Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Bordskikk til hverdags
NEG_23_7038_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_23_7038_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
I eldre tid vart maten tillaga i stova der ein og åt. No har ein kjøkken, og der et ein og for det meste. 1: Ein sat ved bordet til alle måltider. 2: Heile huslyden sat og sit no og ved same bord. 3: Alle et på same tid. 4: Alle får same mat. Det har nok helst vore slik før og. Men husbondsfolk hadde høve til å finna seg ein godbet imillom måla. Mor fortale om ein dreng som låg på stovelemmen. Før han kom ned om morgonen, fann husbonden seg flatbrød og smør i bordskuffa. Dette høyrde drengen og vart meir og meir arg. Flatbrødet vart nemleg etla (rasjonert), vanleg 1/4 leiv til kvar, og attåt det \[\_brimsupan\] om morgonen. Ein morgon husbonden ropa opp til drengen: -Du får til å nuska det opp no. -så svara drengen: -Du får no nuska deg ferdig i bordskuffa fyrst. 5: Det vanlege er at folk et på kjøkkenet. 6: Det var faste plassar ved bordet før. Husbonden sat i høgsætet, husmora sat ofte nærast høgsætet framfor bordet, slik at ho kunne gå ifrå bordet når det trengdest. Borna vart plassert innafor bordet og tenarar på framsida. No har ein også helst faste plassar ved bordet, men ein \[s. 2\] reknar ikkje lenger på noko høgsæte ved kjøkken- bordet eller at ein plass er meir vyrdeleg enn dei andre. Det er det reint praktiske som spelar inn. Det er greitt å ha sin faste plass, så ein ikkje kolliderar med nokon annan når ein skal setja seg. 8: Nei. 9: Ein brukar ikkje nemninga \[\_høgsæte\] lenger. Eg minnest mange stader hadde dei høgsæte ved øvste bordsenden - med utskorne støtter. 10: Husbonden vert vanleg sett ved øvste bordsenden, den som er lengst frå kjøkkenet, husmora ved den andre enden. 11: Før var ein nok ikkje alltid så nøgjen på det med å vaska hendene før ein gjekk til bords. Ein skola av mold og skit når ein hadde "skitna seg. Synte det ikkje serleg mykje svart på hendene, tenkte ein ikkje på vask. Dette hender nok sume stader enno. Men regelen er nok at ein no vaskar hendene før ein et. Det finst vanleg eit vaskefat ved springen på kjøkenet. Far min var streng og spurde \[-alltis\] når me kom til bords om me hadde vaska oss då me var små. Elles laut me frå bordet att. Men dette var ikkje vanleg på den tid. 12: Då eg var liten, undra eg meg over at folk i grannegardane berre hadde eit grautfat midt på bordet, kvar si skei og ei skål med mjølk som dei duppa grautskeia med grauttugga i. Litt om senn har det gått or bruk. Men ein gamal mann her som døydde 1938 bruka det slik til det siste. Ofte brukar ein no å slå mjølka på grauttallerken. Elles brukar ein nok og å drikka mjølka direkte or koppen, men eg trur det er sjeldnare. Det var \[-truleg\] ved kaffidrikking folk fekk kvar sin kopp. Det heiter også svært ofte \[\_ein kaffikopp\] om slike koppar. \[s. 3\] 13: Gryter vart ikkje sette på bordet det eg har frett. Maten vart aust opp i store treskåler. Men steikepanna vart sett på bordet når ein hadde steikt flesk eller sild eller likn. Ein sette panna på ei rist av streng Ein kunne ikkje setja steikepanna på bordet når ein hadde framande. Elles bruka ein gjerne finare koppar og dekketøy i det heile når ein hadde framande. Dette gjeld i ein viss mun enno. 14: Fisk og sild bruka ein å leggja millom flatbrød- stykke når ein åt. Ein smurde smør på eit stykke flatbrød, la fisk eller sild på og la så eit eller kanskje fleire flatbrødstykke oppå. Per Sivle nemner. \[\_fiskakling til biska\] i ein av sine Vossastubba. Det var gamalt rekna for sers god mat. (bisk = frokost) kling = flatbrød som er lagt saman med smør på. Ein bruka fiskakling til frokost og attåt kvardagsgrauten. 15:Det vert enno bruka av og til, men eg trur ikkje det vanleg vert rekna for god bordskikk. 17: Eg minnest at eg undra meg over at dei sume stader ikkje bruka gaffel då eg var liten. 18: Når karane kom til bords, tok dei opp slirekniven sin og åt men han. (Skeia hornskei stod i ei "gutt" på veggen. Den tok dei ned når dei skulle eta.) Kvinnene hadde vanleg ein bordkniv. 19: Ein hadde kvar si skei. Skeia var vanleg laga av verahorn. Vanleg stod skeiene i ei "gutt" på veggen. No er det vanlege kjøpeskeier av metall, sølvplett og av og til sølv, også stål. Dei fleste har nok bruka å vaska skeiene i dette hundreåret. Men ein mann som døydde 1938 bruka å setja skeia oppatt i "guttæ" når han var ferdig med maten - utan å vaska ho. 20: Me hadde 10 - 12 borddiskar av tre heime då eg var liten. Dei var dreia, og var omlag 15 cm i tverrmål. \[s. 4\] Desse vart bruka til sild og kjøt. Men me hadde djupe steintøytallerkar til suppe og graut. Litt om senn har folk gått over frå fellesfat til å bruka djupe tallerkar t.d. til graut. 21: Borddukar var ikkje i bruk til kvardags. Heller ikkje no er det i vanleg bruk. 22: Det er vanleg med voksduk. 23: Bestemor mi og mor mi fortalde at husmora \[\_etla\] (delte ut) flatbrød og annan mat: kjøt, fisk, smør. Mor etla kjøt, fisk og smør, men ikkje alltid, og berre til borna. Brød fekk me det me ville ha. I mor sine unge dagar fekk dei kvar sitt omnsbrød til jol (\[\_jolakaka\]) Det gøymde dei i kornbingen og hadde av det langt inn i nyåret. 26: Når borna er 6-8 år hjelper dei vanleg seg sjølv ved bordet og får då ofte forsyna seg sjølv. Vanleg er det mor som hjelper dei, men elles kan det vera eldre sysken, far eller tenestgjenta. \[Figur: Pil opp\] 25: Men og halvvaksne gutar skulle ha meir Kvinner skulle greie seg med mindre mat. 27: Ein togg til småborn. Det var vanleg. 28: Ein ber vanleg for maten - før og etter - ofte er det eit av borna som les høgt. Borna bytest om det. Eg trur at \[-mange\] sume stader der det er berre vaksne, har ein lagt bort skikken å lesa for maten. Elles les ein der det er berre vaksne, helst stilt. 29: Ein hadde lov å snakka ved bordet. Det er likeeins enno. 30: Har ikkje høyrt om det. 31: Ein skulle ikkje syngja ved bordet: Ei gamal herming: Mannen visste 'kje at kjerringa var gali for ho song ved bordet. 32: Det har vore ymse. Sume stader var dei strenge på at risa skulle venta til alle var ferdige. Andre stader gjekk ein frå bordet ettekvart som ein var ferdig. \[s. 5\] 33: Det var ikkje vanleg å segja takk for maten til kvardags. Det er heller ikkje vanleg no. Men mange stader lærer dei no borna å segja takk for maten til mor og far. Sume stader segjer alle takk for maten når dei reiser seg frå bordet. 34: Ein framand som kom inn under måltider helsa og sa: Signe maten! eller - velbekomme! 35: Ein kjende det knapt som ei plikt å by ein framand mat om han kom inn under måltidet. Det skilde seg kva mat ein hadde. Var det \[\_mat til å bjoda\] \[\_framandfolk\], fekk han gjerne \[\_setja seg innåt\]. 36: Det skil seg kor langt han har fare. Er det ein langframand, er regelen den at han skal ha mat. 37: Ein tilfellig gjest vart traktert med det beste i huset dersom han fekk mat. 38: Nei kaffien var ikkje ferdig alltid. Kjelen hekk ikkje på heile dagen. Skal ein gje kaffi til nokon, trekkjer ein ny kaffi. 39: Dei fleste tilfellige gjester får mat på kjøkkenet saman med huslyden. Dersom han vert sett i stova, skal vanleg ein eller fleire av huslyden eta saman med han. 40: Før var det vanleg at ein gjest skulle nøyast til å forsyna seg.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste