Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Drikk til maten til kvardags
NEG_28_7042_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_28_7042_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ein brukar meir mjølk no enn det første eg hugsar. 2: Ein drekk sjeldan mjølk som leskedrykk. 3: Ein bruka å laga \[*blenda\] av skyr og prim \[*(brim)\] Om sumaren hadde ein alltid blenda med i slåtten. Det er lite bruka no. 4: Det var nokre få i grannelaget då eg voks opp som hadde heimebryggja øl i slåtten og bruka det til torstedrikka. No er det å segja heilt slutt med det. Eg trur det ølet var tunnare enn det dei bryggja t.d. til jol og til bryllaup. 5: Bestemor fortalde frå 1870 åra at ein då tok til å ha kaffi på sume gardar, men det var fælt sjeldan. x. Då jarnvegen kom til Voss i 1880 åra, vart kaffien meir vanleg. Ein fekk då kjøpa kaffi 6: på kaffihus på Vossevangen, og litt om senn vart kaffi kvardagsdrykk. 7: Dei fleste drikk no kaffi til frukost og til non (kl. 4). Sume får og ein kopp etter middagen før dei går ut på arbeidet att. Sume drikk og kaffi til kvelds. Det finst og sume som får kaffi på senga for dei står opp. 8: Det vanlege er at ein slær kokande vatn \[s. 2\] over malen kaffi og let det få eit oppkok. Før bruka ein kåreskinn. Sume bruka salt. No trur eg ikkje dette er bruka. Ja, sume spår i grut. Stukor i koppen tyder reiser, firkantar - brev. Elles trur eg det viktigaste er fantasien. 9: Dei fleste brukar ikkje sukker i kaffien. Dei fleste synest det er godt med ein sukkerbete til kaffien. Ein bruka før ofte å laga kaffisukker sjølv - platesukker. Elles bruka ein kandis, brunsukker og sukkertopp. No er det berre raffinade. 10: Dei fleste brukar fløyte i kaffien, men sume drikk han svart. Vispa egg har ikkje vore bruka i kaffien her. 11: Det er ikkje vanleg med te til kvardags. Ein laga før te av karve, bringebærblad, tytebærbald, kjerringrokk og andre plantar. 12: Brennevin har ikkje vore bruka til kvardags. Ved dugnad vart det fast regel å ha brennevin i fyrre hundreår. 13: Kjøpedrykk vert praktisk tala ikkje bruka til kvardags. x Ei soge frå Raundalen då dei stikka Bergensbana. x. På ein gard kom eit par ingeniørar og spurde kona om ho ville koka kaffi til dei. Ho lova det, fekk ein pose med kaffi, og dei skulle koma att om ei stund. Ein times tid etter kom dei att og spurde om kaffien var kokt. Ho kom då med gruten på tallerkar. "Sodet slo eg bort," sa ho. "Det var så svart".
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste