Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Fisk i kosthaldet
NEG_27_7041_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_27_7041_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
A. 2: Føre 1883 henta vøssne fisk og sild på Eide i i Granvin. Sidan kjem fisken mest med toget frå Bergen. 3: Turrfisk var vanleg vare hos handelsmennene på Vangen det fyrste eg minnest, og den har nok frå eldgamal tid vore brukt til lutafisk på Voss bå- de til høgtidene og til dagleg bruk. Likeeins spekesild. Fersk sild er ein nyare skikk. 4: Turrfisk og spekesild. Føre 1900 brukte dei ikkje fersk fisk på Voss anna enn på Vangen. Nokre få stader attmed Vangsvatnet og Lønavatnet kunne dei nok ta noko røyr, men ho vart mest seld. Ein ekte vossing tykte ikkje fersk fisk var mat, det kunne vera så ein fysemæte, men ikkje noko til å verta mett av, slik som av kjøt og flesk. Spekesild derimot var god mat. Ho mor var glad i sild, men han far likte ikkje sild, så det vart ikkje så mykje me brukte. Turrfisk brukte me derimot ofte, og alltid til jol og påske. Me bløytte han i groene og luta han i sjølvlaga lut. -- Det for- tel om postmeister B.J. Johannessen (f. i Bergen 1844, d. 1925) at han og eit par til var komne opp til Rokne sjølvbedne ein gong i jola. Så sa kona at ho dessverre ikkje hadde lutafisk. Å det gjørr ikje någe, sa Johannessen, i mangel av lu- tefisk taker vi kalvesteg. 7: No (1950) et dei mykje meir fisk på Voss enn dei gjorde før. Det er vanleg no borte i bygda å kjø- på fersk fisk. 9: Heilt frå eg var liten høyrde eg om at i gamle dagar skulle tenarane i prestgarden på Vangen ha sikra seg at dei ikkje fekk laks meir enn to gon- ger i veka. For i gamle dagar var det stort lak- sefiske i vosso attmed prestegardslandet. Men i mitt minne har laks alltid vore luksusmat som ik- kje kom på bordet hos folk flest. 20: Sjå ovafor. Folk luta sjølve. Ikring 1905 tok ei bergensdame, Nelly Gjertsen, til med handel på Vangen, og ho var den fyrste eg veit av som sel- de ferdig lutefisk på Voss. Det var lettvint, men folk tykte det var fælt å kjøpa så dyrt vatn. Rakefisk har eg ikkje høyrt om at dei laga på Voss, Men det kunne henda dei fekk or Eidfjord. Han Ola Lisseim på Tvilde skulle ha fenge noko ein gong for- talde han Nils Bjørgum. Det var fysemæte.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste