Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Drikk til maten til kvardags
NEG_28_6169_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_28_6169_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Nysilt mjølk skulle ein dra smør av og det var noko av det viktigaste ein hadde å venda. Me fekk ikkje drikka nysilt mjølk til kvardags etter at me var 2 - 3 år gamle. 2: Når det kom framande, var det skikken å bera fram ei søtakodla der noko av fløyten hadde sett seg opp. Den som drakk skulle då blåsa fløyten frå tomma før han drakk. Elles drakk ein ikkje mjølk utan mat attåt. D. v. s. mindre born kunne nok få mjølk. 3: Når mjølka vart sur, kallar dei henne ikkje mjølk, men skyr. Det kunne brukast til å blengja og bru- kast attåt graut. Mysa samle me i brimsåen. Han var stor, eit par hundre lliter, og stod ute i bua eller i gangen. I han vart mysa brimande sur, det var brim til sumarsbruk, til møyk i grauten og til ben- de. Den blenda me brukte til torstedrikk ut på teigen om sumaren var ein halv kopp brim i ei kanna vatn (3 liter). Slik brukte dei det til ei stund etter 1900. No brukar dei ikkje slik brimblanda leng- ger, og det finst snautt nok att nokon brimså på gardane. Saft og vatn og ymest anna har kome i stad- den, eller dei drikk søtamjølk. 4: Heime hos oss brukte me ikkje øl. Øl til kvardags- drikk var det slutt med på Voss føre mi tid. Men i 1850 - 60 - åra var det nok enno i bruk. Det var då eit tunt øl, og det bryggja dei visst ikkje etter 1880 - 90-åra på Voss. I mitt minne bryggja dei berre ster- kt øl. 5: Kaffi var dei nok tilfarne med føre mi tid, men det var mest på Vangen. Borte i bygda var det mest ber- re i veitsler (likfylgje og stundom barnedåp) når dei helt til på Vangen (mest hos Legreiden). Heime brukte me ikkje kaffi føre 1900, det måtte då vera at ein einhende gong kokte kaffi til framandfolk. Men bytet kom snøgt kring hundreårsskiftet. Anlegs- arbeidarane på banen i Raundalen åt og drakk ikkje stort anna enn stomp og kaffi. I bygda slutta dei med å eta graut til daurs (kl. 12) og flytte nons- maten frå kl. 4 til kl. 12. Det drog etter seg at det vart kaffitid kl. 3 eller 4 med kaffi og brød- mat. Frå 1905 til 1910 vart matskikkane heime på Lid og elles på jamnen på Voss heilt omsnudde. No drikk dei mykje kaffi (d.vs. under rasjoneringa i all fall all den kaffien dei kan få). \[s. 2\] Emne 28. Hordaland Drikk til maten Voss: Lid, g.189,br 3. Johannes Lid (f.1886) \[\_Blad 2.\] 6: Kaffi kvardagsdrikk frå 1905. 7: Om morgonen og om ettermiddagen. 8: Det eg minnest var å ha grovmalen kaffi i kjelen når han kokte opp. Salt i kaffien brukar dei ikkje, ikkje eggeskal. Ho Ingebjørg Grove på Vangen brukte å trekkja kaffien, og det var visst mykje i bruk på Vangen. Klåreskinn (fiske- skinn har eg sett i bruk i Oslo og i Asker, og eit par gonger på Vangen, men då berre av innflyttarar. I bygdene brukar dei visst ikkje å spå i grut, det er i all fall ikkje populært og vert ikkje alltid vel motteke når ein eller annan viktigper tek til med det. 9: Sukker i kaffien er vanleg. Det fyrste eg minnest laga handelsmennene på Vangen eit slag platesukker som dei klipte opp i bitar før dei selde det. Eg minnest at eg har sett at dei hadde kandissukker til kaffien, det må har vore tidleg i 1890-åra. 10: Dei har fløyte eller mjølk opp i kaffien, aldri ost eller egg. 11: I 1890-åra hadde me berre mjølkesupe attåt maten til frukost. Men sidan tok me til med karvate, laga av karve som me sanka på bøen på Lid. Både til frukost og til kvels brukte me mykje karvate. Vanleg kjøpete har kome noko i bruk i det siste. Ei tid medan eg gjekk i skulen, det kunne vel vera ikring 1897, tok me til å bruka lyngete heime. Me reiv tytebærlyng under granene oppe i åsen om vinteren, tok den heim og rispa blokkene av. Så brende ho mor blokkene i ei gryte nett såleis som dei brenner kaffi. Eg hugsar at eg hadde planar om å gjera forretning med slik lyngete. Eg hadde kjøpt meg eit lite gummitryk- keri, og tok til å prenta etikettar til små pakker, vel så store som ei fyrstikkøskje. Det vart laga nokre dusin, men eg kom nok snart etter at det ikkje ville svara seg, og det vart ikkje gjort noko meir med det. Lyngete hadde ein noko skarp smak, men var ikkje vond. Fyrste avtrekket var skarpast, so det slo me bort, andre og tredje avtrekk var best. 12: Heime hadde me ikkje sterk drykk i huset, men seie bren- nevin. Og eg merka aldri at grannane brukte det heller. 13: Brus og annan kjøpedrikk vart ikkje brukt til kvardags. Oslo 24. mars 1951. Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste