Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Julenissen
NEG_29_8075_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_29_8075_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_Julenissen.\] 1: I min barndom kjende me berre jolenissen som fjøsnisse. D.v.s. ein ørliten tuftekall dei trudde på før, og gav rjomegraut. At han skulle vera ein fyr som kom jolaftan og delte ut jolegåver, veit eg ikkje av at eg høyrde om før opp mot konfirmasjonsalderen (1907). Då las eg om det i bøker, og såg jole- nissen avteikna på jolebøker, med sekk på rygg og jolegåver. Jolenisse på kort såg eg aldri i dei dagar, jolekorta var an- narleis. Eg meiner det var eit stykke ut i vårt århundre før nokon kledde seg ut som nisse og "skræmde småborna" (1915 - 20 åra). På festar var det fyrst brukt i vår bygd, og så vidt eg veit òg i andre byg- der på Vestlandet og i Telemark. Det kunne vera barnefestar, eller festar for ungdom. Litt seinare, eller omlag samti- digt kom der ein nisse i sume heimar, \[s. 2\] men han synte seg berre, og delte ikkje ut gåver. 2: I vår heim har det aldri vore brukt at jolenissen kom med gåver. Gåvene vart lagde under joletreet. Så har det vore i dei fleste grendene der eg er kjend, og er skikk den dag i dag. Slik er det også i Nordbygda, Gloppen i Nordfjord, der eg var siste jol. Eg har høyrt dei i seinare tid, i sume hus, har brukt at jolenissen kom med jolegåvene (og då alle) i ein sekk på ryggen jolaftan. Jolenissen for på dør att, og fekk ik- kje noko for sitt strev. Små born som ikkje har vit på ut- kledning - og slett ikkje masker - har titt vorte skræmde. Og mange har di- for imot denne nye skikken. 3: Det har vore ein av dei mannlege med- lemer i huslyden som har kledt seg ut, far eller farbror eller andre. Eg har ikkje høyrt at han skulle vera stor og staseleg. Helst skulle han vel vera li- ten. Men stor var han titt - og krøkte seg i hop og gjorde seg mindre. 4: Dei kola seg i andletet, måla bar- tar på seg, og gjorde seg ukjennelege på ymse vis. Målet skapte dei og om og brukte eitslag "sjauaremål" når dei tala. Seinare fekk dei seg maska med kvitt skjegg. Kleda var skinnbrok (knebrok), kvite sok- kar, flamma sokkeband, gamle sko (hud- sko om dei hadde), raud undertrøya, eller fleirfarga spøtetrøya, raud toppluva (stry- \[s. 3\] tehuva.) Stundom kunne dei ha ein no- ko sid open frakk utanpå kleda. Det var gjerne gamle slitne klede og frakk. 5: Maskene kjøper dei. Ikkje klede eller anna utstyr. 6: Ja, i dei siste tiåra. Ikkje før. 7: Nei. 8: Ikkje anna enn som eitslag samanlik- ning. Eller slik at ein tek den gamle jolenissen, tufte, som eit fyrebilete på jolenissen med gåver. 9: Nei. Jolegåver til grannane hengde ein i eit band i dørhanka, anten det var til born eller vaksne hjå grannen. Tillegg til spm. 1. Jolenissen på festar var eit innslag i programmet. Ein utkledd nisse kom inn med sekk på ryggen og delte ut små gåver til sume på festen. (I einskilde høve også til alle, det kunne ikkje då vera så svært mykje folk). Det kunne òg vera berre jolegodt han delte ut, men det trur eg var seinare. Jolegodt hausta dei på joletreet i den fyrste tida. Småborn kunne få slik støkk i seg når dei såg jolenissen, at dei klamra seg til foreldra og skreik. Og dei var redde at borna tok skade av det. På Sagavoll ungdomsskule, Nesherad, Te- lemark hadde dei jolenissar på ein fest for elevane, og borna til lærararane (det var ikr. 1920) Der var det \[\_2\] nissar. Hus- mora som var svært lita på vekst var ein liten nisse, ei kjempestor kjøkengjenta \[s. 4\] ein stor. Dei kom inn i lag, den store bar sekken med gåvene, den vesle sprang attmed og gjorde mange avstikkarar. Då den store nissen sette sekken ned, sprang den vesle bort, treiv pakker og delte ut. Og då det var gjort, hoppa den ves- le oppi sekken, den store slengde den på rygg og vandra ut med veslenissen i sekken. Det vekte stor jubel.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste