Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_192_Øs_Glemmen
Transkripsjon av filen #NEG_2_192_Øs_Glemmen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Transport av høy gjeng fyre seg på same måten både på store og små gardar. Det er sjelden ein slær i utmarki no, og det hev ikke vore vanleg dei siste 50 åri. Husmannsbruk finnst ikkje no, og det hev heller ikkje vore noko serleg mange nokon gong her. Alle som har så mykje jord at dei kann driva gardsbruk, hev hest. I den tidi dei ikkje hev bruk for han på garden, driv dei leigekøyring 2: Til løa eller stakken kjøyrer dei høyet i vanleg langvagn som er påsete grindar eller dei hev eigi høyvogn på dei store gardane. Både høy- og langvogn hev fire hjul. Til hesja nyttar sume sleperive, men som oftast greide høygaffelen seg der. Løypestreng finst ikkje her i det flate landet. 3: Det høyet som er i stakk, vert køyrt heim på vinterføre. \[s. 2\] 4: I høyonna bruker dei firehjula lang- vogn med grindar eller eigi høyvogn, også med fire hjul. Namnet er i alle høve då \[\_høy vogn\]. Skjækene er feste til tverrakslen på framhjulene ved krokar eller krampar som i mange høve er til å hekte av. Tverrakslen er fest til høyvogni elles ved ein bolt, so ein kann svinga heile forstillingi lett. Høyvogne er 2 - 2.50 og upp til 3 m lang men sjeldan meir enn 0.8 - 1 m brei i botnen. Høyet vert kasta opp i med gaffel eller med berre hendene, og høymengdene kann variere frå velso 1 skippund og upp til 2 skp. So vidt eg hev kunna fenge greide på var eller er det ingen reglar for siste lasset, og noko serleg nøgnare hev ein ikkje vore med å skrapa upp etter seg da enn elles. Lasset vert fest med høytong eller tau eller stang. Høytongi er ei stong so lang som sleden (vogni) umlag, og bak er ho fest til vogngrindi med ein kjetting og framme som oftast med ein taustubb. Tauet som dei bind lasset med hev ikkje noko serleg namn. Her vert det brukt ein eller to hestar alt etter storleiken på garden. 5: Fellesslått her det ikkje vore her. 6 Det gjekk nok fyre seg med vanleg lang- eller høyvogn. Det fell lite snø her so det er lite dei treng brøyting, men dei bruker vanleg snøplog. Til slutt: Glemmen er ei liti bygd, 25 km2 umlag.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste