Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Julenissen
NEG_29_5982_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_29_5982_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Fyrste gongen eg såg julenissen var i eit jolelag hos han Nils Gjerdåker ved Palmafossen på Voss, og det må ha vore i 1893. Han Nils var gift med mor- syster mi, og budde ved Palmafossen sidan 1892. Så køyrde me i slede ned der, me var fem born og dei var fire. Eg kvakk litt då jolenissen kom inn, men ho mor lo, og då var det ikkje noko til å verta redd av. Eg forsto nokso snart at det var han Nils som var utkledd og tilstasa med mykje meir skjegg enn han elles hadde, og maske og sekk på ryggen som han delte ut jolegåver or. Slikt hadde me aldri gjort heime. Han Nils hadde vore ute i verden, m.a. i Sør-Afrika, han var lentug og morosam og hadda mange innfall. Eg veit ikkje av at eg har sett jolenissen elles på Voss, det var ein skikk som ikkje var kjend der, i all fall ikkje før den tid. Jolemaska hadde nok han Nils hatt frå før, eller han hadde fått den frå Bergen. Oslo 29/3 1951. Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste