Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Julenissen
NEG_29_5384_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_29_5384_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Nissen eller Tokkallen har vore kjend paa ymse vis og maatar i gamal tid, saa langt attende ein veit og lenger. Fraa reint gamalt saa delte han vist inkje ut gaavor. Seinare vart det i heimane han ferdast, ikkje i festar, som det sjeldan eller aldri var. Naar dei gjekk julebukk var Tokkaln oftast med. Mest kjend vart han paa kort og skrifter i seinare tid. 2: Saa reint ymist. Til aa byrja med, saa var det helst borni som naut godt av nissen. Julenissen fekk av julekosten, som borni sette til for han seine kvelden, men som hunden og katten gjorde seg godt av um natti. 3: Ungdomen. Helst liten og kraftig. Kunde og vore stor og uppstasa. 4: Paa ymist vis. Stort skjegg, graatt. Knebukse og topplue rau, hadde alle nisser. Gjekk i labbar eller jarnskodde beksømsko. 5: Begge deler naa. Før var ikkje masker i hande- len. 6: Ja. 7: Ja saa har dei lenge gjort. Var mykje skjelna- ri med saavori. Hadde ei jente eller ein gut \[side 2:\] eit godt auga til nokon i huset, saa kom nokk nissen med ei sers gaava. Det hente og, at eit kvende som var fæl til aa skvaldre og bera ut slarv fekk ei sjor givandes. 8: Nissen, Tokkallen, Tomten, Tuften, er vorten ein eventyr- eller sagnfigur som er brukeleg som gamansfigur for borni. Og segnerne vert sagte i samemanheng baade med gamalt og ungt. 9: Ja savore var da bruka for aa faa lønt sume og keika andre
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste