noko flytande,serleg mellom godefta,godkveld og godnatt. 14:Dei yngre nyttar ‘’morn’’ på ein meiningslaus måte.Dei eldre reagerar mot det. 16:Dei eldre følgjer det stort sett,dei yngre seier mest ‘’morn’’. 17:Nei,ikkje det eg minnest. 21:Det var ingen som banka på ei dør.Ein gjekk rett inn utan vidare. 23:Ja. 24:Nei,dei hadde vanleg huva på. 25:’’Du får sjå åt du får sitja’’. 26:Nei. 28:Det var vanleg tørke av stolen eller krakken,gjerne og sope i hop litt på golvet,men det vart gjort overfor alle. 29:’’Du får vera velkome hit’’. 30:Det vanlege – goddag,godkveld osv.og det vart svara det same.Ein sa og gjerne ‘’takk for meg’’ eller’’takk for oss’’ og det vart svara ‘’du det såmå’’. 31:’’Du (døkk) får leva så vel’’ og det vart svara ‘’du det såmå’’. 32:Nei. 35:Små born vart vanleg kyste av foreldre,syskjen og andre vaksne.Bor- na var da helst under 3-4 års alderen.Elles var det ingen som kyste einannan så nokon såg det. \[s. 2\] 39:Ja det var valeg å ‘’byte nåså’’. 40:Alle vakste kunne ‘’byte nåså’’ med borna. 41:Ja.Dei tok nasen til barnet mellom peikefingaren og langfingaren og likesom dro nasen av,så sette dei tommelen mellom desse to fingra og sa:’’Sjå her er nasestubben din’’. 42:Ja mellom vaksne og mindreårige born.’’Dufår la farbror få småkå godkjåkån din’’. 44Ved truloving.giftarmål,barnefødsel o.l. 45:God jul,godt nyttår. 47:Takk,mange takk, tusen takk, takk skal du ha. 50:Folk seier ‘’du’’ til alle,presten,kongen og Vårherre medrekna. Svara ved Einar Hovdhaugen, Venabygd, Ringebu herad. Oppland.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste