Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Måltider og mat
NEG_24_5036_Op_Lom
Transkripsjon av filen #NEG_24_5036_Op_Lom
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Fire maaltider daglig i eldre tider, likedan naa i alment. Blir nokk tildels berre 3 matmål vinterstid naa, da dagarbeiderne har faaare arbeids- timer, slutta før om dagen og gaar heimat, saa blir det ingen kveldsmat. Morgoverd kl. 6 før, naa kl. 7 1/2. Dugurd kl. 10 før naa kl. 11. Non kl. 3 1/2 før, naa kl. 3. Kveldsverd kl. 9 før, naa kl. 8. For lenge sidan stod arbeiderne upp kl. 4 og og gjekk i arbeid "paa fastende hjarta" til kl. 6. Ofte vilde det gli av, saa det vart berre ein times arbeid fyre morgonverd. Naar dei da skulde eta kl. 6 og ei liti kvild attpaa, saa fann dei snart ut, at det lønte seg betre aa eta kl. 6 og gaa i arbeid med det same utan føre-morgonverdsøkt Eg har nokk høyrt av gamle husmen, at kom dei inkje tilgards kl. 4 um morgon, saa vart dei møtte av husbonden med ein knyttneva. Dette var i tidi 1840/50. Men det var faae bønder saa harde, eg har høyrt um berre ein. Ved denne tidi saa tok utvandringi til og da vart det snart onnorleis. 3: Det galt nokk oftast baade sumar og vinter. Um vinteren var dei paa laaven med lykt og truka halm for dagen fyre kl. 6. Og ved \[side 2:\] køyring "skulle dei vera paa Tjønnbakken til dags" Det var 1 1/2 times kjøyring dit. Det var ei fæl køyring i skogen den tidi. Dei \[-tok\] tok heim saa mykje, bet, kjør og beit og tildels lauv maasaa og bar. Ovmykje ved brende dei upp i di gamle, store, opne peisane og for aa faa turka korn og hamp. Steinkol var ikkje, dei kjøyrde heim ved og brende kol. 4: Ja, i harde høyturken kom kansje kona med ølkjengo og ei kakuskive før, og naa med kaffekjelen. i nønsylsti. Saa naa og ved maksintrusking, og i skurden da dei brukte skjero. 5: Non eller middagsmaten. Likt for alle aarsti- der. 6: Som regel berre nonsmaten. Stundom hende det, at til dugurds fekk dei ølost, ilagd kald- graut. Ølost, er øl og mjølk blanda ihop Ved aa verme mjølki, saa løyp det sund av det syrlege ølet. Slik var det før. Naa er det varm mat fleire vender um dagen. Graut er aa sei ikkje meir det er varmmat og turmat dei liver paa, maular kjøtt og flesk med potet til. Flatbrød er inkje nemnande ibruk, det kjem nokk tildels av, at bakstekær- ringane er utdøydde, eller at dei som er att er saa dyre vorte og brukar saa stutt dag, saa det bli saa lite brød, at ein mest maa kjøpe det at. Kann inkje kona sjøl henge seg innaat baksfjølen, eller ei dotter har lært seg aa baka - ja saa bli det inkkje flatbrød. Før saa kunde alle kvinnfolk baka, og budeia iser baka i middagsstundi. Naa lærer dei seg inkje aa baka. \[side 3:\] 7: Berre laurdag og sunndag 8: Ikje anna enn um sumaren i varmveret var det meir skeimat, meir veske, t.d. soll av sjyr og av geitmjølk. 9: Kjøt og flesk, var det til non fire dagar i vika. Dei andre tri dagarne var det soll med ettemat av spekeflesk til non iser sumarstid og mjølkevelling med ettemat (betamat all- tid paabytt) Mjølkematen var ofte uppslegen over skaarne, kalde poteter. Fisk og sild var det lite av. Det kom nokk tildels ferdamenn fraa Lesja eller Romsdalen med fiskevarer men den var som oftes av ringeste slag. 10: Flatbrød var det brukt alltid i gamal tid. Til sundags og helgebruk flatbrød og lefse av rugmjøl ofte med poteter i og saa lompe. Det vart avla i tynnevis med god rug i Lom i vanlege gode aar. Men kaku vart det lite av, det vart for brysamt. Det var inkje tur- kestugu paa kvar gard, naar ein da skulle dragse deigen til steik hjaa andre, saa var ein inkje velkomen for ein avkjøla lett i turkestugu. Ofte var omnen grov i botnen og kaku vart full av leir. Det var da komfyren kom at kaku vart almindel her, som det avlast i tunnevis paa gardane av god rug. Og saa kjøpte dei sigta rugmjøl da vart det gromt. Eg kom heimat vaaren 1891, da var det berre paa einkelte storgardar det fants komfyr. Um hausten tinga eg heim 5 komfyrar fraa Aadals bruk til meg og fire andre grann- ar. Eg var sjøl til brygga paa Vetlehamar \[side 4:\] etter dei paa klakaføre um hausten. Før var flattbrød det vanlege, og ein vaksen kar greidde nokk leiven var han svolten. Det var grjonet, bygg og rug og poteter som var meste levemaaten her i Lom, ja vist i nørdre Gudbrandsdalen. Men saa avlast det saa framifraa godt grjon kansje helst i Lom og Skjaak, som ingenstad elles. Aar 1890 kom det heimat ein lomver, bakare som sette upp bakeri. Men han var slet inkje velsed og heradstyret kom med vanskar. I sumar har tvo kooperative selskap i Lom byggt eit nytt tidsmæs- sigt bakeri i centrum av bygdi. Det gam- le var inkje bra nok. Det blir nok bakverk som vert vanleg brød her og naa. Her er vorte saa mykje arbeidarar som sit i ei stugu med ei kjering som inkje kan snu ein leiv, saa er det kaku fraa bakeriet aa lite paa for tannløysom. Men saa har vi fenge tvo tannlekarar i Lom. Det fyljest aat. Berre aa tenke paa alle byfolk og turistar her er sumarstid. Jau her trengs kaku. Vi vert mest nedtrakka av byfolk. Alle vil liva av dei tilreisande. 11: Det er vanskeligt, serskildt for al- mindelige bønder, husmenn og ar- beidarar. I. Matseddel for bønder fraa tidi før 1830 etter fortelnad av far. Sønndag: smør og ost, ølost. ell. varm mjølk, ruglefse morgon. eller lompe eller kaku. - Dugurd graut av mjølk med ettebeta av blodpylse. Non kjøt med potetstapp med erter og gryn i saad. Kvelds potet og mjølk. \[side 5:\] Maandag morgon. Smør og ost med syrsuppe. potet. Dugurd: Graut med surmjølk eller prim. potet. Non: Vermd blodpylse med feitt i grynsupe. Kveld. Potet og mjølk. Tysdag: Smør ost og syrsupe til morgonmat Dugurd: \[-Smø\] Graut og mjølk. potet. Non: Klubb og feitt eller aakostmat. Kveld: Potet og mjølk. Onsdag morgon: Smør og ost, syrsupe. Dugurd: Graut og mjølk. Non: myju mylju, flesk. potet. Kveld Potet og mjølk. Torsdag morgon: Smør og ost syrsupe potet. Dugurd Graut og mjølk. Non Kjøt med potetstapp Saadd med krummer i Kveld Potet og prim eller mjølk Fredag morg: Smør, ost, syrsupe potet Dug. Graut og mjølk. Non: Klubb med flaat eller aakostmat. Grynsupe. Kveld: Potet og mjølk. Laurdagmor. Smør, ost, syrsupe, potet. \[-\] Dugurd Graut mjølk. potet. Non: Mylju eller vermd pylse potet Kveld: Graut eller potet med, ølost, mjølk II I sumartidi: Sundagmorg: Smør, ost. ølost eller varm mjølk. lompe eller lefse. Feittbrød. \[-Maand\] Dugurd: Graut og mjølk. Kansje ettebeta Non: Spekeflesk med mjølkegraut med feitauga. Kveld: Graut og mjølk kansje ettebeta. Maandmorg: smør og ost syrsupe, potet. Dugurd: \[-Smør og ost syrsupe\] Graut og mjølk. Non: Soll med ettemat av spekeflesk. Kveld: Graut med ølost eller mjølk. Tysdag m. Smør og ost, syrsupe eller dravle Onsdag, midtvøkudag, møkdagmørgon Smør, ost, supe. \[side 6:\] Dugurd: Graut og skyr - surmjølk. Non Soll eller spekemat av flesk eller maarpylse. Kveld: graut og mjølk Torsdagmorgon Smør ost Dravle. Dugurd: Graut og mjølk. Non: Spemat: flesk og marpylse, potetstap. eller mjølkegraut med feitauga Graut og mjølk. Fredagm. Smør, ost syrsupe. Dugurd. Graut og mjølk. Non: Soll. Ettebeta. Kveld: Graut og mjølk eller prim. Laurdag: Smør, ost, supe. Dugurd: Graut og mjølk \[-Kveld\] Non: Spekeflesk. Kveld: Graut og mjølk. Flattbrød av ymse slag til all suglmat. Feittbrød, Rumbrød var ofte ein godbit Serskilt attpaa graut og potet. Dette gjeld for bondegardar flest For husmenner og smaafolk var det nokk ofte langt mindre. Det har vore nemt, at husmennerne var mis- unneleg paa den av dei som fekk dei fleste arbeidsdagar paa garden for maten si skuld: Var det smalt heime saa, var det da betre burte. Paa ein gard er det meir aa taka til og skjøyte inn i. Dette vart nokk mykje gjort, at arbeidsfolk vart tildelt sovore inni den daglege kost. 12: Kaffeen fans inkje. Den kom ibruk i gravøl og gjeste- bod fyrst. Og saa fekk handverkarar ein kopp um morgon. Saa seint som at eg hugsar det umtala, var at ein timbermann da han tok paa seg uppføring av ei større stugu betinga seg "ei krone for dagen og kaffe um morgon". Ho mor kjøpte ho seg ei mark (1/4 kg.) kaffe til jul, saa hadde ho til påske. \[side 7:\] Saa er grauten og flatbrødet burte, som var saa stor del av kosten før. Dei gjer seg inkje beta, men tek innpaa taliken sin sugl og maular dette attaat potet. Eg saag eingong, det kom i avisa fraa ei bygd langt nedi dalen, at bondekonone i eit møte anka paa dette, at folk inkje laga seg beta. Men det kunde dei spara seg for det hjalp sjølsagt inkje. Naa er det kaffe 3 gonger dagleg etter maten, det gjer meir skade enn gagn, serleg er det vondt aa sjaa borni ta inn denne livseleksir jamsies tran. Saa er all mjølkesyra eller mysu vorte burte; med kaffe istaden, det er saa bakvendt som det kan bli. Mysu reinska ut slim og bak- teri i munhola og innvendes heile vegen. Det er kome ibruk meir reinsemd, kvar sitt mat- ty med tallikar, og frugt, bær, og kaal saft, dertil nedlagt kjøtt, mot før turt, hardt aarsgamalt kjøt og flesk. - Det var slik syt under krigen for levemaaten, ja dei bar denne suten over land og hav. utan grunn. Vi hadde det godt og ingen grunn til aa klaga og syta. Seksti \[-Femti\] aar sidan, vinteren 1889/90 var eg tilsagd i eit kurs i sanitetet - Vi var 15 mann fraa ymse landslutar. Ei samling av lækjar- ar bad um aa faa eit skriv um kosthaldet fraa kvar av oss. Eg skreiv um det emnet baade fraa Lom og andre bygder eg var kjend i. Eg vart attpaa kalla upp i det "medisinske selskap", trur eg det heitte, der dei frette meg meir. Finn eg det att i kladda skal eg sende det med. + +Eg fann det ikkje i papirhaugen. Eg veit det finst. Det er \[-halv-hundrad\] seksti aar no sidan. Det er inkje attkjennande i denne verda. Eg skreiv i eme 23 noko, som vist burde kome her, ser eg naa, um bakeri m.m. \[side 8:\] Dei bad og takka før mat, før medan det var mindre aa gaa tilbords paa. Naa er ikkje noko godt nokk eller tillags Matskikk trur eg inkje er etteapa fraa embettes- menn eller handlarar. Dei maatte som ordta- ke seier "ta skikken dit dei kom". Derimot saa minnes eg det vart sagt, at jarnvegsar- beidarne 1892-1894 uti dalen livde flottare enn embets- mennerne. Noko sovore kan seiast um vegarbeidarne som kom inni bygdi her i 1877 1890 og 1881. Dei kom med nye matkrav. 13: Rummegraut, det er gjestebodskost, og kost for framandfolk, og for alle gardsfolk ved store høgtider og ved slaattgraut, skurdgraut, buferd- graut. 14: Mange fiskeslag og fjørfeslakt, honning. 15: Er gjort rede for før i emne nr. 23 og 24.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste