Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Drikk til maten til kvardags
NEG_28_12154_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_28_12154_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Mjølk. Bruken av mjølk har auka no i det siste. Fyrr bruka dei meir skjyr (surmjølk) og skum- mamjølk enn no. 2: Som leskedrykk drakk dei fyrr i tida blenda Det stod jamnast eit slikt blendebytte av tre på borde. Dette tappa dei av å drakk som leskedrykk. 3: Av mjølk laga ein til drikke saup, bleng, blende, skyr, primblende. No er det mest inkje rå å få saup meir. Skyr får ein på flaskor som kefirmjølk, primblenda finst ikkje meir, lite bruka dei og skum- mamjølk her no. Det er helst søt mjølk. 4: Øl - Heimebrygg som kvardagsdrykk helst då om sumaren, vart det slut med; når fråhaldssaki byrja å virka. Omlag for 40 - 50 år sidan. Rigtignok er det enno ein del som bryggjer til sumars - men ålment er det inkje meir no. Dette øl som dei bruka som torstedrikke kalla dei tunnøl. Det bruka dei då til kvardags i onnetider. Dei laga gjerne lit tunnøl, om dei bryggja til jol - gravferd eller barnedåp også. Til brudlaup måtte det vera godt øl -. \[s. 2\] 5: Kaffi -. Mi oldemor Anna Bere sku vera den fyrste kvinna som kom med kaffe til vår bygd. Ho hadde vore til byen, og tok heim med seg eit pund kaffe og dela millum slekt og vener. Eit slikt pund var 24 merker. Det er omlag 110 år sidan. Denne drykken bruka dei då, når det kom framande og ved høgtider og helg. 6: Seinare vart kaffe meir kvardagsdrykk. omlag for 60 - 70 år sidan. 7: Vanleg drikk ein kaffe 2 gonger om morgoen og til ettermiddagsmaten kl 16 omlag. Men det fins dei som drik mange gon- ger kaffe om dagen i tid og utid. 8: Kaffi kan lagast på fleire måtar. Sume kokar kaffien. Då har ein kaffien oppi kalt vatn og let den koka lit, har so på klareskinn og får den bra med lite grudd. Andre trekkjer kaffien på kanne, har ørlite salt oppi. Den er svert god. Den grovmalne kaffien kokar ein. Den finmalne kaffien trekkjer ein på kanne. Då har ein kaffien op i kaffeposen slær kokande vatn yver. Trekkjer over att fleire gonger og læt kanna stå på varm plate. Det vert den allerbeste kaffe, tykkjer eg. Det er dei som er flinke å spå i grut og. Dei har då sine oplærde reglar og går etter dei - Med god fantasi, og lit kjenn- skap til den dei spår, kan dei få tref- fande utfald-. Dei ser veger i gruten, hus og skoglundar, menn kvinnor og barn. Men fantasien må vera levande hjå den som spår. 9: I gamal tid brukte dei brunt platesukker til kaffien. Dei kjøpte desse platene ferdige; men det var og dei som var så flinke dei laga brunt sukker av kvit. Dei kokte det sjølve - \[s. 3\] 9: Seinare bruka dei kandis, hogd eller klypt sukker topp og raffinade - "betasukker" som dei kalla det på Voss, andre bruka gjerne "løssukker" (=farin) i kaffien. 10: Gamalt hadde dei gjerne sirup i kaffien. Eg har og sett sume har brukt ost når dei inkje har havt fløyte heime. Ellers bruka dei heilmjølk eller fløyte i kaffien. Det har og vore dei som har vispa egg og havt oppi kaffien. Dei hadde tru på det var bra. 11: No brukar mange t\[-h\]e om kvellane til maten Det byrja ein med for 30 år sidan omlag. Karvete er det mange som bruka og det er god drikk. Ellers bruka dei og solbærblad og bringebærblad å lag te av. Dei kan og bruka bjørkelauv serleg om våren til te -. \[s. 4\] 12: Brennevin -. Brennevin bruka dei i "vyrka" i serlege høve. Når det var slakting, og då det var tresking, eller ein eller annan dugnad, då skulde kvar få ein dram når dagen var slut. Dersom det kom vener eller slektningar, som ikkje hadde tid å vera til dei fekk laga dei mat, so måtte desse då fylgje i lofte å få seg ein dram, og gjerne ei kringle eller kake- skive attåt. Var nokon mykje forkjøla, so hadde dei tru på ein dram kunde vera bra å ta til. Likeins om magen slog seg vrang. 13: Den nyare drykken no er gjerne kjøpeøl, vørterøl, selters, brus, saft, apelsinessens, kaffi og te inkje å gløyma. Sjokolade, kakau kan ein og rekna med. Kakau er mykje brukt til borni, om dei ikkje er glad i mjølk.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste