Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Transport av høy
NEG_2_127_Ho_Vossestrand
Transkripsjon av filen #NEG_2_127_Ho_Vossestrand
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Emne 2 Oppskr av Styrkaar Myrland Fylke Hordaland Herad Vossestrand Bygdelag Myrkdalen Gard Myrland Gnr 17, bnr. 1 Opskrifta er etter eige røynsla. SVAR Pa støre og mindre gaardar brukte dei same same maaten aa driva gaarden paa. I utmarken brukte en aa slaa og det gjør en ennu, men dei ulendaste og daarlegaste slaatene vert inkje slaat i no. Husmenne hade mange slaatter før men no er her inkje husmen meir her i dalen. Da var slut med Husmenne umlag 1900 her i dalen. Dai som inkje hade hest fek laana hest, eller maate dei dra høyet heim paa kjelke. Til aa faa turhøyet til stakken eller utløa brukte ein aa kjøyra med hest eller bæra paa tau eller dra paa sloe. Til hes eller turkeplas brukte ein aa dra paa sloe eller bæra paa tau eller bendel børsvolk (repeband) har inkje vaare brukt i dalen, bæra paa tau bæra paa bendel dra paa sloe. Paa sloe kunde ein dra op til eit hestelas, begynte framme og lesset bakover for sloen matte vere tynnere bak. Bendil lages paa den maaten at ein skar ein berkerinning køyvde han i to knyte toppane i hop. Høyebøren lager paa den maaten at en tek ut tau med ein taaveld i og leg etter bakken og leg saa mange - \[s. 2\] fenger paa som ein trur ein kan bera, trer tauet igjenom haavoldæ og surrar da godt ihopp. Hjelparen staar bak og hjelper manen op med børen, tauet holdes over skulderen. Barna var alti med paa arbei um sommeren. Snorsekk har inkje vaare brukt her i dalen. Var da so brat at ein inkje kunde bruka hest brukte ein sloe eller bar da paa tau. Løypestreng er brukt lit, dan fyrste var opset omlag 1885. Trillebøren har vaare brukt til aa trilla gras til heskjane med, trillebøren var inkje til ant bruk en til gras trilling. Bauren var laga av to stenger og tverbretter, ein aksling med ei hjul paa vart set i byrsenga som er set i langstengern. Paa trillebaar var setfast ei lita grind so graset inkje skuld skulde komma fram paa hjuli, da var alti verbretter Høyet vart alti kjøyrt heim paa vinterføre fraa løena i utmarki. I høyonna brukar ein no grindaslede han er 2.70 meter lang 1.40 meter brei grindane er 2.70 meter langa. 1.40 meter breia og 1 meter høga. Forestillingane kaldes drette grindasledrette gjulsledrette kjeredrette o.s.b. Da me no bruka til aa kjøyra høy og korn paa kalla me grindaslede med eit par hjul. Hjulslede med hjul og meier for eller bak har inkje vaare brukt her i dalen. Skoning var brukt paa vintersledene inkje paa sommarsledene. Med maiaslede kjøyrd ein der so da var for brat til aa kjøyra med grindaslede. Med grindaslee kjøyrde dar da \[-inkje var forbrat aa\] dar var fram kommeleg med hjul. \[s. 3\] Til høy og korn kjøring bruktes grindaslede, grindane for og bak var set fast paa sleden, men langgrindane paa seiena dunde ein ta ifra naar ein leste av lasset. Grindasleen so han no er har vaare brukt slik sian 1890. Før var dar laaga fasta grinda. Til aa holde høyet paa lasset med bruktes tang og tau (tangband) Lasset vart lessa slik no at ein har so mykje høy opi grindasleden som ein kan pakka i han, omlag 200 Kilo. For da sista lasset var det inkje nokon regel alt vart tekje med. Lasset var festet med tau og høytang, høytonga var omlag 2 meter lang 50 sentemter bred, med et vertre i kvar ende som langstengen var festa i. Lasset vart festa med tau og høytong. Høytongaja vart lagd oppaa høye tauet vart knyt i høytongja gjek under sleden og opp i høytongja og gjyra lasset gott til. Tauet som vart brukt i høytønje var tangband, gyratau var hovold i og brikt tel \[?tvørgyring\]. Hovold til byratau er mindre og lettare en til gyratau. Høystakken vart stigl av det høyet ein hadde paa plassen antan da var mykje eller lite, da kunde vera fra 2 las opp tel ei 4 eller 5 las. Vinterlasset var altid større en sommarlasset Her i dalen vart aldrig brukt meir en ein hest for sommarlasset. Høyet som var slaat i fellesskap vart skift i lass vest dei hade hest, hade dei inkje hest vart da skift i draage. Kjelkjen som dei brukte aa dra paa var lit mindre en ein hestaslede. Høyet fra utslaatter og stølsslaatter vart altid kjørt heim paa snøfør om vinteren. \[s. 4\] Bøndene som hade utløene so ner kvarandre at dei kunde bruka same vegen kjørte alted paa same tid. Tiden som dei kjøyrde høyet heim paa for ein 50 - 60 aar sidan var i Januar og Februar. Dan som fyrst trengde høy heim fraa utslaata maatte ordna med brøytingi. Brøytingi var altid i fellesskab, var da somyikje snø at dei inkje kunde kjøyr med hest maatte dei trakk veg No er her arbeid veg so ein kan kjøyra heim høyet paa fyrste snøførne og daa vert mindor med brøyting no en førr. Høyet vart kjøyrt heim paa langsleda som da var set grinda paa, dei som inkje hade hest matte dra paa kjelke eller laana seg hest. For over 100 aar siden var her inkje bruk hjulslede til aa kjøyra høy paa om sommeren daa bruka dei tremaia slede utan skoning. Paa dei gaardar da var langt og brat og kjøyra høyet heim laga dei seg lunnaveg, han var laga av 2 meter lange trestenger som vart lagt paa tvert over veien og gravne lit neri gjorde so dei laag fast i vegen med 80 sentormeter i millom kvar lunne. Var da gaarda som laag tet samen la dei vegen etter merket og arbeide vegen i lag For da gjek so mykje lettar naar dei fek kjøyra paa lunnar.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste