Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Måltider og mat
NEG_24_4916_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_24_4916_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Om someren hadde ein: \[\_mårråverd\] kl.5-6 (i eldre tider vistnok enda tidligare), \[\_fyrydugurd\] kl. ½8-8, \[\_dugurd\] kl.10, \[\_middag\] kl.3, \[\_kveldvord\] kl.8. Om vinteren hadde dei som regel ikkje fyredugurd og var i det heile mindre nøye med tida for måltidene. Kring 1920 var arbeids- tida på gardane slik : mårråverd kl. ½6, arbeid frå 6-10 (dugurdsøkta), dugurd kl.10, sovekvile til kl.12, da ein kopp kaffe og smørbrød, arbeid 12-3 (middagsøkta), middag kl. 3:, kvile til kl ½5, ein kopp kaffe før ein gjekk ut, arbeid frå ½5-8 (kveldsøkta). Same inndelinga er stort sett brukt enda, men arbeidstida er korta inn. 4: Ja, ein fekk da gjerne noko mat mellom måla. Desutan vart det gjerne da laga betre mat enn ellers. Håndverkarar som arbeidde på gardom vart og gjenne traktert ekstra mellom dei ordinære måla. 5: Middagen. 6: Ein må vel helst seia dei hadde fleire. Dugurden var ikkje sjeldan varm mat (graut, velling, oppvarma nister), middagen alltid (undanteke spekemat) tildels og \[?kveldvord\] (graut) 7: Det var gjerne fleire dagar i veka som hadde serskilt mat. Det skifta noko frå gard til gard. 9: Kjøtt hadde ein minst 1 gong, helst fleire gonger i veka. Fisk var meire sjeldan. Men det var til dels faste silddagar. \[s. 2\] 10: Flattbrød vart faktisk nytta til alle måltider, undan- teke graut-måltider, og dei var ikkje så sjeldne. 11: Rettar til dei ymse mål frå tida 1900-1910: Måråverd: Smør, kvitost, \[?kusost\], flatbrød, tullasuppe eller surostsuppe (kokt av vatn, surost og byggmjøl) oftast kaffe. Omnsbrød. Fyrydugurd: Kaffe, 1 eller 2 skiver smørbrød. Dugurd: Flattbrødsoll – vassgraut – mjølkemat = velling og \[?\] rester eller spekemat, Krummjølk = mjølkevelling med mjølkummer i og rester. Kald graut, om vinteren gjerne med oppvarma mjølk til. Middag. Kål = kokt salt kjøtt og flesk. Spekemat. Mjølkgraut. Takkkaku = ei slags pannekake, steikt på takke. Klubb av blod, sill og poteter, blodpølse, sodd av fisk kjøtt osv. Til dei fleste mål var flattbrød med. Ein nytta slik at ein la suvl mellom 2 flattbrødstykker. Det kallast å gjera seg \[\_beta\]. 12: Fyrst og fremst at poteter og grønsaker er meire nytta, så er det meire hermetisara mat, meire miksing og blanding, som labskaus t.d. 13: Kål. Dei dagar som var kåldagar var gjerne sett fram til med glede.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste