Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ølbrygging
NEG_35_7490_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_35_7490_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A) 1-2 Det er heilt slutt med ølbrygging i Suldal nå. Til ikring 1900 var det skikken dei brygga på kvar garden. Og alt til 1920-åra var det ein og annan som brygga. Nå er det berre humle- rankane som minner om den gamle ølbrygginga. Hum- leplantene ser ein litt av i kvar kverv. Og gamle brygge- kjerald finn ein òg på sume gardar. 3 Det var arbeidet åt D. N. T. som gjorde det av med ølbrygginga i stor mon. Kristeleg påverknad gjorde og sitt. 5 Serupsøl og «Tomten» er så å seia ukjendt i Suldal. \[\_B.\] 7 Det var karane som stod for ølbrygginga. Hus- \[s. 2\] bonden sjølv. Eller folgemannen. Det var sjeldan ein sette tenestgutane til med slikt. 8: Sveinung Helganes var ein vidgjeten ølbryggar. Det var ingen som fekk den smaken på ølet som han. 9: Ein brygga kvar åt seg, kvar huslyd. 10: Aller vissast var det med brygging til jul og til slåtten og bryllaupa. Men det var kje så radt sjeldan ein brygga til sælabod og, og til barsøl. 11: Det gjekk mykje på ei tønne til jul og slåtten. Men til eit skålabryllaup t.d. var det vanleg med 2 tønner. Ein greidde seg med noko mindre til sælabod og barsøl. C). 13: Malt hadde dei sjølv. Suldal var ei god korn- bygd frå gamalt. Og det var einast i uår ein kjøpte korn. 14:. Ein brygga jamt av bygg. Eller «reinkodn,» \[s. 3\] som ein kalla bygget her. 15:. Det var jamt det beste kornet ein skulle ha til malt. Ein var nøye på det. 16:. Kornet vart lagt i blot i bekken. I ein sekk. 17: Tre dagar. Ein har ei regle her: «3 dar i bekkjen, 3 dar i sekkjen, 3 dar i grøingjo, 3 dar i maisingjo.» 18:. Maltsekken hadde ein oftast ståande attmed omnen. Eller ved gruva. Så var maltet ferdig til «å ela seg». Og ein breidde det utover i ein karm på stovelemen. Etter på stovegolvet i rølastovene\[!\] Eller i ba(d)stovo, i karmane som var neglde fast åt langveggene der. Ein rørde i det av og til. 24: Groren kalla ein \[\_ålar\]. 29: Ja. 31: Ein berre «kløyvde de» (sa Ola P. Sukka). \[s. 4\] 33 Nei. 34: Humle avla ein sjølv. Humlehage var det på kvar garden. 36:. Humlen turka ein litt på stovelemen. Eller på andre høvelege stader. Ein hadde elles ikkje mykje bry med humlen. 37:. Ukjendt i Suldal. 40:. Når maltet var male og ferdigt til brygging, slo ein maltet opp i eit stort kjer. Og slo «brakalog» i saman med maltet. 45:. Maisk. Og den \[-46)\] rørde ein i med ei «røra». \[figur: teikning av ei røre\] Maisken skulle vere så blaut at det draup av det når ein tok maisken opp med røra. Breidde ut åkle ofte over kjeret 49: Maisken auste ein så opp i eit anna kjer Og måtte stå der 2–3 døger \[s. 5\] 52: Vørter. 53: Renne sakte 55:. Ein tappa i ein trekopp og hadde det opp i den gryta, som dei kokte det i – saman med humlen. \[merknad: 56 se side 7\] 58:. «De var etter som ein tok av de’». (Ola P. Sukka). 59:. Drav. Og det gav ein kyrne. Ein rekna det som eit slag «kraftfor». 61:. Såvidt at ein «talde hando oppi». 63:. Kveik. 64: Den løyste ein opp i vørter. 65:. Ein la åkle over kjeret og batt eit tog kring det så åkledet skulle stå innåt kjeret 67:. «Det sku vara som ei skorpa oppå.» (Ola P. Sukka) 68: Ein tok helst av topp- gjæra (skorpo). 67: Kveika – gøymde ein i halmviskar. Det var det gamle. Seinare muldra ein ho sund, turka og hadde ho oppi posar. 70:. Nei. \[s. 6\] 71: Dei laut ofte hjelpe ein- annan med kveik. 73:. Ein «skok opp øle». 79:. Ja, ein måtte inn «å smaka på julaøle». 80:. Det måtte alltid vere eit lite tomrom i kaggen. Den skulle aldri fyllast heilt. 82:. Beste råda var å ha det på krukker og flasker. 83:. Ølet skulle vere mørke- brunt. Slik hadde jamt Sveinung Helganes det. Ølet vart alltid noko sterkare når ein hadde sukker i det. Brunt sukker var best. 90:. Det måtte vera stilt i stova. Ølet måtte få putra i «fred» (gamal tale- måte) 92: Ein finn krossar på bryggekjer frå 1700-talet. 99-103 Mjød kjenner ein kje åt i Suldal. \[s. 7\] Distriktslækjar Østvold (1890–1910), bad folk halde på skikken med ølbrygging. «De va styrkjande,» sa han. Og ølosten var medisin hjå han når det galdt «lungebetennelse.» Ølost – ein slo øl opp i kokande mjølk, søt mjølk. Når dei flota tømmer på Suldalsvatnet, hadde dei jamt ein ølkagg på tømmerfloten. Det var likeså visst som «ogna- kako» og skjørholken.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste