Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Fisk i kosthaldet
NEG_27_5488_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_27_5488_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Fisk i kosthaldet. A. Saltvassfisk. 1: I eldre veglause tider vart det lite salt- vassfisk (sjøfisk) i ei fjellbygd på Austlandet. Visst var det ferdsel bygdom imillom. Frå her frakta dei bek, tjyru o.a. til fiskebygdom, og kunne få med seg fisk attende. Men det var mest turrfisk, både av di han var lettast og at han stod seg i frakting og vidare. Salta eller fersk sjøfisk vart det ikkje nemnande av 2: Vinters tid kom det stundom ein fiskekræmar med ymse slag fisk; mest fersk, frosen torsk og salta sild. Kræmarane var mest frå Lesja. Dei hadde da vore i Romsdalen etter fisken, som dei gjerne bytte bort i korn. Etter det vart kjerreveg til Geiranger, kring 1890, vart det vanleg at bøndene gjorde ei ferd dit ut på haustkanten, og kjøpte da med seg fiskevarer heim att, mest salta sild i tynner. Dei heldt ei tynne sild jamgodt med eit nautslakt i kosthaldet. 3: Sjå svar 2. \[side 2:\] 4: I seinare år har det gått fiskebilar, både sommar og vinter. Av dei får folk kjøpt ymse slag fisk, helst fersk: torsk, kveite, sei, sild, stundom lite laks. Spekesild kjøper dei på butikken. 5 Sjå svar 4. 6 - 7: Folk et nok meir fisk nå enn før. Grunnen er at det er lettare å få han, og folk har det romslegare i pengevegen 8: Fersk fisk er best likt. Dei siste åra har det gått ein del frosen torskefilet 9: Ukjent 10 - " - B. Ferskvassfisk 11: Fyrst var det berre aure her. Kring 30 år sia vart det slept harr i elva I fjellelvom og - vatnom, der det blir teke mest fisk, er det berre aure. 12: Meste fisket går for seg ut på sommaren Noko større tilfang til vinterkosten kan ein ikkje rekne med av auren. Det blir lagt ned noko rakafisk. \[\_Konservering av fisk\]. A. Saltvassfisk. 13 Berre rakafisk her. 14: 15. 16. Sjå svar 12 og 13. 17: Mest kokt fisk. 18: Ferskfisken kokar dei nå etter oppskrift i kokebøker, i salta vatn. 19: Ferskfisk blir steikt med smør eller margarin i panne. Stundom i matfeitt. Skal det vere riktig gromt, i rømme. 20: Alltid luta fisken sjølve 21: Kokt eller steikt på vanleg måte \[side 3:\] 22: Det har vore vanleg at dei koka suppe på fisken. Av auren tok dei vatnet som fisken var koka i og hadde oppi god mjølke- eller rømmejamning. På slik fiskesuppe var det vanleg å ha graslauk. Stundom koka dei spekesild. Silda vart vatna ut føre kokinga. Etter silda var kokt og teke opp av gryta, hadde dei på ei byggmjølsjamning, eller dei berre tulla på byggmjøl med tvare. Det vart stundom koka suppe på vatnet etter kokt lutfisk. Det vart lutsuppe. 23: Sjå 22. 24: Silda var her spekesild. Ho vart eten som spekesild med poteter og flatbrød og mjølk. Eller kokt sild med smør, poteter og flatbrød, og anten sildsuppe eller mjølk. Det hende nok dei steikte sild på gloa. Sild var alltid brødsugl. Det hende dei baka sildbrød. Dei tok da vanleg flatbrøddeig og baka inni oppskoren sild og steikte på takka. Dette brødet vart svært tjukt, tjukkare enn lompe. 25 Ukjent 26: All fiskepudding er kjøpt. Det er ikkje lenger enn 20 år sia dei tok til å bruke fiskepudding. I krigsåra vart det bruka mykje av han. 27: Ja. 28-38. Ikkje noko å svara på frå her.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste