Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_166_Ho_Evanger
Transkripsjon av filen #NEG_2_166_Ho_Evanger
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Måten å transportera høy på, var for det meste lik på større og mindre gardar eller husmannsplassar, det eldste ein veit um. Då det her i Evanger var svært få som hadde sjølveigande hest so vart høy-transporten for det meste gjordt ved å bera høyet i byrdar um sumaren Um vinteren vart det køyrt høy frå utmarki då dei fleste då hadde "fosterhest" som ein sa, helst hest som var brukt i skysstrafikken på Voss. Men då det leid fram til kring 1880-90 åri fekk ein og annan seg sjølveigande hest på dei største og beste gardane. Då vart høyet gjerne køyrt i hus på slede i byrdar men det varde ikkje so lenge fyrr hjul- slede kom i bruk. Utmarkslåtten er i bruk, då meir og minder, for storparten av gardane i Evanger. Det er svært få som hev slutta heilt med den, og det er no i dei seinaste 25 -30 åri det hev minka \[s. 2\] og delvis vorte slutt med denne slåtten På mindre gardar og dei nokre få husmanns- bruk her er so vert det slegje i utslåttane enno, so mykje som tid og arbeidshjelpi gjev høve til det. Viddene er rikeleg av den slag's slått, so no i dei aller siste år er det dei ferraste som vinn å fara yver den vidd dom fyrr var vanleg. Slik høy vert for det meste transportert i hus ved bering no og, då lendet oftast er slik at ein ikkje kann bruka hest. Det er som regel små utlødor i desse utslåttane so høyet vert der til hausten og vinteren Nokre fåe kann køyra frå turkeplassen til desse lødene på slede og høyet vert då køyrt i byrdar. Elles er det ikkje so få løypestrengjer i bruk no til transport av høy til desse lødone og vidare heim, der lendet er slik. Lekeeins er det stader der ein bruka å stekkja høyet. Høyet vert helst turka på plassen der det er slegje, i små hesjar eller på bakken. Det er vel kjendt og ogso enno brukt å dra høy på sloe, då serleg rått høy for korte stykke på flat mark eller helst der det hallar noko. Det er små unge tre som vert brukt av ei lengde på umlag 3 m. Ein kann godt draga eit heste- lass på den måten og hallar bakken, noko meir. Ein må byrja å lessa framme og so attyver og halda det høgst fremst, og lett hallande attover, er det mykje bratt må ein gjerne hava det høgst midt på. \[s. 3\] Det er og vel kjendt og i bruk enno å bera høy (rått, nyslegje) på bendel (ein). Det er helst små granne bjørkerenningar som vert brukt. Ein tek då tvo slike, umlag 1,5 m lange, kanskje vel det, knyter dei so saman med toppane, med vanleg råbandsknute. Er desse bjørkerenningane litt tjukke og for stive vert dei kløyvde. Helst vil ein ha eine enden av ein slik saman knytt bendel noko tunnare og mjukare enn den andre. Den tunne enden brukar ein å ha for ryggen. Der ein ikkje finn slike bjørkerenningar, kann ein bruka renningar av raun eller hassel, desse må ein bruka i heil lengd då det ikkje gjeng an å \[?-køyta\] desse treslag. Desse vert so lagde på marki og høyet eller byrdi vert lagt umlag midt på. Ein lett so den tunnaste enden, eller toppen um lauvdelen er av raun o.l. og heldt upp attat byrdi med eine handi på den sida ein ein set ryggen innåt, med den andre handi heldt ein i den andre enden. Det skal eit visst lag til å få til å halda hendelen soleis å samstundes kunna setja seg ned attmed byrde. Det er soleis tyngdi av byrdi som held den enden av bendelen fast til ryggen. Ein slepper den når ein set seg. Dette er ein måte som delvis er i bruk enno for å bera rått høy korte stykke i utmarki. Elles er helst tog brukt no. Til bering av turrt høy brukast berre tog. Byrdane lagast likt \[s. 4\] um ein ber på tog eller bendel. Høybyrdane vert borne på den måten at beraren set seg ned attmed byrde og tek eit tog fatle (ein)- ein på kvar aksl, og båe togendane som gjeng gjennom eit hovald midt uppå byrdi og fram yver eine aksli, og ein snører soleis byrdi saman so den vert stød og ligg godt inn til ryggen. Hev ein slik hjelp for handi, so brukast det at einkvan hjelper til med reisa seg. Den som hjelper til, stend attumm og lettar litt i byrdi og samstundes skyvar varsamt framyver. Borni er med på arbeidet. Arbeidet er gjerne delt soleis at det er karfoket som ber og kvinnfolki hjelper til med å få byrdi til og hjelper til med reisingi og rakar vel etter byrdi. Men det treffer og ofte att kvinnfolki tek del i beringi, serleg um et gjeld um å skunda på. Tidlegare var på nokre få stader der det var serleg ulendt brukt å ha høyet i rodde (ei). Den var laga som grov not av hampesnøre og tilforma som ein sekk som kunde surrast att. Far min kann hugsa slike brukt, men er ikkje brukt no det ein veit. Hev heller ikkje høyrt noko serskildt namn på slik transport, anna enn at det vart rulla i rodde. Løypestreng er mykje \[s. 5\] brukt, og det er mange stader brukt i lengre tid. Bestefar kunde soleis fortelja um løyping av høy på streng. So vidt eg kjenner til hev det det ikkje vore brukt å lessa korkje gras eller høy i kipa her i bygdi. Men derimot vert både hjulbåra og båror med 2 langsgåande strenger med tverr- lerett på bruka, \[Figur: Teiking av båre\]. Den kann anten verta boren av 2 stykker eller og av ein som ber eine enden av båra (ei) uppe, og dreg den soleis med den andre enden slepande på marki. Hjulbara kann vera både med eit eller 2 hjul, den med 2 hjul ser slik ut sett frå sida \[Figur: Teiking av hjulbåra\]. Det er då tverrstykke på berestykki eller berearmane som dei oftast kallast. Trillebåra ser slik ut \[Figur: Teiking av trillebåra\] sett frå sida, der brukast og tverrstykke på berearmane. Desse bårane kann vera brukte både av born og vaksne. Eit reidskap med fire langs- gåande tverrstavar festa saman i endane med tverrgåande stavar er so vidt eg kjenner til ikkje vore brukt her. Frå desse små utlødane i utmarki vert høyet køyrt heim på vinterføre. Det er elles nokre gardar i Teigdalen som hev mindre lødor ute på bøane som dei køyrer høyet i um sumaren, og so tek det heim på vinter- føre. Det brukast både fir hjult \[s. 6\] (står 5 på arket) og 2 hjult vogn til å køyra høy på um sumaren. Enkelte stader brukast og vanleg maiaslede utan skoning. Ved køyring- på slede, vert høyet gjerne laga til i byrdar, men det brukast og å hava grindar på sledane. Dersom marki er soleis at ein kann køyra på hjul brukast høyvogn - med hjul under, mest vanleg er vogner med 1 hjulpar midt under. Desse kallast og gjerne for hjulslede, men hev ikkje meiar korkje fyre eller bak, slike kjenner eg ikkje til er brukt her. Ein vanleg tremaiaslede til høykøyring kan vera so ca 2 -2,5 m. lang og 0,8 - til 1 m breid til sumarbruk. Til vinterkøyring brukast no mest berre slede med skoning og elles av same storleik, for 30-40 år sidan var det ikkje brukt skoning under vintersledane heller, og det er delvis brukt utan no og. Høyvogn kallast for høyvogni (ei) når det er grindar på, elles vert namnet hjulslede helst brukt. Det er mest alltid brukt \[-(t)\] grindar på desse. Grindane framme og bak er faste og dei på sidene lause so dei kan hektast frå. Ein kann då letta av ende- grindane og. Lasset vert kasta laust uppi vogni eller sleden med grindar og trakka saman i lasset. Yver bruka ein so \[\_ei\] \[s. 7\] høytong som ein snører lasset saman med. Høytongi kann vera slik \[Figur: Teikning av høytong\], då er den naturleg samanvokse i den spisse enden, Elles kan den vera slik \[Figur: Teiking av høytong\]. På tresledar utan hjul og grindar er vanleg å køyra 2 eller 3 byrdar, alt etter som der er bratt til. På vinterføre køyrer ein vanleg 3, og 4 byrdar når vegen er fin. Ei høyvogn er vanlg 2,25- 2,5 m. lang og 1,10 breid. Det er vanleg å sopa reint i lødone etterkvart som ein køyrer heim og ikkje leggja noko att. Toget som ein festar i høytongi for å \[\_gyrda\] lasset saman kallast for gyrding. Dersom det brukast hovald (ei) til gyrdingen og, må den vera noko større og sterkare enn vanleg byrdatog. Eit vinterlass reknar ein noko større enn sumarlass. 8 sumar byrdor skal soleis kunna tauast i 6 vinterbyrdor. Her brukast berre 1 hest for høysleden um summaren. Ein kjenner ikkje til at fellesslått hev vore brukt og soleis ikkje kor det var um delinge heller. Det er vanleg jan, febr. tidi for høykøyring um viteren heim frå utslåtter og stølsslåtter. Dei som hadde høy på same staden eller so nær einannan, at ein kunde nytta mesteparen av vegen i lag, so hev det vore \[s. 8\] vanleg å taka høyet heim samstundes frå slike stader. Ein var då i lag um brøytingi og det er gjerne eldste- mann i laget som styrer med tidi elles kann no det sjølvsakt ymsa noko. Ein måtte, eller rettare må ut fyreåt å sjå på føri, sørleg um det er mykje snjo. Men ein kann taka hest med. Ofte må ein og bruka trugar på hestefotene for at det skal bæra hesten uppe i snøen. Um nokon ikkje hev hest eller og lendet er slik at det lite er råd å køyra eller snjoen kann vera slik at ein ikkje kann køyra, brukast å draga høyet heim på store kjelkar, 2 byrdar i kvar droga (ei) som me segja. Byrdane er då vanleg som sumarbyrdar, um føre er tung, litt mindre enn det. Er det svært bratt brukast og å draga berre byrdane utan noko under, gjerne 3-4 byrdar samanbunde. Eller ein kann og ha noko tunne bjørke busker under når snjoen er hard so det ikkje skal slita høy or byrdane. Dette kallast å sloa høy. Ein kann og hekta ein slik sloe etter eit lass, um ein køyrer, for å bremsa på lasset. Det må då halla under heile vegen. Elles vert løypestreng og bæring til dels brukt um vinteren og, dersom terenget er serleg vrangt.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste