Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Drikk til maten til kvardags
NEG_28_5555_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_28_5555_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_Mjølk\] 1: Meieri og ysteri har gjort endring i bruken av mjølk. Før drak dei dagleg skuma mjølk og brukte mykje til kalv og gris. Naa vert mjølki send til ysteri og bru- kar minst mugleg heime. 2: Ja. 3: Almindeleg skuma mjølk og skyr. \[\_Øl\]. 4: Skifte kom i 70-80 aari. Beste ølet vart brukt til grautveske, lettølet til drikke. Kallst øl. Bruken var saa ymse etter som dei hadde kyr heime um sumar. Dei bryggj jamt til slaattonni. Og før kaffen vart almindeleg fekk onne- folk øl i økti ved turrhøying. Øl vart brukt alltid ved gravøl og gjestebo, og naar framande vyrde folk kom tilgards. Velstandsfolk hadde alltid staaande ferdigt malt aa taka til um noko kom paa f.eks. dødsfall høgstsumar. Kunde og hava aa laane burt. naar det hasta. Det er inkje saa fort gjort aa faa melta og ferdigt malt. \[\_Kaffe\]. \[side 2:\] 5: Det vart nokk over eit lengre tidsrum Fyrst vart brukt kaffe til hand- verkarar og ved gjestebo og gravøl. Saa auka det paa. Eg hugsar at ein timbermann sa fraa ved upphaving av eit stugubygg, at han vilde hava ei Kr. for dagen og kaffi um morgon. Dette var i 1870. 6: I 1880-1890. 7: Byrja med morgonkaffi og um helgedagar. Auka til middags- kaffi, og naa drikk dei radt kaffi seine kvelden dei arbeidsfolk som gaar heimatt til natten. Vert brukt forlite mjølk og reint formykje kaffe iser til barn og ungdom. Det gaar gale med helsa og tenner. 8: Ymse. Ein har malen kaffe i vatn i kaldt eller kokande. Hender stundom dei trak- tar kaffeen naar det skull vera fint. Salt, klaareskinn brukar sume men faae Kaffien klaarnar lell. Dei spaar i grut. Oftast som ein moroleik. Seterbudeiene var svere til aa spaa i gruut. "Friar faar eg inatt", sa ho Mari. Det er ei duld konst. Dei veiva med koppen og slengde gruten ikring og fekk teik- ningar, og dei tyde dei som dei vilde. 9: Ja. Kokt sukker var aa faa i butikken stundom. Hogd og klypt toppsukker var almindeleg ibruk før; men er gaatt av bruk. Naa kjøper ein ferdigklypt sukker. 10: Ja. Brukar søt, tunn rumme. \[side 3:\] 10: Har høyrt gjete at det er brukt. \[\_Te\]. 11: Nei. Ja, te av heimlege planter har vore brukt saa langt attende og lenger enn nokon veit. Det var av mange slags, ja tildels og av bjørke- og syljulauv. \[\_Brennevin.\] 12: Var ingen regel. Men skulde det vera rigtigt gromt, maatte flaska fram. Ved ekstra arbeid, eller kom inn vaate og frosne. \[\_Nyare drykk\]. 13 Ja. Øl fraa bryggjeri er kome istaden for heimebrygg. Varterøl, selters og brus er aa faa kjøpt i Krambui og vinn tereng. \[\_Øl\] Mest var det betre paa gamalvisen. Men faa eller ingen kann aa brygge naa. Før i tiden var det skort paa bygg ofte, og folk nokk til aa laga malt og aa bryggje. Naa er det bygg nokk, men mangel paa arbeidsfolk. Rundt um paa gardane staar naa bryggjeambo, store, svere øl- kaggar og fortel um ei forgaatt tid, med grove, svere trejøler, som ein er undren over korleis dei kom paa.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste