Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Julenissen
NEG_29_5145_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_29_5145_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: «Julanissen» er kje gamal i Suldal. Og fyrste kjennskapen til han er frå julekort og julehefte. Kring 1920 tok ein til å ha julanisse på juletrefestar for born. Og han kjem då med gåver til borna. 3: Helst ein noko til-års- komen, liten og mjå. 4:. Alltid kvitt skjegg på maska. Topphue (ymse liter). Knebukser. 5: Kjøper masker. 6: Ein brukar maske når ein går julebukk. Og julebukk går ein helst i dagane mellom jul og nyår. Sjeldan i sjølve juledagane. Det må einast vere andre- dag jul. Alldri fyrste jule- dag. Det høver ikkje, tykkjer ein her. \[s. 2\] 7: Julebukkane har hadde aldri julegåver med seg. Men dei får ofte mat der dei kjem. Såleis er det både i Sand og Suldal. Iminsto var det så i Sand kring 1910. Julebukkane har ofte ein lang stav i handa 8:. Nei – julenissen med gåvesekken høyrer det \[\_nye\] Suldal til. 9:. Ikkje anna enn dette: Når borna var flinke til å hente aks på åkeren, i skurden, ville dei få ei stor julakaka Fortel Inger Veka frå si barndomstid. Ho er fødd 1894:
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste