Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Drikk til maten til kvardags
NEG_28_5489_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_28_5489_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Mjølk 1: Nysila mjølk har ikkje vore mykje bruka til kvardags, korkje før eller nå. Det var helst småbarn som fekk silingsdropen sin. Kokamaten med var av skuma mjølk Noko meir nysila blir nok bruka til kokamat nå, men ikkje vanleg til kvardags Dei bruka nok mykje meir mjølk til kvardags før enn nå, etter at kvar mjølkliter blir rekna i pengar. 2: Mjølk var leskedrikk mykje meir før enn nå. Eg hugsar dei bar ein spilkum mjølk fram til framandfolk som kom inn og sa: "Er du tyrst?". 3: Av mjølk laga dei glåm, mjølk og vatn, skuma søt og sur mjølk. skjør, lite primblande og mysublande. Første eg hugsar stod det om sommaren i svali ein stamp med mysublande med ei ause oppi eller ved sia, som alle kunne drikke av. Garden ligg ved vegen, og farande folk kunne gå innom og drikke der. - I alle dei gamle stugune var det innafor døra ein benk dei kalla \[side 2:\] blandstampbenken. Der skulle det stå ein stamp med blande, mest av mysu, og der drakk gardsens folk. - Nå er det på det næraste slut med å bruke slik drikke Så mykja av mjølka som råd skal gå til ysteriet. \[\_Øl\] 4: På gardane er det mange som heime- bryggja til kvardagsdrikk ennå. Når dei ved bryggjinga - den tid dei bryg- gja av malt - hadde rent av det gode ølet, slo dei kokande einelog på masken att. Det ølet som nå vart, kalla dei lettøl. Dei sette gjær på det med, men det var ofte så lite søte i det at det ville surne. Lettølet var bruka berre til leskedrikk Det var ikkje rett av vera øl-laus på ein gard før. Nå er det sjeldan dei bryggjar av malt Det blir mest av maltekstrakt, sukker eller "Tomten". Jammen er det eine- eller einebær-log dei bryggjar på. \[\_Kaffe\] 5: Det kan vel snart vera 100 år sia dei tok til å drikke kaffe. Det var fra- mandfolk - byfolk - som først kom med han. Det kom to reinsskytterar til ei budeie ein sommar. Det var bykarar. Dei flidde ho ei pakke rå kaffe og bad ho setja i stand og koke kaffen til dei kom heimpå att frå fjellet om kvelden. Ho var ukjent med kaffe, og sette på ei gryte med mjølk og hadde den rå kaffen oppi. Da skyttarane kom att om kvelden, \[side 3:\] sette ho suppa fram og la skeier ved. 6: Til dagleg vart kaffen vanleg kring 60-70 år sia. 7: Nå er det kaffe 2-3 gonger dagleg. I onner 4-5 gonger. 8: Alle kokar kaffen i kjel. Dei har den malne kaffen opp i kjelen med vatn og kokar 1-5 minuttar. Klåring til kaffen er avlagt. Før var fiskeskinn bruka. Nå bruker dei sil, eller dei har kaffen over på ei kanne og slår han i koppen frå der. Budeiene på setra spår i grut for moro. Reglar for spåkunsten har eg ikkje høyrt om. Alle kokar log på gruten. Somme har serskilt kjel til det. I krigsåra var det ymse slag tilsetning og surrogat å få kjøpt - Ennå er det somme som brukar noko tilsetning, vanlegast steikte erter eller rug. I fyrstningen kaffen var i bruk, laga dei \[\_knubb\] til same bruk. Somme bruka malt og rumjøl blanda med vatn til ein deig som dei baka ut og skar opp i små stykker, 1 cm i kvar kant på lag, og steikte Dette gjorde dei oftast når dei for med flatbrødbakst. Knubben mal dei på kaffekverna før dei hadde han i kjelen. \[side 4:\] 9: Sukker er vanleg brukt, mest rafinade I førstninga det var kaffe, til kring 40 år sia, var det sukker i tapper frå Stettin. I krigsåra både under første og andre verdskrigen, var det bruka kokt sukker, både kjøpt og heimekokt, til kaffen. Brunsukker til kaffe har nok vore svært lite bruka. Aldri nå. 10: Det er vanleg med fløyte til kaffen. I dei aller siste åra har det vorte fleir og fleir som vil drikke kaffe utan fløyte. Der det er vanskeleg, har det vore bruka rauost (myseost) i kaffen. Hermetisk (kondensert) mjølk er bruka meir. Vispa egg i kaffe er ukjent. \[\_Te\]. 11: Te til kvardags brukast nok, men ikkje så mykje som kaffe Det har vore bruka ymse slag plantar til te: tegras (gulaks) mjølke. tytebærblad. 12: Før det vart kaffe, var det ofte brennevin, ein dram før dei (karane helst) gjekk ut om morgonen. Ved dugnad skulle det vera brennevin. 13: Noko kjøpt drikkevare blir nok bruka til kvardags av somme, men slett ikkje vanleg. Mest vørterøl og brus.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste