Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ølbrygging
NEG_35_7930_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_35_7930_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A. 1: Så seint som i 1951 veit eg at dei bryggja og det på den gamle måten på ein gard ved Palmafossen på Voss, men elles er det nok ikkje mange som bryggjer lengre slik som dei gjorde ikring 1900 og før. 2: Tradisjonen om brygging er enno levande, og eldre folk er vel føre til bryggja øl, men det knip nok med reidskapar og alt utstyret som skal til for dei fleste. 3: Drikkeskikkane har endra seg og det vert brukt mindre øl enn før. Dei som vil eller må ha øl, kan no mykje lettare få kjøpt det. Avhaldsfolket på Voss har gjort mykje til at det har minka av med ølbrygginga. 4 og 5 og 6. Korleis det er med dette, veit eg ikkje, eg har ikkje høyrt at det er i bruk. B. 7: Det var karane som bryggja, fyrst og fremst husbon- den. 8: På Dyrvedalen var dei kjende for å kunna bryggja, men på Voss var det ikkje skikk å bryggja for andre enn for seg sjølve. 9: Nei, eg har ikkje høyrt om at fleire slo seg i lag, men i eldre tid kan det tenkjast at dei gjorde det. 10: Helst var det jol, og støtt var det til Brudlaups, og sume kunne bryggja til sumars, då gjerne lettare øl. Han Bjarne Rene veit eg bryggja til sumars, det kunne vera i 1880- og 1890-åra. 11: I eldre tid var det nok gilsåen som var målet for kor mykje øl det kunne bryggjast kvar gong, og eg har gått ut frå at gilsåen var om lag like stor alle stader. 12: Det var nok ikkje mange på Voss som hadde øl ståande alltid. C. 13 og ff. Maltkorn (reinkorn) dyrka folk sjølve. Om øl- brygging veit eg elles lite, for eg har sjølv aldri vore med når dei bryggja. Dei var flinke til å bryggja på Voss, og det finst enno nok av folk der som kan fortelja i detailj om det når ein berre treffer på dei rette. Men etter kvart som reidskap kjem bort, vert det ferre og ferre som vil ta på seg det store arbei- det det er å bryggja, og det er på høg tid å få tak i dei som kan fortelja om dette. Best var det om ein el- ler annan kunne reisa bort til Voss og få vera med når det enno ein hende gong er brygging, så framgangsmåten kunne skrivast opp. Det ville verta mykje fullsteni- gare enn om folk skal svara på spursmål. Oslo 16 mai 1953. Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste