Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Måltider og mat
NEG_24_4967_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_24_4967_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Om sommaren: 4 måltider, likedan om vinteren 2: " - " - Morgo'verd, dugurd, non, kveldvord. (rd utt. tjukk l.) Vinteren: Morgo'verd, dugurd, non, \[-non\], eftasverd, kveldvord. Til helg: Bisk, dugurd, non (eller eftasvrd). kveldvord. Nå med 8 tim.dag vanleg 3 måltider: morgo'verd, middag, kveldvord. Dette er der det er framand arbeidshjelp. Der folket på garden greier seg utan leigd hjelp, går dei mest etter den gamle ordning Måltidene før: Morgoverd kl. 7. dugurd 11-12, non 3-4. Kveldvord 7-8. 3: Ingen skilnad sommar og vinter. 4: I onnene var det kaffe og ein matbite, gjerne påsmurt. Det har vore og er vanleg at dei kviler ei stund etter dugurd, og det skal da vera kaffe etter kvilingdsstundi. Ved trusking nå er det 2 tim.skift (økt). Det er da 2 økter eller skift millom kvart måltid, og kaffe millom øktom. 5: Non var hovudmåltidet. Da var det kjøtmat (eller fisk) 6: Varm rett til alle måltider. 7: Det var - og er - ulik nonsmat dei ymse dagar. Sundag alltid betre mat. Laurdag baka dei biskebrød til sundagen: lompe, stor-rumbrød, mjukbrød (lefse). Laurdag var det ofte ein lettvintare mat til nons, så som sild og poteter \[side 2:\] 8: Ingen større skilnad sommar og vinter, anna enn at det gjerne var meir fiskemat vinteren. På ein gard høyrde det til at dei skulle ha kjøpt ei tynne sild om hausten, og ho skulle vare vinteren over. Dei rekna sildtynna jamgod med eit nautslakt til matstellet. Ein og annan gongen kom det sild- og fiskekræmarar - det var helst ein les (frå Lesja). Det var på sledeføre om vinteren, og vara var sild i tynne og frosen fersk torsk. 9: Det har vore bruka mykje kjøtmat her i bygdi, ein gong kvar dag (til nons) eller fisk om vinteren (sild). Spekesild var bruka både som ho var, og som kokt. Dei vatna ho da ut før dei kokte ho. Om sommaren var det ofte spekemat til nons. Spekeflesk og speki mårpylse. 10: Flatbrød til alle måltider, så nær som til kveldvord, 30-40 år sia tok dei til å ha brødmat attåt til kveldvord med. 11: Matsstel for sommaren i eldre tid: \[\_Sundag\]: \[\_Bisk\]: Mjukbrød (nå lefse) skimling (eit serskilt mjukt brød av rugmjøl blanda med varmt vatn og ofte rester av graut, velling o. likn) stor-rumbrød (feittbrød) kaku, smør, ost (geitost, kvit og rau) skjørost. Oppkokt mjølk, stundom med treak (lakris) i. Seinare mjølk og kaffe. \[\_Dugurd\]: Risgryns- eller byggryns-suppe, smør, ost, spekemat, einsteiktbrød. (tunt flatbrød) \[\_Non\]: Kjøtmat. (kjøt og flesk. kokt) sodd med gulerøter og krummer i. Poteter. mjukbrød. \[\_Kveldvord\]: turrmat. (smør, ost, brød, kokt mjølk med treak i. \[\_Måndag\]: \[\_Morgoverd\]: Velling (ofte kalla mjølkemat) stundom tullasuppe (av surprim eller mysu eller gamalt øl påtulla byggmjøl). Smør og skjørost. Tvisteikt- brød. (Stundom meiskebrød, baka av meisken etter brygging blanda med mjøl) \[side 3:\] \[\_Dugurd\]: Vassgraut og mjølk helst sur eller onnor veske. Stundom blanda dei øl og mjølk saman. Stundom surprim og mjølk. Smør og ost (geitost) Tvisteiktbrød. \[\_Non\]: Mylju (sundbråte tvisteiktbrød i varmt sodd.) Kaldt kjøt og flesk. poteter, tvisteiktbrød. \[\_Kveldvord\]: Vassgraut og mjølk (eller mjølkbland som til dugurd) \[\_Tysdag\]: Som måndag \[\_morgonverd\] og \[\_kveldvord\] \[\_Dugurd\] som måndag vassgraut og veske, men spikemat i staden for ost. \[\_Non\]: Steikt flesk og mårpylse, poteter tvisteiktbrød. Brødsoll. \[\_Onsdag\]: Som måndag morgonverd, dugurd og kveldvord. \[\_Non\]: Velling. grynpylse (småhakka kjøt- og fleskerester i kokt heil byggryn). Seinare vart det poteter attåt. Tvisteiktbrød \[\_Torsdag\]: \[\_Morgoverd\]: tunn velling med sundbråte flat- brød i steikt flesk med poteter: Tvisteiktbrød. \[\_Dugurd\]: Vassgraut og veske. Rau og kvit. geitost. tvisteiktbrød. \[\_Non\]: Kokt kjøt og flesk. Sodd med kokte gryn og erter i. poteter. tvisteiktbrød. \[\_Kveldvord\]: som måndag. \[\_Fredag\]: \[\_Morgoverd, dugurd, kveldvord\] som måndag. \[\_Non\]: Mjølkegryn. Spikemat. tvisteikt- brød. \[\_Laurdag\]. \[\_Morgoverd\]: tullasuppe (sjå måndag) kvit og rau geitost. tvisteiktbrød. \[\_Dugurd\]. Vassgraut og veske Mjølkegraut med steikt flesk. tvisteiktbrød \[\_Non\]: Soll. Oppattvermt kjøt og flesk poteter. tvisteiktbrød \[\_Kveldvord\]: Vassgraut og veske. \[side 4:\] \[\_Vinter\]: \[\_Sundag\]: \[\_Bisk\]: dugurd, non og kveldvord som om sommaren. Måndag: \[\_Morgoverd\]: Kokt mjølk med sundbråte flatbrød i (heitsoll). Smør. skjørost. tvisteiktbrød \[*Dugurd\]: Vassgraut og mjølk eller primblande. geitost, kvit og rau. tvisteiktbrød. \[*(Non): Eftasverd\]: Mjølkegryn. Varm blod- klubb med åkost (dei koka opp mjølk og hadde på jamning av mjøl) I åkosti var det noko matfeitt. \[\_Kveldvord\]: Kokte poteter og søt mjølk. \[\_Tysdag: Morgoverd\]: Mjølkemat (velling). Varme blod- pylser, poteter, flatbrød. \[\_Dugurd\]: Vassgraut og veske, smør og skjørost, tvisteiktbrød. (Non) \[\_Eftasverd\]: Mjølkegryn, steikt flesk og poteter. tvisteiktbrød. \[\_Kveldvord\]. Som måndag. \[\_Onsdag: Morgoverd\]: Mjølkemat. smør. skjørost. tvisteiktbrød \[\_Dugurd\]. Vassgraut og veske. Spekemat. tvisteiktbrød. \[\_Eftasverd\]: Mylju. (sjå mandag non sommaren) Varme blodpylser. poteter. tvisteiktbrød \[\_Kveldvord\]. som måndag. \[\_Torsdag. Morgoverd\]: Som måndag. \[\_Dugurd\] " " \[\_Eftasverd\]. Lutsuppe. Lutfisk. smør poteter. tvisteiktbrød. \[\_Kveldvord\]. Vassgraut oppvermt i mjølk. \[\_Fredag: Morgoverd\]. Tunn velling med sundbråte flatbrød. Smør. skjørost. tvisteiktbrød \[\_Dugurd\]. Vassgraut. veske. Spekemat. tvisteiktbrød. \[\_Eftasverd\]: Tullasuppe. Steikt mår (like etter slakting.) tvisteiktbrød. poteter \[\_Kveldvord\]: Som måndag. \[side 5\]: \[\_Laurdag. Morgoverd\]: Kokte gulerøter og neper i tunn velling. Smør skjørost. tvisteiktbrød \[\_Dugurd\]: Vassgraut og mjølk. Geitost. tvisteiktbrød. \[\_Eftasverd\]: Sildsuppe. Kokt sild poteter. tvisteiktbrød. \[\_Kveldvord\]: Vassgraut oppvermt i mjølk. Merknad: Sommarstid var \[-det\] vassgrauten svært ofte koka ei stund føre måltidet, så han vart kald. 12: I den seinare tid nyttar dei svært mykje hermetikk til middagsmat. (non). Ved slak- ting blir det laga mykje kjøtkaker, som dei legg ned på glas. Likedan svinerygg (kote- lettar). fleskeside (ribbe). Det blir nok stundom laga klubb av blodet. Men det blir nå mykje nytta til blodpudding. På ein gard blir det nytta berre lite kjøpt hermetikk, det meste er fiskeboller. Det går vanleg fiskebilar som skaffar meir fersk fisk. Det er eit fryseri som frøyser ikkje så lite kjøtmat. Det blir da ikkje stort meir enn fleskeskinker som blir salta på garden. Til morgoverd og dugurd (det måltidet er nå meir kalla middag) er det omns- brød. svært ofte margarin, rauost (gud- brandsdalsost) og kaffe. Syltetøy av ymse slag bær er svært vanleg til dei måltider det er smør og brød. Lette supper av polenta, ris, semulje er vanleg. Likedan ymse slag dessertgraut. Faste matrettar kan ein ikkje seia det er \[side 6:\] lenger. Mindre mjølk enn før, meir kaffe. Stundom kakao, når det er å få. Til morgoverd er havresuppe mykje bruka. Anten er det søt saft eller sukker og mjølk til den. 13: Skal ein nemne ein rett som er meir bruka enn andre, blir det vassgraut med ymse slag veske. Det er nok mat i dei fleste heimar. Hugs at dei her avlar finaste bygget på Jordi. Sommarstid i varmen vil dei helst ha vassgrauten kald med skjør til (tjukk mjølk). 14: Kjukling og rjupe kjenner eg ikkje til er nytta andre stader her enn på hoteller. (turiststasjonar) 15: Sopp brukast ikkje her. Nyper og turka blåbær er vorte meir nytta. Kaffetilsetning er gått av bruk att. På gardane var det ikkje noko nemnande endring i matstellet her under krigen, anna enn at det var så lite kaffe. (Vedk. 11. Det var ikkje vanleg at det var fast mat til dei ymse dagane i vika. Det kunne sjøl- sagt skifte etter som tilgangen på mat var. Etter slakting vart det meir kjøt- og blodmat ei stund. Men denne matlista eg har ført opp, kunne gjelde jamt over.)
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste