Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ølbrygging
NEG_35_7538_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_35_7538_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: A.1. Det er nok så å seia slut med å brygge av malt 2: Matrasjoneringer sist på fyrste verdskrigen gjorde slut på ølbrygging av malt. Ikkje melting da. 3: Kornet måtte brukast til mat da. Og dertil var det så mykje arbeid med meltinga, nå det vart mindre hjelp på gardom. Det kom òg i handelen saker som var ledtvintare å få øl av. Påverknad av fråhaldsorganisasjonar eller riligiøs samskipnad kjenner ein ikkje. 4: Det er vanleg at folk lagar øl av sirup, eller andre søte saker: sukker, maltekstrakt. Framgangsmåten er liketil: Ein kokar det søte i vatn (stundom med ein-log til å gjeva ein frisk smak, - engefær er og bruka). Når væta er passeleg avkjøla, mjølkevarm, ca + 37o, set ein på gjær, vanleg fabrikgjær, som er opp- løyst i same væta som brygget. Dette har ein så ståande ein stad på kjøkenet der det er nokorlunde varmt. Når det har stått 24-36 timar, er det ferdig til å havast på flasker som ein korkar godt. 5: Det er vanleg meir enn før å laga øl på denne måten. Mange nyttar Tomtens hjemmebrygg, men det seiest at ein får betre øl av berre sirup, sukker eller maltekstrakt, serleg når ein har ein-log \[s. 2\] 6: Det er dei som gjerne brygger slikt øl så ofte at det mest rekk i hop att heile året. Elles er det vanleg at det blir brygga til høgtider, allevissa jul og påske, og så til ønnene om sommaren. B. 7: Ølbrygging var helst kvinnearbeid, som annan matlaging. Etter som hjelpa var til, kunne det vera ei eller fleire om arbeidet. Vanleg måtte det karhjelp til å frakte koppane til rette, eller til å bera vatn og ved. 8: Den tid det var slik hjelp å få, var det vanleg med leigd hjelp til ølbrygging, helst den same dei hadde til brødbakst. Storbryggar eller mesterbrygger er ukjemt\[!\]. 9: Alltid kvar huslyd for seg. 10: Øl skulle det vera til jul, påske, bryllaup, gravøl, stundom til barsøl, og alltid til onner om sommaren. Etter som onnene hekk mesta i hop att (hugs vatning frå våronn og utover til etter slåtten) vart det gjerne øl heile sommaren. Det var ein fast del av kosten, vanleg som grautveske, vissa når det vart lite mjølk. 11: Faste reglar er ikkje kjent. 12: Det var nok på somme gardar dei hadde øl å bjo på heile året. C. 13: På gardom laga dei maltet sjølve. 14: Her var det alltid malt av bygg. 15: Alltid av beste kornet til malt. 16: Kornet vart bløytt i eit trekjer. Vatnet vart ikkje skifta, men det måtte stundom aukast. Seinare, da det kom strisekker i bruk, kunne dei bløyte i sekker som dei la i bekken eller brunnen \[s. 3\] 17: Vanleg låg kornet i blot 3 døger. 18: Det var om våren når det vart varmare i veret, at dei melta, og det vanlege var å leggje det bløytte kornet i ein karm på låvegolvet. Sume kunne nytte reingjorde kjerrekarmar, men det fans og serskilde maltkarmar. Kornet var jamna utover. 19: Dei malte tjukna med å sette rette fingra med utretta tumarsfinger ned i kornlaget, og da skulle det rekke opp til tumars- finger. 20: Det var gjerne lagt åklæ over, med kornet grodde. 21: Dei rørde i maltet med ein maltrørar, det kunne vera som ei rive, ei måsårive var òg bruka. Klumpar som ikkje ville gå sundt elles kunne dei gnu med hendene. 22: Dei hadde eit ord her: å \[\_må\] maltet. Men det tydde å søtne det. Etter groinga lá dei det i ein haug med klæde over så det kunne bli varmt og søtne. 23: Når dei med handa kjende at det var vorte varmt, var det om å gjera få turke det fort, så det ikkje surna. 24: Ikkje noko serskilt namn anna enn maltgro. 25: Veret var avgjerande, etter som det meir eller mindre varmt: 2-3 døger. 26: Det var bruka å harpe eller sælde groen frå. 27: Ølet vart beiskt, om ikkje groen var fråhavt. 28: Det var alltid så dei turka korn til sommars- bruk når dei melta om våren. Dei hadde da gjennom to «turker», så det tok to døger. Fyrste døgret låg maltet i ein haug på hjellen i tørstugu, så det vart skikkeleg varmt, og søtna meir. Andre døgret låg det jamt ut over hjellen og vart turka. (Kornet til mjøl vart turt på eit døger.) \[s. 4\] 28-29. Tørstugu var etter gamalt kalla kjone. 31: Nokon regel for grovleiken på maltet var ikkje anna enn det skulle vera som gryn. Dei hadde ei serskilt kvern til det bruk: grøypkverna. 32: Ukjent. 33: Det var vanleg at dei hadde malt på stabburet, etter som velstandet var, på same måte som dei hadde onnor gronvare. D. 34: Så langt vi hugsar, var det humle å få kjøpt på krambua. 35: Nokon skilnad kjenner vi ikkje til nå. 36: Fleire gardar hadde humlehage. Humleplan- tene voks opp etter stenger, som gjerne sto ved solveggen til stugubygnaden. Når humleblomane var ferdige, vart dei plukka og turka. 37: Her kjenner vi berre eine (og humle) til å gje smak på ølet. E. 38: Til skikkeleg brygging hadde dei: bryggepanne, bryggekjer, rost-stette (stort kjer) ølkaggar, (ein til \[\_godøl\] og ein til \[\_lettøl\]) stor koparause, tresil, \[\_silår\], meiskro, vassbytter og ei stor trekule eller ei gryte til å renne ølet nedi. 39: Alt vart reinska med ein-log. Røyking med svovel ukjent. 40: Å ordne til med sil i botnen av roststetta var kanskje det vandaste ved heile arbeidet med brygging. Avlaupet var gjennom ein \[\_birhane\]. Innanfor kvelvde dei fyrst eit \[*skålbrot med mange hol i\]. Så la dei rost- ved og rosthalm i kring i botnen. Rost- veden var borkflekte ein-kvister (eller orderstikker) Rosthalmen var rug. Alt detta heitte \[* «å gjera unde»\]. / \[\_Vaska steinar over halmen\]. 41: Så langt attende vi hugsar, var tappholet \[s. 5\] på framsia. Det var stengt med birhanen. Han var helst av masing. Kjøpt. Men det var òg heimelaga birhanar, gjort av \[\_rausylju\]. (Den er slik at han trutnar ikkje i væte.) Noko lenger attende var det nok bruka å ha tappholet i botnen. Her på Grimstad sto det eit vasskjer i fjøset, som det hadde vore eit hol i botnen på. Og bestefar (f. 1821) kunne fortelja at det hadde vore bruka til bryggekjer. Da tetta dei holet med ein rund stav med ein halmvisk rundt. (Seinare hadde det kjeret vore bruka ved brennevin-brenning. Ved nedre lauggen var det to runde hol og tilsvarande to hol ved øvre kanten for avkjølingsrøyra). 42: Berre ein-log er kjent. 43: Ukjent at det skulle vera serskilt utvalt eine. Turrkvister fekk ikkje vera med. 44: Fyrst vart maltet bløytt i lunke \[-vatn\], ein-log, påhavt lite om senn i bryggekjeret. Det sto da ein stund så maltet blotna. Einlogen silte dei gjennom silåret, og dei rørde med \[\_meiskro’n\]. Einlogen var fyrst sila på ein kagge, så dei hadde nok log å spe på med etter som det trengdest. For kvar gong dei hadde rørt i meiskinga, tok dei ein neve rugmjøl og strøydde over. 45: Dette var kalla \[\_å meiske\], det vart \[\_meisking\]. 46: Det laut vera på skjøn. 47-48. Dei hadde eit åklæ over med’ meiskinga sto og søtna. Somme slo vatn over maltet i meiskekjeret kvelden før brygginga og let det stå og blotne til om morgon. \[s. 6\] 49: I eldre tider hadde dei gloande steinar koksteinar, ned i meiskinga. Seinare vart det til at dei auste denne bort i brygge- panna og kokte ho. Frå panna gjekk meisk- inga bort i roststetta (rostkjeret). 50: Ikkje noko visst mål er kjent. Men dei tykte stødt det var underleg kor mykje log som skulle til. Ei gamal segn lyder: Trollkjeringa hadde lova ein gut svar på noko han gjerne ville ha greie på. Han var ofte ille ute for at tustbandet rauk når han truska, og så spurde han: «Kva er det beste til tust-band?» «Kalvhals, din tosk,» sa ho. «Men hadde du spurt kvar det vart av bryggelogen, hadde det vore verre å svara.» 51: Det sto til det klårna. Ein hadde åklæ på. 52: Vyrter. 53: Det måtte ikkje renne fort. 54: Vyrteret skulle søtt og tjukt. (fyldig). 55: Roststetta hadde tri føter – stettar, så høge at ein fekk under ei trekule eller ei stor gryte til å renne vyrteret i. 56: Den dagen det var brygging, vart det vyrter- soll til nons. Noko vart kanskje sett til sies til vyrterkake. Ukjent at det var medisin. 57: Alt vyrteret vart kokt. Humlen hadde dei i lerretspose og kokte i lag med vyrteret. 58: Sterkt øl fekk ein når det var mindre log til maltet. Det vyrteret som kom fyrst, var det beste. Det aller fyrste kalla dei fordropar. Når dei hadde tappa av det meste, hadde dei på noko kokande log att, og let det stå ei stund. Det dei da fekk, var kalla lettøl. Skulle dei ikkje bruke meisken til brød, kunne dei – om sommaren helst – \[s. 7\] enda ein gong slå på kokande einlog. Dette fekk stå til neste dag. Det dei da tappa av, kalla dei \[\_rostdrikke\]. Det var for veikt til at gjæren kunne ta det. Det var bruka som tystedrikk, men surna nok fort. Så vidt vi veit, vart ikkje det havt på kagge. 59: Meisk. 60: Aller fyrst eg kan minnast, – føre 1900 – vart noko meisk blanda med mjøl til meiskebrød. Seinare er meisken berre nytta til krytermat. F. 61: Gjæren vart sett på når vyrteret var mjølkevarmt. Temperaturen kjende dei anten ved å smaka på eller ved å stinge fingeren nedi. Vyrteret stod i eit kjer med åklæ over, helst inne i stugu. 62: Skulle vyrteret bli for kaldt, var det berre å verme opp att noko og slå i. I eldre tider bruka dei truleg varme steinar. 63: Gjæren kallast \[\_skarpgong\]. 64: Gangen vart fyrst løyst opp i mjølkevarmt vyrter. 65: Eit tjukkåklæ over vyrteret dersom det ikkje var lok til kjeret. Da med kunne dei ha åklæ over loket att. 66: Vanleg sto det og gjordest eit par jam- dager. Det var etter som kor fort gangen tok det. 67: Ein såg om gangen tok ølet på den skumhatten som la seg over. Kom det ingen slik hatt etter ei stund, var det fare for at gangen ikkje tok det. Da ville ølet surne. Det «\[\_kasta seg.\]» \[s. 8\] 68: Den gjæren frå hatten, kalla dei skarpgang. Den frå botnen berm. \[\_Det var skarp- gangen dei gøymde\]. 69: Skarpgang fekk dei når dei hadde øl- hatten på samanbundne trestikker, eller helst på eit lerretsklæde. Dette la dei på eit turt stelle til gangen hadde turka inn. Denne kunne dei bruke både til kakubakst og til brygging. 70: Ukjent. 71: Hadde dei ikkje gang sjølve, kunne dei låne av andre. 72: Det hadde slutta å gå når det ikkje kom meir ølhatt på. 73: Når ølet hadde gått frå seg, «skåkå» dei det, d.v.s. ølet vart aust på kaggen. 74: Ukjent. 75: Alt husens folk fekk smaka ølet. Det var vanleg at dei den dagen både fekk drikke av bolle og få øl til kveldsgrauten. Hjå sume var det skikk at grannen eller grannane fekk ei sending ved brygging. Heime på Grimstad var det ein gamal regel at eit par av grannegardane fekk ei bytte av godt vyrter kvar. Og vi likedan av dei, når dei brygga. 76: Ukjent. 77: Som vanleg elles. 78: Ukjent. 79: Det var nok slik at kjens folk vart bedne inn på ferskt øl. 80: Ukjent om det skulle vera noko mål på det, men kaggen skulle vera mesta full. 81: Til jul skulle ølet stødt vera i kjellaren. \[s. 9\] sommarstid og ved lag, bryllaup, gravøl.) Kunne det stå i ei aurbu (med jordgolv) Ølet kunne halde seg i månadsvis når det sto på eit kjøleg stelle. 82: Om sommaren var det viktig å tette spunset på kaggen godt (med deig). – Lettølet hadde dei for seg, men gjorde elles på lag likedan med det. Dei tok ikkje skarpgang av det. Lettølkaggen var helst noko mindre enn den med godøl. Dei sto ved sia av kvarandre i kjellar eller aurbu. Lett- ølet var berre til drikke for tyrsten. Når ølet var oppbrukt, var det att bærm på kaggen. Bermen kunne nyttast til gjær, men den var ikkje så god som skarpgangen. I mitt oppvekste var det ein gamal mann som gjekk på bygda med pose og sanka levemåten. Han var svært glad i sterkt øl, og det var hans store lyst å få berm. Vi bruka da å ha bermen ståande til han kom. G. 83: Ølet skulle vera pent brunt. 84-91. Ukjent. 92: I gamle dagar var det skore kross i alle tresaker som var bruka ved brygging. 93-96. Ukjent. 97: Julølet skulle vera brygga fjorten dagar føre jul. Dei gamle visste kanskje om dagar som var gode og dagar som var låke for brygging. Ukjent nå. 98: Har hørt ordtaket. \[s. 10\] 99-103. Mjød ukjent. Einebærøl. Her var i eldre tider somme små- kårsfolk som laga øl av einebær. Einebæra vart støytte sund, og så så\[!\] hadde dei på bæra kaldt vatn og let det stå ei tid og trekke. Ølet vart støypt, som dei sa. Kor lenge det laut stå, er ukjent for oss, truleg eit par døger. Så sila dei frå bæra, gjorde logen mjølke- varm og sette på gjær – vanleg skarpgang. Det er såpass søte i einebæra at gangen tok det. Det vart godt øl.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste