Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_144_Ho_Modalen
Transkripsjon av filen #NEG_2_144_Ho_Modalen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Høytransporten gaar for seg paa same maate paa større som mindre bruk. Men utmark slaatten vert avlagd meir og meir etterkvart som dei dyrkar upp all innmark, og sistpaa fell den truleg haadleg (heilt) burt. Enno er det att noko markaslått især paa minste bruki, som har lite heimejord og best folkehjelp. Paa største bruki hev dei for lite folkehjelp, og leigehjelp vert for dyr til det arbeid. Full utnytting av markaslaatten paa jamnen er gjengen av bruk for 50 a 60 aar sidan. I min barndom hadde far min 17 markaløor - no hev dei i bruk berre 4 a 5. Sidan 100 aarsskiftet hev markaslaatten teke jamt av i bygdi. Fyre den tid var det sjeldan brukt hest til høytransport, særleg i ut- marki, daa den for det meste er so brattlendt og ulendt, at køyring med hest er umogeleg. All høytransport var paa mannaryggen. 2: I dei dagar - for 60 a 70 aar sidan hadde dei hesjer i mest alle utslaatter. Dei bar gjerne hesjematrialet - stuar og stenger - upp dei lange, bratte lidene og tilfjells. Dei batt hesjene upp med bjørke- bendlar, som dei tok øvst i skogane. Desse hesjane lagde dei ned um hausten, so inkje snøen og snøraset skulde ta dei um vinteren. Næste vaar elder sumar batt dei hesjene uppatt. Til kvar hes høyrde gjerne fleire slatterenne (grasvidd). Gjerne 3 - 4 renne. Eitt slaatterenne gav høy til aa fylla hesi med. og høyet or hesi var full høybyrda - 50 a 60 og til 80 - 100 kg. Naar dei slog i hesi tvo gonger ein sumar, brukte dei tvo av dei fire slatterenne. Dei andre tvo stod uslegne til næste sumar. \[s. 2\] Soleis vart det tvo aars grasvekst i kvart slatterenne, og det gav nær dobbel grasmengde. Dei slog sjeldan uppatt same slatter renne kvar sumar. Ei markahes var paa 8-10 og 12 rom (golv) og med 6 og 7 strenger \[Figur: Teiking av hes\] Under markaslaatten gjekk vaksne som 12-14 aar gamle barn - kar som kvinfolk til kvar si hes. Naar hesjerennet var slege - 2-3 timar - so var det aa raka høyet aat hese. Var det brattlendt velte ein det i store dungar fyre seg aat hesi. Var det flatt, maatte ein bera høyet fram i fanget, eller ein skar seg ein lett bjørketap, som ein la høyet paa i fengjer - og drog (sloa) det fram til hesi. Høyfengjene la ein fraa toppen og framyver mot startene, daa hang dei best paa. Ein mann drog gjerne 6 - 8 10 fengjer raatt gras, og var dei tvo so drog dei eit lite hestlass burtyver ei myr eller ein turr bakke. Var det langt og ulendt millom hesjerennet og hesi, so kar dei seg ein bjørkebendel (lang og tynd) og bar høyet paa. Bendelen la dei paa ei tuve eller i brattlende - for aa kunne risa lettare-; dei fengde høyet paa 4-5-6 fengjer, tok so bendeltoppen og bøygde, (svøygde) rundt byrda upp mot starten, der dei rava (vatt) rundet og tok tak ikring med eine handi, medan dei reis upp og bar byri fram til hesi. Her slepte dei taket med handi, og høy- byrda var laus og rysja utyver marki og ein stod att med bendelen i handi. ein brukte helst tog, naar det var langt aa bera. Bastatog til raahøy. Kaltog vart stive, naar dei vart vaate. Aa risa upp med byra paa flat mark var faae som greidde. Var dei tvo, so maatte ein reisa den som bar. Han stod oftaste bak byra og skuva paa, til beraren kom paa kne, sidan greidde han seg. Eller den som røyste, stod framanfor og drog i toget, til beraren som paa kne. Den som bar tok toget yver eine oksli (vinstre) og vatt togendane rundet neven og aalbogen for aa halda det fast. Naar høyet var kome åt hesi var det aa hesja det i hesi. Og kvar maatte hesja si hes. Det var eit lag med det og \[s. 3\] Ein fengde høyet i smaa fengjer (valmar) og stakk inn millom stengene i kvart hesjerom. I ei hes paa 8 rom gjekk det 48 valmar. Det maatte hesjast passeleg tjukt. og ristast godt, so turka det snarare. Hesjengi var ein kunst. Or ei hes paa 8 a 10 rom skulde det verta ei full høybyra - 50-60-70 kg. Aa hesja for lite uppi var fusk. Høyet or 1 1/2 rom skulde verta full fengja. Or ei 8 roms hes fekk ein daa 6 fulle fengjer = 1 byra. Um vetteren, naar dei var i høytak, la dei storre byrer, som dei drog paa snøen til lessingi. I desse hadde dei baade 7 og 8 fengjer. Det var noko kunst aa leggja byrer, som var gode aa bera. Dei maatte leggjast \[\_beint\] paa toget, so dei inkje ramla av. So maatte ein gyrda byrone godt. Den som gyrda tok togtampane rundet livet og snørde til av all magt, og var dei tvo, stod den andre bak byra, tok tak framyver byra og knepte i saman av all magt. Daa vart byra fast og rund, og god aa bera. Um vetteren i snøføre sloa dei høyet ned dei bratte lier. Dei la børa paa sida, og batt saman tvo bører til ein sloe. I brattlende kunde ein mann draga baade tvo og tri sloar (4 - 6 byrer) men paa flat mark var ein sloe nok for ein mann. \[Figur: Teikning av Holdi\] Holdi til sumarstog og til vetragyring. I særs ulendt mark, og bratte berg brukte dei aa velta og kasta høyet utyver hamrar og ufser. Stundom maatte dei laga bundtar med ein bjørkjekvist ikring so inkje vinden skulde fara med det , naar dei kasta utfor fjellet. Eller dei rodda det ned i ei høyrodda, ein stor snurpesekk laga av grant tog - hestetaumar. Ei slik rodda kunde rumma baade ei og tvo ljobyrer (ei byra raatt gras kalla dei "ljobyra". Eit vanleg byratog var 3 stive famnar langt (dubbelt) ca 9 a 10 alner. Ein gyring var 3 - 4 famnar og av tjukkare tog. \[s. 4\] Gyringen var einfeldt. Aa festa toget i haldi, naar ein hadde gyra, kallast aa "sprauta" toget. Dei tvo endane paa holdi kallast og sprauto paa haldi. Det maatte sprautast rett for aa halda. \[Figur: Teikning\] Til utmarkslaatten hadde dei løor (lader) eller dei sette høyet i stakk. Det var noko kunst aa laga høystakken god, so den vart tett og inkje tok vatn inn. Smaa høystakkar paa 8 - 10 - 12 byrer, men og store paa 20 - 30 til 40 b. Dette vert heimteke um vetteren paa laglegt snøføre og godt ver. "Lessingi" var den staden, dei køyrde høybyrene ifraa med hest. Paa ein vanleg høy - eller vedslede leste dei 3-4 og 5 byrer. Langsetter vart lasset gyrda fast med høytang med tog i. \[Figur: Teikning av høytong\]. Ein og tvo gyringar paa tvers av lasset. Til større høytak paa ein dag var dei stort manskap. Dei var paa grannegarden etter meir folkehjelp og laante fleire tog, um det trongst. Um brøytingi var dei saman, og den purra ut, som fyrst trong um aa faa høyet sitt heim or utmarki. Dagløni for ein høydag var fraa 40 til 60 øre - ogso kosten. Løypestrenger kom i bruk i bygdene her i 1880 - 90 aari. Dei vart brukte til høy - og vedføring. i stadigt godver um sumaren slog dei ned "flatteigar" og turka høyet paa marki. I sær tilfjels. Daa kunde dei "høya snarare". Var det langt aa gaa i utmarki, laag dei i utslaatta so lenge dei arbeidde der. Berre husmori gjekk heimatt um kveldane etter meir mat. Dei maatte hava masse ljoa med seg. 4-5 -6 ljoa til mans til kvar dag. Far hadde 70-80 stutt-ljoa, og 20-30 langljoa. Paa flathøyslaatt kunde ein flink sumarkar slaa 8-10-12 høybyrer um dagen. Eit smalefoster rekna dei til 8-10 byrer. Paa hesjaslaatt skulde ein vaksen kar greia 4-5-6 hesjer - og byrer. Vikeløni var 6-8 og upptil 10 k. og kosten. Dagløni 80 - til 100 øre. Paa heimebøen bar dei høyet inn paa ryggen. Um ein køyrde paa uskodd treslede var det lass i tvo byrer. Og daa bar dei like snart. Ogso slapp dei gaa paa skogen og leita etter hesten. Og dei tenkte kje paa aa spara skrotten. \[s. 5\] Tredje blad. Borni var med paa alt sumararbeid ute paa marki. Fraa dei var 8-10 aar maatte dei vera med - fyrst aa bera høy i fanget til hesjene og so raka, sidan lærde dei slaa. 12-14 aar gamle hadde dei lært handelaget med alt ute- arbeid, som dei vaksne kunde. Naar borni var med paa turrhøybering, la dei ofte so tunge byrer paa, at dei tok skade av beringi. Det var ryggen, hoftene og knei som vart for røynte. Det tid arbeidde dei ute i all slags ver. Dei sprang inkje innatt for ei regnbye. Dei kledde seg etter veret. Bar dei vaatt høy paa ryggen hadde dei ryggskinn paa: eit barka smalaskind som vart bunde um halsen og um livet. Paa heimebøen bruka dei boresteng og hjulebør aa fragta høiet aat hesjene. Borestengene var tvo staurar med tverved på. \[Figur: Teikning av boresteng\] \[Figur: Teikning av hjulebora\] \[Figur: Teikning av hjulebora\] Hjuleboren hadde ymse skap. Sume med tvo hjul og sume med eitt hjul. Kornet bar dei inn paa oksli. áin kornstaur tok 15-17 kornband. Sterke karar tok gjerne tvo staur, ein på kvar oksl um gongen. Køyrde dei kornet inn, lagde tett med remar (fjøler) paa ein uskodd treslede, la so eit lett klæde yver, og køyrde 5-6 stuar i lasset. Naar dei sidan fekk seg hjulsledar eller høyvogn gjekk det lettare og snarare. Naar dei sette seg for ei høybyra, stakk dei armane inn i "fatlane" (toget) og gyrde til av all makt. tok toget yver eine oksli - vinstre og vava det fraa handi kring aalbogen og held det fast. Var høybyra lagd skeiv paa toget, kunde ho detta av under beringi. Born maatte tidleg læra aa leggja høybører. 3: All høyfrakting fraa utmarki var helst um vinteren. 4: Etter at den uskodde tresleden kom av bruk laga dei hjulsledar til høyvogner og til fraktesledar fraa sjøen. Vinterdag hadde dei skodde tresledar, og har dei enno. Hjulsleden var laga av tvo lange armar: tiller og slede i eitt stykke. Sjølve sleden var 4 a 5 alne lang og tillone knapt 3 alne. Breiddi var 1 3/4 alne. Under sleden var \[s. 6\] 4 a5 tverst. paalagde remar (smale bord) langs etter og med skjermar over hjuli. Paa denne vogni laga dei grinder paa sidone og framme. Desse kunde dei setja paa og taka av etter ynskje. Hjuli paa denne sleden var noko mindre enn vanlege kjerrehjul. Sume laga høyvogn med 4 hjul - tvo smaa hjul framme med svingskive under sleden. Paa denne høyvogni kunde ein lessa 4-5-6 byrer høy. Høyet la dei laust uppi vogne. Attraste paa vogni la dei høyet i fengjer, naar dei inkje hadde grind bak. Dei brukar inkje gy- ring eller tog um eit slikt lass. Køyrekaren ligg gjerne uppi lasset og held saa høyet fast, eller han kastar nokon ungar uppi lasset. Har dei kje grindar paa hjulsleden maa dei altid fengja høyet paa lasset. Vintersdag med snø paa marki, kann dei køyre kvar som helst, og so uver annanmans bø, men sumardag maa dei halda vegen, der andre eig marki. I bestefar si tid brukte dei "tyndsleljoa", dei kalla. Dei slip- te inkje desse ljoane. Um morgen maatte husbonden i smia og tynna (banka) egg i desse ljoane og so herda dei attpaa passeleg harde. So maatte dei bryna eggi fin i deim, naar dei slog. Kvar mann hadde daa ei eigi smia. Aa tyna ljoa var eit vandt arbeid, som berre bestefar og hus- bonden stellte med. Sidan slipeljåane kom, vart slaatten lettare. For borni var slaatten gildaste i utmarki, især naar dei i godt ver fekk liggje ute um natti i høyløda eller høystakken. Men aa vera med i marki i surt og kaldt regne- ver, var ufyse arbeid. Men med laut dei vera. Det var verst naar ein skulde eta, søkk-vaat i klæde og gjenomfrosen. Daa stod me ofte under maaltidet, og so var det sidan aa arbeida seg varm att. Dei gjekk mykje berrføtte (barbeint) paa arbeidet den tid. Naar borni nadde konf.alderen fekk dei gjerne eit lamb aa eiga. Til dette maatte dei skaffa fôr ved ekstra-arbeid. Dei slog ei liti ljobyra (raatt gras) og bar heim or marki med seg um kvelden, og til sumaren var ende hadde dei samla høy til vinterfôr aat lambet sitt.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste